Personalet i mange barnehagar er usikre på korleis dei kan støtte dei sosiale ferdigheitene til barna i leik.

– Personalet er opptekne av at dei ikkje skal forstyrre leiken. Derfor blir det til at mange stiller seg passive.

– Men då kan dei òg miste moglegheita til å lære barna noko, seier Karolina Fredriksson.

Forskaren ved Skolinspektionen i Sverige og to kollegaer har no samla kunnskap frå 15 studiar i ulike land. Ut frå desse studiane kjem dei med nokre konkrete råd om kva personalet kan gjere.

Tek leiarskap

Barnehagetilsette nyttar seg av mange ulike måtar å stimulere dei sosiale ferdigheitene til barna på i leiken, fann forskarane.

Dei såg døme på både leik som dei vaksne tek initiativ til, og leik som barna sjølve initierer. I begge tilfella finn forskarane at barnehagepersonalet ofte tek leiarskap. Personalet prøver bevisst å stimulere sosiale sider ved barna. Men fleire studiar viser at dette særleg skjer ved leik som dei tilsette har teke initiativet til.

Dei vaksne legg til rette for leik

Forskarane beskriv korleis personalet skaper føresetnader for leiken til barna. Mellom anna gjennom å gi barna tid til å leike, planleggje leiken og utvikle rammer og reglar for han.

I éin studie ser forskarane at dei tilsette i barnehagen legg til rette for at barna kan byggje ei hytte. Det gjer dei tilsette ved å skaffe materialar til bygget.

Under hyttebygginga skjer det mykje sosialt samspel mellom barna. Dei snakkar om korleis dei skal byggje for at hytta skal bli stabil, og korleis dei skal innreie ho.

Om personalet stiller seg passive til leiken, kan dei miste moglegheita til å lære barna noko.

Må setje av tid til leik

Fredriksson understrekar kor viktig det er at personalet gir barna tid til leik. Slik kan nemleg leiken utviklast.

I ein av studiane viser forskarane fram eit døme på at dei tilsette gir barna massevis av tid til ein leik som held fram i fleire veker. Fleire og fleire barn blir med. Til slutt deltek alle barna på avdelinga i denne leiken. Det fører til at også barn som aldri tidlegare har leika saman, no gjer det.

Leiken startar med at nokre barn leikar at dei reddar babyar frå ein fare. Dei ber dokker frå eit trygt dokkehjørne og opp til loftet.

Dei tilsette bestemmer seg for å følgje leiken til barna og sjå korleis han utviklar seg. Det gir dei moglegheit til å utvikle eit manus for leiken. Dei tilsette foreslår ulike ting som kan skje. Slik blir handlinga meir kompleks.

Ein tilsett blir heks

Leiken utviklar seg dramatisk då eit barn held ei dokke over rekkverket på loftet og roper: «Dette er ein nødssituasjon!» Seinare blir babyen redda og trøysta. I fortsetjinga kjem det ein skurk som skal stele babyar. Skurken blir etter kvart til ei heks. Barna legg seg ned på golvet for å verne babyane, og dei lèt som om dei søv. Skurken tek då alle babyane og ber dei til ein annan stad.

– I studiane ser vi at barn ofte vil at vaksne skal vere med og leike. Dei vil gjerne at dei vaksne skal ta ei rolle som ingen av barna vil ha sjølve. I leiken med dokkene ville ingen av barna vere skurken. Då får ein av dei tilsette tilbod om å ta den rolla. Når den vaksne kjem inn som skurk, utviklar leiken seg vidare. Då kjem også fleire barn med og leikar, fortel Fredriksson.

Vaksne bør ikkje styre for mykje

Arbeidsmåtane til barnehagen er noko heilt anna enn i skulen, meiner Karolina Fredriksson. Dei vaksne i barnehagen må sjå, lytte og vere lydhøyre for barna og tilpasse arbeidsmåtane ut frå behova deira, foreslår ho.

Når dei vaksne går inn i leiken til barna, er det viktig at dei er lydhøyre for barna sine behov, slik dei vaksne var i leiken med dokkene. Studiane Fredriksson og kollegaene hennar har granska, viser også døme på situasjonar i leik der dei vaksne ikkje er så lydhøyre. Då blir ikkje leiken så bra, fordi dei vaksne styrer og planlegg for mykje.

Omgrepet fri leik har blitt brukt for å seie at barn skal få vere frie og leike som dei vil, og kva dei vil.

I den svenske læreplanen for barnehagane står det at barna skal få høve både til leik som dei sjølve tek initiativet til, og til leik som tilsette introduserer. Alle barn skal få moglegheit til å vere med på leik ut frå sine eigne føresetnader og evner. Gjennom eit aktivt nærvære er det mogleg å støtte kommunikasjonen mellom barn og dessutan førebyggje og handtere konfliktar, står det blant anna.

Ein leik må vere morosam

Når vaksne tek initiativ til ein leik, må dei hugse kva som kjenneteiknar ein leik, nemleg at han må vere frivillig, og at han skal vere morosam. Leiken bør liggje nær interessene til barna og det dei vil leike, meiner Fredriksson og forskarkollegaene hennar.

Ingrid Engdal er ein annan av forskarane bak denne samlestudien om leiken til barn. Du kan høyre ho fortelje meir i podkasten Skolforskningspodden og episoden «Lek och undervisning i förskolan».

– Barns leik er veldig viktig. Derfor tek også FNs barnekonvensjon opp at barn har rett til å leike.

– Gjennom leik utviklar barnet både dei sosiale, motoriske, kognitive og emosjonelle ferdigheitene sine. Barn blir på sitt beste når dei leikar, seier ho i podkasten.

Litteraturhenvisninger

Fredriksson, K., Ekström, L., Hafsteinsdóttir, E., Bergman, E., Bergman, M., Engdahl, I., Sandberg, A., Lagerlöf, P. & Tullgren, C. (2019). “Att genom lek stödja och stimulera barns sociala förmågor – undervisning i förskolan”. Skolforskningsinstitutets systematiska översikter.