Å lese bøker betyr mykje for språkutviklinga
Barn som kan mange ord og omgrep, blir flinkare til å føre samtalar når dei begynner på skulen. Desse barna har også lettare for å lære seg å lese og skrive.
– Barnehagen er i ein unik posisjon til å jamne ut forskjellar mellom barn, meiner forskaren Åste Mjelve Hagen. Ho har funne ut kva barnehagane kan gjere for å stimulere språkutviklinga til barn.
Barn som har eit godt ordforråd i fireårsalderen, held fram med å utvikle ordforrådet sitt i høgt tempo. Dette er også vist gjennom forsking.
Barn med dårleg ordforråd slit ofte med å ta igjen det forspranget dei andre barna får. Den som strevar med språket som fireåring, vil sannsynlegvis også gjere det når hen begynner på skulen.
Boklesing har størst verdi
Åste Mjelve Hagen har forska på kva barnehagane gjer i det daglege, og på språkutviklinga til barna. Deltakarane i denne studien blei plukka ut fordi dei var blant dei 35 prosentane av barna som hadde eit svakare ordforråd. Dette var 134 barn som gjekk i 50 ulike barnehagar, fordelte på to kommunar i Noreg. Språket til barna blei kartlagt ved fire–fem års alder.
I intervju med 71 barnehagelærarar spurde Hagen om kva språkaktivitetar dei heldt på med i barnehagen. Svara ho fekk, var blant anna at dei las bøker og leika i små grupper med støtte frå ein vaksen. Ho fekk også høyre om regelmessig bruk av språkspel og trening på ordforråd. Barnehagetilsette fortalde også at dei prøvde å bruke eit meir stimulerande språk i kvardagssituasjonar. Barna som skulle begynne på skulen, hadde eigne skuleførebuande aktivitetar som inkluderte språktrening.
Etter eitt år blei språket til barna testa ein gong til. Forskaren var spent på om ho ville finne ein samanheng mellom det ho hadde blitt fortalt at dei tilsette gjorde i barnehagen, og korleis språket til barna hadde utvikla seg i løpet av dette året.
– Språket til barna vaks aller mest i dei barnehagane der dei las med og for barna kvar dag.
Dette er det mest interessante funnet frå undersøkinga, meiner Hagen.
Gir tilgang til eit rikare språk
Det å lese bøker er openbert ein god måte å stimulere språket på, konkluderer forskaren.
– Bøker gir tilgang på eit rikare språk enn det vi snakkar i daglegtalen vår. Ordforrådet til barna kan derfor bli større når vi les for dei frå bøker. Dessutan motiverer historiene i bøkene barna til å snakke. Dette gir moglegheit for såkalla dialogisk lesing, som betyr at ein har ein samtale om tema i bøkene. På den måten kan den vaksne bidra til å utvide språket til barna gjennom å lese for og med barna.
Men kvifor har det å lese frå bøker så stor effekt, samanlikna med dei andre aktivitetane som dei barnehagetilsette rapporterte om? Hagen trur det blant anna handlar om hyppigheit.
– Funna betyr ikkje at dei andre aktivitetane ikkje er viktige, men det kan rett og slett vere at barnehagetilsette ikkje gjer dei andre tinga så ofte. Når eg finn at det å lese bøker kvar dag har mest effekt, må det derfor ikkje tolkast som at det ikkje er nokon vits å halde på med andre språkaktivitetar.
Språket til barna vaks aller mest i dei barnehagane der dei las med og for barna kvar dag.
Nokre barn treng ekstra hjelp
Mange av barnehagelærarane som blei intervjua i studien, meinte at den aller viktigaste språkstimuleringa skjer i leiken.
Det er mykje rett i det, trur forskaren.
– Barnehagen kan gjere mykje for å støtte språkutviklinga til barna i leik. Men nokre barn treng også ein litt meir systematisk og intensiv språkstimulering enn det leik i barnehagen vanlegvis gir. Dessutan har forsking vist at mange av dei «stille» og språksvake barna ikkje like lett kjem inn i leik.
Barn liker lesing
Hagen seier sjølv at funnet hennar om at bøker er så viktige, ikkje er noko revolusjonerande. Mange andre forskarar har komme fram til det same.
Eit kanskje like viktig funn i studien hennar var at i berre eit fåtal av alle avdelingane ho var innom, blei barna lesne for kvar dag. Berre 20 av dei 71 barnehagelærarane Hagen intervjua, fortalde om dagleg boklesing.
– Det eg synest er det mest oppmuntrande funnet i studien min, er at det kan ha så mykje å seie for språket til barna om ein klarer å «snike inn» nokre minutt med dagleg lesing i barnehagen. I tillegg synest barna det er kjempegøy! Eg trur aldri eg har møtt eit barn som ikkje liker å bli lese for.
Litteraturhenvisninger
Hagen, Å. M. (2018). “Improving the odds: identifying language activities that support the language development of preschoolers with poorer vocabulary skills “. Scandinavian Journal of Educational Research, 62(5):649-663.