La dei eldste elevane lese for dei yngste
Litterære møter på tvers av alder er ein meiningsfull aktivitet som har fordelar både for dei eldste og dei yngste, skriv Monica G. Mitchell.
«Det var ikke bare vi som gav av oss selv, de gav av seg selv, de også.»
Replikken vert sagt høgt ut i klasserommet, og kjem frå ein gut i tiande klasse. Han, saman med resten av klassen, er ferdig med å lese for førsteklassingar. Dei har sete saman to og to, ein stor og ein liten, lest bildebøker – og med det, delt ei leseoppleving
Dette er det siste lesemøtet i ei rekkje på tre, kor tiandeklassingane har lese bildebøker for elevar som går i første klasse. Før og etter kvart lesemøte har dei eldste skrive refleksjonsloggar, der dei har gitt uttrykk for deira lesemøteerfaringar og sine tankar om det dei opplevde. Dei har og delteke i samtalar om dette i klasserommet.
Kvifor skal dei eldste lese for dei yngste?
Å la dei eldste elevane lese høgt for dei yngste er ein meiningsfull aktivitiet med fleire fordelar.
Lesemøtet set den litterære opplevinga i framgrunnen
Ein slik inngang komplementerer det store fokuset på efferent lesing i skulen – lesing med formål å trekke ut informasjon, finne fakta og svar til bruk etter lesinga.
Lesemøtet er ein læringsarena
Variasjonen i alder får fram ulike måtar å møte teksten på. Den eldste er opptatt av å formidle verbalteksten, mens førsteklassingen har interessa retta mot bildet. Denne kontrasten gir i ettertid rom for læringssamtalar om kva litterær lesing eigentleg er.
Lesemøtet er litteraturundervisning på ein annleis måte
Tiandeklassingane er motiverte for oppgåva og ansvaret som følgjer med. Dei gir uttrykk for glede over oppdraget. Dette står i kontrast til rapportar som fortel om manglande motivasjon blant ungdomsskuleelevar (som Stortingsmelding 22).
Lesemøtet gir ei oppleving av å meistre
Særlig for dei eldste elevane er dette sentralt. Med ulike leseerfaringar og leseferdigheter er det å lese for ein førsteklassing ein trygg arena å øve seg på. Lesemøtet har i så måte eit livsmeistringsperspektiv.
Lesemøtet inviterer til eit møte mellom ulike perspektiv
Å lese for elevar som er så pass mykje yngre og oppleve deira møte med teksten, for så å samanlikne med sitt eige, kan utvikle innsikt i eiga og den andre si forståing av verda. Lesemøtet har på den måten også eit danningssperspektiv.
Eit dialogisk lesemøte, med rom for begge
Replikken over viser at den eldste opplevde at han investerte energi og gjorde ein innsats i lesemøtet. Og ved å bruke omgrepet vi, inkluderer han også resten av klassen i denne opplevinga. Fleire av medelevane nikkar og stadfestar dette.
Sitatet fortel samtidig at førsteklassingane blei opplevde som viktige bidragsytarar. Lesemøtet var eit dialogisk lesemøte med rom for begge. Ein gut i tiande seier det som dette: «Han fant jo på veldig mye ting som kunne ha skjedd på en annen måte, mens jeg tenkte, han kunne jo har gjort det på den og den måten likesom, som er realiteten. Han kom på sånne ting som egentlig ikke er mulig».
For mens den eldste las høgt, formidla teksten, forklarte ord og samanhengar og la til rette for at førsteklassingen skulle leve seg inn i teksten, tilførte førsteklassingen ein ytterlegare estetisk dimensjon til lesemøtet. Han bidrog med det leikne og det utforskande perspektivet – det å stoppe opp i lesinga og bore i detaljar, leike med bildet og fabulere.
Verdien av lesemøtet finn ein verken i den eldste eller den yngste si oppleving åleine, men i formidlinga og i møtet mellom dei begge.
Litteraturhenvisninger
Mitchell, M.G. 2018. Lesemøtet som arena for utvikling av litterær kompetanse. Elever på tiende trinn leser for elever på første trinn. Doktorgradsavhandling. Stavanger: Universitetet i Stavanger