Språkvanar og syn på fleirspråklegheit
Alle norske ungdommar er fleirspråklege. Ungspråk-prosjektet har undersøkt norske ungdomsskoleelevar sine språkvanar, tankar og meiningar kring det å kunne fleire språk.
Det finst mange ulike forståingar av kva fleirspråklegheit er (Haukås, 2022), men ifølgje Europarådet (2001) er du fleirspråkleg om du kan eitt eller fleire språk eller varietetar i tillegg til morsmålet/førstespråket ditt. Kunnskapane i dei ulike språka kan variere og endrar seg ofte over tid. I tråd med denne definisjonen er så godt som alle nordmenn fleirspråklege. Ungdomsskoleelevane våre møter for eksempel fleire språk berre i løpet av ei vanleg skoleveke. Dei har norsk (nynorsk og bokmål) og engelsk i klasserommet, og desse språka nyttar dei som regel også på fritida. Fleirtalet (ca. 74 %) lærer dessutan eit andre framandspråk. I tillegg kjem stadig fleire elevar til skolen med kunnskapar i ytterlegare språk fordi dei kommuniserer på andre språk enn norsk med familien. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (2022) er 18,9 % av befolkninga innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. Det språklege mangfaldet stoppar ikkje der: Samiske språk er første eller andrespråk i fleire område, og norsk teiknspråk, kvensk, romani og romanes skal vere likeverdige med norsk (Språklova, 2022). For ikkje å snakke om at vi gladeleg snakkar dialekt både i offentlege og private samanhengar. Dette fleirspråklege paradiset i og utanfor skolen skulle vere eit godt utgangspunkt for å skape språkbevisste elevar som kan «få erfare at det å kunne fleire språk er ein ressurs i skolen og i samfunnet» (Kunnskapsdepartementet KD, 2017, s. 5).
Fleirspråklegheit som ressurs
Til liks med den positive innstillinga til fleirspråklegheit i Læreplanverket finst det mykje forsking som viser at å kunne fleire språk kan ha ulike fordelar. Forskarar har blant anna dokumentert at folk som kan fleire språk, er meir kognitivt fleksible, kan konsentrere seg lenger, skårar høgare på intelligenstestar og blir seinare demente enn dei som ikkje er fleirspråklege. Kanskje meir interessant for språklæring i skolen er at elevar som kan og lærer fleire språk, utviklar eit betre språkleg medvit som dei kan dra nytte av både til å lære nye språk meir effektivt og til å auke forståinga for dei språka dei allereie kan. Dermed kan det for eksempel vere ein fordel for forståinga av nynorsk og bokmål at elevane lærer spansk eller tysk. Etter kvart som fleirspråklege lærer seg nye språk, blir dei dessutan ofte også meir bevisste på kva for språklæringsstrategiar som fungerer best for dei. Ikkje minst kan innsikt i fleire språk gi innsyn i ulike kulturar og tenkjemåtar og slik bidra til auka toleranse for mangfald (for ei litteraturoversikt kring ulike fordelar, sjå Haukås mfl., 2022).
Sjølv om den overordna delen av læreplanverket (KD, 2017), dei ulike læreplanane i språkfaga og forskinga legg vekt på at fleirspråklegheit er ein ressurs, er det ikkje ein automatikk i at elevar tileignar seg desse fordelane berre dei lærer seg fleire språk. Det er for eksempel ein tendens til at berre menneske med innvandringsbakgrunn blir omtala og sett på som fleirspråklege. Dette er uheldig, for då blir det å vere fleirspråkleg noko eit mindretal av befolkninga er, og gjerne omtala i problemorienterte vendingar (Haukås, 2022; Vikøy & Haukås, 2021). Ved å inkludere alle elevane i å utforske eigen og andre sin fleirspråklegheit i og på tvers av språkfaga blir det å vere fleirspråkleg derimot normalisert og noko kvar enkelt kan identifisere seg med. Alle elevane i skolen må difor få rikelege sjansar til å bli bevisste på eiga fleirspråklegheit og reflektere over og prøve ut korleis kunnskapar i fleire språk kan vere ein ressurs for dei. Lærarar har ei nøkkelrolle i denne prosessen, men mange lærarar meiner at dei kan for lite om fleirspråklegheit og korleis dei kan dra nytte av heile språkrepertoaret til elevane i undervisninga (Haukås, 2016).
Eit godt utgangspunkt for å utvikle det språklege repertoaret til elevane i og på tvers av språk og støtte dei i å utvikle ein fleirspråkleg identitet er å kartlegge kva for språk elevane i klassen og elevane på skolen kan og brukar, og kva for haldningar dei har til språk og språklæring. I Ungspråkprosjektet ville vi (stipendiatane André Storto, Irina Tiurikova og professor Åsta Haukås) lære meir om norske skoleelevar sine erfaringar med og haldningar til språk. Vi utvikla difor ei elektronisk spørjeundersøking tilpassa elevar på ungdomstrinnet (Haukås mfl., 2021). Til saman deltok 593 åttandeklassingar ved sju skolar i prosjektet. Undersøkinga har tre delar og er fritt tilgjengeleg for lærarar og andre interesserte. Her presenterer vi nokre hovudfunn frå undersøkinga.
Eg kan mange språk!
I Ungspråk ville vi vite kva for haldningar og praksisar elevane hadde til språkfaga i skolen, men vi spurde dei også følgjande: «Kan du andre språk? Vi vil nå at du lister opp alle andre språk du kan. Her kan du ta med språk du snakker med familien din, andre språk du lærer eller har lært i skolen, og andre språk du kjenner til av ulike grunner. Det spiller ingen rolle hvor godt du kan disse språkene!» Svara gav oss interessant informasjon om kva elevane oppfattar som eit språk, og ei oversikt over kva for språk og kor mange språk elevane meiner at dei kan.
Tabell 1 viser at berre 19 av dei 593 elevane meinte dei kunne berre to språk. Ein tredel meinte dei kunne tre språk, og svært mange hevda dei kunne både fire, fem og fleire språk.
Tabell 1: Talet på språk elevar meiner dei kan.
Så mange språk kan jeg |
Elever (n) |
2 |
19 |
3 |
196 |
4 |
125 |
5 |
114 |
≥ 6 |
139 |
Totalt |
593 |
I tillegg til språka elevane lærte på skolen (norsk, engelsk, fransk/spansk/ tysk), hadde rundt 10 % av elevane anna heimespråk enn norsk. Nokre av dei mest vanlege heimespråka var polsk, arabisk og tysk. Svært mange elevar lista også opp at dei kunne dansk og svensk. Vi såg dessutan at mange elevar hadde eit fleksibelt syn på kva det vil seie å kunne eit språk. Dei inkluderte språk dei forstår, men truleg ikkje snakkar (dansk og svensk), og enkelte såg på regionale varietetar som språk (for eksempel ålesundsk, stril og austlandsk). Ein god del nemnde også språk dei kunne enkeltord og frasar i, som at dei kunne japansk fordi dei nytta ord og frasar på karatetreninga. Dessutan inkluderte enkelte andre typar «språk», for eksempel programmeringsspråk og kroppsspråk. Medan den tradisjonelle språkundervisninga ofte held seg til nasjonalspråka og tradisjonelle grammatikkar, ser vi altså at mange elevar har ei utvida forståing av kva språk er.
Ikkje overraskande var norsk og engelsk dei mest brukte språka, med engelsk nytta litt oftare enn norsk på nettet og når elevane lytta til musikk eller såg filmar eller seriar. Dessutan svara halvparten av elevane at dei også brukte engelsk saman med venner, noko som viser den viktige statusen engelsk har som kommunikasjonsverktøy for dei unge. Eit overraskande funn var at fransk og spanskelevar langt oftare enn tyskelevane oppsøkjer musikk, filmar og nettsider på målspråket enn tyskelevane. Kvifor det er slik, veit vi ikkje, men ein kan spekulere på om fransk og spanskspråkleg kultur blir framstilt som meir interessant for ungdom enn den tyskspråklege. Eit anna overraskande funn var at tysk og spansk var blant språka svært mange elevar lista opp at dei hadde i språkrepertoaret sitt, sjølv om desse språka verken var morsmål eller skolefag for desse elevane.
Funna frå denne delen av prosjektet gir gode utgangspunkt for å diskutere med elevane kva språk er, kva som skil eit språk frå eit anna, og kven som bestemmer kva for språk som tel. Dei gir også eit godt grunnlag for å diskutere kva som skal til for å seie at ein kan eit språk.
Fordelar ved å vere fleirspråkleg
I den andre delen av Ungspråk blei elevane bedne om å ta stilling til ulike påstandar knytte til om språkmektige folk har fordelar samanlikna med dei som ikkje kan mange språk. Dei skulle svare på ein skala frå 1 til 5 der 1 er «heilt ueinig» og 5 er «heilt einig». Vi forma påstandane ut frå tidlegare forsking om fordelar med å vere fleirspråkleg (for fleire detaljar, sjå Haukås mfl., 2021, 2022). Tabellen viser snittskåren for dei ulike påstandane.
Tabell 2: Elevmeiningar om fleirspråklege fordelar
|
Gjennomsnitt |
Folk som kan mange språk, tjener vanligvis mer penger enn andre |
2,55 |
Folk som kan flere språk, er vanligvis smartere enn andre |
2,64 |
Folk som kan mange språk, er vanligvis mer kreative enn andre |
2,69 |
Å kunne mange språk hjelper deg til å forstå andres følelser bedre |
2,97 |
Å kunne mange språk gjør deg bedre i andre skolefag |
3,12 |
Å lære nye språk hjelper deg til å forstå bedre språkene du allerede kan |
3,47 |
Jo flere språk du kan, desto lettere er det å lære nye språk |
3,72 |
Å kunne mange språk hjelper deg til å forstå ting på forskjellige måter |
3,75 |
Vi ser at elevane var skeptiske til at fleirspråklege har kognitive og økonomiske fordelar (rikare, smartare, meir kreative). Det er derimot interessant at dei hadde større tru på at det å kunne fleire språk kan gjere deg til ein betre språkinnlærar, og at det kan gi ei betre forståing av språka ein allereie kan. I tillegg såg dei verdien i kunne fleire språk for å kunne forstå andre menneske betre. Desse haldningane er i tråd med måla i læreplanar i språk, blant anna læreplanen i framandspråk, som slår fast at «Kunnskap om språk og utforsking av eiga språklæring gjer elevane betre i stand til å lære og forstå språk i eit livslangt perspektiv» (KD, 2019, s. 3).
Når vi undersøkte kva for elevar som hadde det mest positive synet på å vere fleirspråkleg, fann vi at elevar som hadde budd i utlandet, dei som ikkje hadde norsk som heimespråk, og elevar som hadde venner med andre heimespråk enn norsk, var mest positive til dei fleirspråklege fordelane. Undersøkinga gir ikkje svar på kvifor desse elevane var meir positive. Ei mogleg forklaring kan vere at dei har opplevd at dei sjølve eller vennene har hatt direkte fordelar av å kunne fleire språk, anten det var utanlands eller det å kunne kommunisere med og forstå andre.
At såpass mange er skeptiske til fleirspråklege fordelar, kan tyde på at elevane ikkje har reflektert nok over kva fordelar fleirspråklegheit kan føre med seg. Ein interessant studie frå England viste at undervisningsøkter der elevane fekk lære om ulike fordelar med å vere fleirspråkleg, hadde positiv effekt på motivasjonen til elevane samanlikna med elevgrupper som ikkje fekk ei slik undervisning (Lanvers mfl., 2019). Ei anna moglegheit til å oppleve at det å vere fleirspråkleg er ein ressurs, er å invitere folk med ulike språkbakgrunnar til skolen, både digitalt og fysisk, og la dei kommunisere med elevane. Elevane får slik autentisk øving i å bruke språk for å forstå og gjere seg forstått. I tillegg kan dei få fleire perspektiv på kva fleirspråklegheit er, og kva moglegheiter det gir.
Opne og tolerante for andre sine meiningar
Eit sentralt mål for opplæringa er at «elevane skal få innsikt i korleis vi lever saman med ulike perspektiv, haldningar og syn på livet» (KD, 2017, s. 5). Språkfaga er heilt sentrale i å oppnå dette målet, då innsikt i språk, litteratur og kulturar gir elevane rikelege sjansar til å oppleve mangfald og at det finst ulike verdisyn og levemåtar blant menneske som lever både innanfor og utanfor landegrensene. Då kultur er eit omgrep som lett kan setje folk i bås og redusere dei til å tilhøyre berre ei gruppe (samane, austlendingane, tyskarane, «sydenfolket»), bad vi elevane ta stilling til påstandar knytte til kor opne dei er for nye tankar, meiningar og venskap, for eksempel «Jeg liker å bli kjent med nye folk», «Det hadde vært bedre om alle i Norge hadde de samme meningene» og «Jeg prøver å bli kjent med folk som er forskjellige fra meg».
Dataanalysen viste at elevane jamt over var både opne og tolerante for andre sine perspektiv og meiningar, og dei fleste likte både å snakke med og få nye venner med andre meiningar og verdisyn enn dei sjølve (Tiurikova mfl., 2021). Det var særleg interessant at elevar som hadde valt framandspråk på ungdomstrinnet, dei som hadde venner med andre heimespråk enn norsk, og dei som identifiserte seg som fleirspråklege, var meir opne enn elevar som ikkje hadde framandspråk eller venner med andre heimespråk enn norsk. Sjølv om vi ikkje kan vite grunnane til denne skilnaden, kan ein spekulere på om ein blir meir open for andre, eller meir interkulturelt kompetent, ved å lære seg eit nytt språk og å vere i lag med venner som har andre livssyn og tenkjemåtar enn ein sjølv. I så fall passar det fint med påstanden i læreplanen for framandspråk om at «Kunnskap om og ei utforskande tilnærming til andre språk, kulturar, levesett og tenkemåtar opnar for nye perspektiv på verda og oss sjølve» (KD, 2019, s. 3).
Er du fleirspråkleg?
I siste delen av undersøkinga bad vi elevane definere kva det vil seie å vere fleirspråkleg, ved å fullføre setninga «Å være flerspråklig betyr…». Deretter skulle dei svare på spørsmålet «Er DU flerspråklig?» og grunngi svaret. Analysen viste at elevane hadde ulike forståingar av kva det vil seie å vere fleirspråkleg. Dei fleste meinte likevel at det betyr å kunne meir enn eitt eller to språk, eller å kunne snakke meir enn eitt eller to språk. Svært få knytte det å vere fleirspråkleg til det å ha innvandringsbakgrunn eller å vere utanlandsk ved til dømes å gi grunnar som «Jeg er ikke flerspråklig, fordi jeg er norsk. Og da mener jeg 100 %». Heile 67 % stadfesta at dei ser på seg sjølve som fleirspråklege. Medan 9 % meinte dei ikkje er det, særleg fordi dei meinte dei ikkje kunne nok språk, var 23 % usikre. Hovudgrunnen til at mange var usikre, var at dei ikkje visste kor mange språk ein må kunne for å vere fleirspråkleg, eller at dei ikkje forstod kva ordet betydde (Haukås, 2022). At såpass mange er usikre på eller ikkje meiner dei er fleirspråklege, viser at det er behov for eit fleirspråkleg identitetsarbeid i skolen for å trygge elevane på at dei faktisk er fleirspråklege alle saman, kvar med sine eigne unike språkerfaringar og repertoar.
Ungspråk i eiga undervisning Elevar på ungdomstrinnet er rike på språk, men dei er ikkje alltid bevisste på at dei er det. Ungspråkundersøkinga har vist oss at dei fleste elevane meiner dei er fleirspråklege, og at dei kan fleire språk. Dei har også trua på at det å kunne fleire språk er gunstig for eiga språklæring, medan dei er skeptiske til andre fleirspråklege fordelar. Ungspråkundersøkinga kan vere eit godt utgangspunkt for lærarar i språkfaga for å bevisstgjere elevane om eiga fleirspråklegheit og eigne språkvanar. Ved å la dei svare på undersøkinga og utforske og diskutere svara saman med medelevar og lærarar kan dette bidra til ei auka bevisstgjering kring verdien av språk og språklæring, både språka ein lærer på skolen, og dei ein lærer seg på andre måtar. Storto (2022) gir eksempel på korleis vi let elevane utforske delar av datamaterialet til å reflektere over fleirspråklegheit hos seg sjølv og andre. Ei slik utforsking kan gjerne gjerast som eit tverrfagleg prosjekt. Språklærarar seier at dei sjeldan eller aldri samarbeider med lærarar i andre språkfag (Haukås, 2016). Ei felles tilnærming til elevane sin språklege identitet og elevane si språklæring kunne gi gode gevinstar for både motivasjonen og læringsutbytet til elevane.
Litteraturhenvisninger
Europarådet. (2001). Common European Framework of Reference for Languages – Learning, teaching, assessment. Norsk omsetting: Utdanningsdirektoratet. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeverk/rammeverk-for-sprak/
Haukås, Å. (2022). Who Are the Multilinguals? Pupils’ Definitions, Self-Perceptions and the Public Debate. I: W. Ayres-Bennett og L. Fisher (Red.), Multilingualism and Identity: Interdisciplinary Perspectives (Cambridge Education Research, s. 281−298). Cambridge: Cambridge University Press. https://doi:10.1017/9781108780469.014
Haukås, Å., Storto, A. & Tiurikova, I. (2022). School students’ beliefs about the benefits of multilingualism. Journal of Multilingual and Multicultural Development, 1−14. https://doi.org/10.1080/01434632.2022.2075001
Haukås, Å., Storto, A. & Tiurikova, I. (2021). Developing and validating a questionnaire on young learners’ multilingualism and multilingual identity. The Language Learning Journal, 49(4), 404−419. https://doi.org/10.1080/09571736.2021.1915367
Haukås, Å. (2016). Teachers’ beliefs about multilingualism and a multilingual pedagogical approach. International Journal of Multilingualism, 13(1), 1−18. https://doi.org/10.1080/14790718.2015.1041960
Kunnskapsdepartementet (KD). (2019). Læreplan i framandspråk. https://data.udir.no/kl06/v201906/laereplaner-lk20/FSP01-02.pdf?lang=nno
Kunnskapsdepartementet (KD). (2017). Læreplanverket. Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa. https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/?lang=nno
Lanvers, U., Hultgren, K. & Gayton, A.M. (2019). ‘People can be smarter with two languages’: changing anglophone students’ attitudes to language learning through teaching linguistics. The Language Learning Journal, 47(1), 88−104.
Språklova. (2022). Lov om språk (LOV-2021-05-21-42). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2021-05-21-42
Statistisk sentralbyrå. (2022). Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre (ssb.no)
Storto, A. (2022). ‘To be multilingual means…’: exploring a participatory approach to multilingual identity with schoolchildren. International Journal of Multilingualism, 1−21. https://doi.org/10.1080/14790718.2022.2082441
Tiurikova, I., Haukås, Å. & Storto, Å. (2021). The Link Between Multilingualism, Language Learning and Open-Mindedness in Secondary School Students in Norway. Nordic Journal of Language Teaching and Learning 9(2), 1–24. https://doi.org/10.46364/njltl.v9i2.945
Vikøy, A. & Haukås, Å. (2021). Norwegian L1 teachers’ beliefs about a multilingual approach in increasingly diverse classrooms. International Journal of Multilingualism, 1−20. https://doi.org/10.1080/14790718.2021.1961779