Spørsmålet om korleis ein kan jobba for å få til eit positivt læringsmiljø i barnehagar, på tvers av ulike språk og etnisitetar, er sentralt òg i Norge i dag.

Eit nytt forskingsnotat frå KSU presenterer eit systematisk kunnskapsoversyn, som samanfattar resultata frå 14 studiar som alle utforskar positive læringsmiljø i barnehagar. Studien viser til kor sentral barnehagelæraren er i dette feltet.

«Det viktigaste barnehagelæraren kan gjere for å bygge eit læringsmiljø som er positivt for barnehagegrupper som inkluderer minoritetsbarn, er å tilpasse deira eigne pedagogiske val og åtferd slik at alle barna får den kognitive og kjenslemessige støtta dei treng for å kunne bidra til å byggje eit positivt læringsmiljø,» heiter det i konklusjonen.

Les heile forskingsnotatet her:

Korleis skape eit positivt læringsmiljø i fleirkulturelle barnehagar?