Episode 24: Skulen sitt første møte med elevar og føresette
I desse dagar er det mange 5-6-åringar som vitjar skulen dei skal byrje på i haust. Dei er sjølvsagt spente på kva skulen eigentleg er, og kva det å byrje på skulen faktisk inneber. Men det er ikkje berre borna som skal byrje på skulen til hausten som er spente.
Det er mange føresette omkring heile landet som for tida går rundt med sommarfuglar i magen for det som snart skal skje. Korleis bør eigentleg elevar og føresette sitt første møte med skulen vere? Og kva skal til for at dette første møtet vert godt? Kva rolle kan føresette ha med tanke på det som føregår i skulen? Og på kva måte kan dei føresette vere ein ressurs for skulen?
Desse spørsmåla med meir er oppe til diskusjon i denne gode og lange podkast-episoden, som handlar om «den gode starten» med programleiar Maria Gilje Strand i samtale med Guttorm Helgøy og André Baraldsnes. Denne episoden kan vere av interesse både for deg som jobbar i skulen, eller for deg som har ein skulestartar i heimen. I denne episoden tek deltakarane seg tid til å verkeleg gå i djupna på temaet, så i denne episoden kan du vente deg ein del engasjement og mange (forhåpentlegvis) kloke tankar kring dette viktige temaet.
Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten:
- Korleis ser den «gode starten» ut?
- Kvifor er det viktig at elevar og føresette sitt første møte med skulen vert eit godt eit?
- Korleis dei føresette kan vere ein ressurs i det førebyggande arbeidet
- Viktigheita av eit godt samarbeid mellom skule-heim