Dykkar inn i implementeringa av undervisningsopplegget ROBUST
I si doktorgrad undersøkjer Jeanette Halvorsen om undervisningsopplegget ROBUST har vorte implementert som planlagt. – Dette er med på å danne eit bilete av om elevane får det betre med seg sjølv på skulen som følgje av dette opplegget, seier ho.
Stipendiat Jeanette Halvorsen er i full gong med sitt doktorgradsprosjekt. Ho bur til vanleg i hovudstaden, men pendlar regelmessig til Stavanger. Ho er ein av til saman 19 stipendiatar som no er i gong med sine doktorgradsprosjekt ved Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger. Nyleg fekk ho også publisert sin første vitskaplege artikkel i tidsskriftet Educational Research.
Kan undervisningsopplegg fremje trivsel og mental helse?
Doktorgradsprosjektet hennar er ein del av forskingsprosjektet Resilient, som har som mål å undersøke korleis undervisingsopplegget ROBUST fremjar trivsel, psykisk helse og motivasjon blant elevane i ungdomsskulen. Dette gjerast ved å støtte opp om elevane si sosiale og emosjonelle utvikling. ROBUST har vorte implementert i alle klassane som deltek i intervensjonsgruppa og det ligg no spanande resultat som forskingsgruppa no jobbar på spreng med å analysere. Prosjektet skal etter planen verte avslutta sommaren 2024.
– Mitt bidrag i dette er at eg dykkar inn i implementeringa av undervisningsopplegget ROBUST, som då er intervensjonen i Resilient. Eg evaluerer implementeringsprosessen, det vil seie at eg ser på om ROBUST har vorte implementert som planlagt. Då ser eg på det som kallast «fidelity», eller fidelitet på norsk. I tillegg til dose, altså kor mykje av det som er planlagt i ROBUST som vert gjennomført i tillegg om ROBUST vert gjennomført med høg kvalitet.
Stipendiaten ser også nærare på leveringa av opplæringa for lærarane som skal undervise i ROBUST i sine klasserom, og leveringa av ROBUST frå lærarane til elevane.
– På denne måten kan vi danne oss eit bilete av kva vi kan vente oss av resultat – rett og slett sjå om elevane får det betre med seg sjølv på skulen som følgje av undervisinga i ROBUST, seier Halvorsen.
– Dette er nybrotsarbeid
Rettleiaren hennar, professor Sigrun Ertesvåg, meiner denne studien er unik ettersom ein her studerer kvaliteten i implementeringa av læraropplæringa som ein føresetnad om at lærarane skal kunne implementere undervisningsopplegget med høg «fidelity» i klasserommet. I denne studien har Jeanette dykka ned i kva som skjer og korleis dette kan påverke utbytet for lærarar og elevar, noko Ertesvåg finn svært interessant.
– God opplæring av lærarane er viktig for å ruste dei for jobben med å implementere ROBUST i klasseromma sine. Å studere læraropplæringa er ikkje vanleg i SEL-intervensjonar og difor er dette eit nybrotsarbeid Jeanette gjer her. Det å forstå meir av kva som er viktig for å ruste lærarane best mogleg til jobben dei skal gjere i klasserommet er viktig for å få best mogleg utbytte av ROBUST, seier Ertesvåg.
– Meir aktuelt enn nokon gong
Stipendiaten synes det er eit spanande forskingsprosjekt å få vere ein del av, og synes denne forskinga er viktig. Når det gjeld eiga forsking og den nye artikkelen ho er aktuell med, så meiner ho at denne forskinga gjev eit unikt innblikk i korleis implementeringa av den sosiale og emosjonelle lærings-intervensjonen ROBUST faktisk har føregått i praktisk.
– Fokus på barn og unge si sosiale og emosjonelle læring er meir aktuelt enn nokon gong. Denne artikkelen ser på lærarane si oppleving av å nytte seg av eit innovativt verktøy, i form av ei sjekkliste gjennomført med hjelp av ein web-basert applikasjon. Denne nyttar dei til å registrere informasjon om gjennomføringa av undervisninga, og om dei har gjennomført undervisinga som planlagt – at dei har sokalla «fidelity» eller «fidelitet» til implementeringa av intervensjonen, seier ho.
Må vere kunnskaps- og forskingsbasert
For å få den effekten av ROBUST som er ynskjeleg, altså at ein klarar å styrke elevar si sosiale og emosjonelle læring, må intervensjonen vere kunnskaps- og forskingsbasert, forklarar stipendiaten vidare.
– Lærarane sine registreringar i dette verktøyet gjev oss eit solid grunnlag for å vurdere om ROBUST har vorte formidla til elevane slik det var planlagt, som igjen bidreg til å gje oss viktig kunnskap om effektane av ROBUST hos elevane, seier ho.
Ved å samle informasjon om lærarane sine opplevingar av å nytte seg av det innovative verktøyet, kan forskarane forstå kvifor resultata av implementeringa vert som dei vert. Stipendiaten meiner denne forskinga skil seg ut ved at lærarane sjølv fortel om korleis dette innovative verktøyet har vorte opplevd når dei har nytta det i sine hektiske kvardagar som lærarar.
– Dei fortel at verktøyet vert opplevd som nyttig, brukarvennleg og effektivt. Lærarane fortel at dei kjente att designet frå undervisningsmaterialet som vart nytta i ROBUST, som gjorde det lettare å finne fram i appen. Samstundes hadde lærarane føreslag til korleis appen kunne verte betre slik at den også vart opplevd som meir brukarvennleg i vidare forsking. Eit slikt verktøy kan effektivisere innsamlinga av fidelitetsdata frå praksisfeltet i framtidige forskingsprosjekt med fokus på implementering og implementeringsprosessar på tvers av fagfelt, seier ho.