Meir leik i småskulen har gjeve gode resultat
Eit auka læringsutbytte og færre åtferdsutfordringar hjå elevane samt eit betre klassemiljø. Dette kan vere nokre av fordelane ved å nytte «lekbasert læring» i småtrinna i skulen.
Det har gått 10 år sidan «lekbasert læring» såg lyset for første gong. I byrjinga møtte opplegget kritikk. No har fleire barnehagar og skular testa det ut i praksis, og kan melde om gode resultat. Fleire og fleire har også ynskja å kjøpe boka «Lekbasert læring», og difor vil boka no kome i ny drakt i løpet av denne månaden.
Kjem ut i ny utgåve
Ressursboka har vorte revidert og fått namnet «Lekbasert læring – ressursbok for barnehage, skole og SFO», og vert utgjeve av forlaget Cappelen Damm Akademisk.
– Det er kjempekjekt at det har vore så stor interesse for Lekbasert læring i både barnehagar og skular kring heile landet, seier professor Ingunn Størksen ved Læringsmiljøsenteret, UiS.
Saman med barnehagelærarar samt andre tilsette ved Læringsmiljøsenteret, har Størksen stått i bresjen og vore «primus motor» for å utvikle Lekbasert læring.
Har forska lenge på temaet
Størksen og kollegaene hennar ved Læringsmiljøsenteret har forska på tidleg læring og lekbasert læring i tre store NFR-prosjekt sidan 2011, og har mykje kunnskap om temaet.
– Teori og forsking om lekbasert læring fremjar to formar for leik som særleg viktige – og det er fri leik og rettleia, eller «veiledet» leik.
Professor Ingunn Størksen
– Vi veit mykje om dette temaet no – blant anna at læring i barnehagealder er utruleg viktig for seinare læring på skulen. Det finn vi i eiga forsking og i internasjonal forsking, seier Størksen.
Andre funn frå prosjekta ho har vore med å leia, syner at barn frå utsette familiar syner svakare læring enn andre barn – heilt frå barnehagealder, og at dei difor treng meir stimulering. Samstundes seier teori og forsking at små barn ikkje bør utsetjast for instruksjonslæring i denne alderen. Dermed kan lekbasert læring vere ei god løysing. Lekbasert læring går kort sagt ut på at barn vert stimulerte gjennom fri eller rettleia lek.
– Funn frå forskinga syner at barn som har gått i barnehagar med «lekbasert læring» syner sterkare læring enn barn i andre barnehagar, og at dette held fram i skulen. Det var særleg sårbare gutar som trong denne stimuleringa, seier Størksen.
Gode erfaringar i Gjesdal
Professoren fortel at ho har blitt informert om at det er mange kommunar i landet som har innført lekbasert læring i både barnehage og småskuletrinn. Gjesdal kommune er ein av kommunane som har nytta det både i barnehagane og i småskulen.
Erfaringane i småtrinnet har blant anna vore auka læringsutbytte, reduksjon av åtferdsutfordringar hjå elevane, god progresjon i leseutviklinga i første klasse, elevar som syner sjølvkontroll, auka merksemd, kognitiv fleksibilitet og arbeidsminne, eit betre klassemiljø og trivsel som igjen motverker mobbing og gjev eit godt fellesskap.
– Det er sjølvsagt utruleg kjekt at Gjesdal kommune opplev gode resultat ved å ta i bruk «lekbasert» læring i barnehagen og skulen. Vi veit at fram til dei er rundt 8 år, så lærar born best gjennom leik. Og vi veit kor viktig leiken er for born. Difor er det kjekt å sjå at også skulen ser resultat av å la leiken få ein større plass, seier Størksen.
Syner korleis ein kan nytte «Lekbasert læring»
Boka «Lekbasert læring – ressursbok for barnehage, skole og SFO» handlar om leik i barnehage, skule og SFO og inneheld 130 føreslag til aktivitetar. Målet er å tilby born spanande leiker med ein pedagogisk intensjon som stimulerer barna både kognitivt og sosialt. Ressursboka rettar søkelys mot fire områder som forsking syner er særleg avgjerande for at barn skal klare seg bra både fagleg og sosialt: sosial kompetanse, sjølvregulering, matematikk og språk. I denne boka syner ho og hennar medforfattarar korleis rettleia leik kan nyttast i barnehagen, i friminutta, undervising i klasserommet eller på SFO.
– Teori og forsking om lekbasert læring fremjar to formar for leik som særleg viktige – og det er fri leik og rettleia, eller «veiledet» leik. Rettleia leik handlar om at tilsette planlegg og legg til rette for leikar og aktivitetar som kan engasjere til læring, fortel Størksen.
Ho meiner den aller beste oppskrifta for at born skal lære gjennom leik, er nettopp å nytte seg av kombinasjonen av fri og rettleia (veiledet) leik. I fri leik bestem barna sjølv innhald og retning. Fri leik bidreg til trivsel og avspenning og gjev rom for humor, fantasi og nysgjerrigheit. Den er også fremjande for læring og utvikling. I rettleia leik, deltek borna i leik med ein pedagogisk intensjon tilrettelagt av tilsette. Her er også born si deltaking og medverknad vektlagt.
Litteraturhenvisninger
Rege, M., Størksen, I., Solli, I. F., Kalil, A., McClelland, M. M., ten Braak, D., Lenes, R., Lunde, S., Breive, S., Carlsen, M., Erfjord, I., & Hundeland, P. S. (2021). The Effects of a Structured Curriculum on Preschool Effectiveness: A Field Experiment. Journal of Human Resources. https://doi.org/10.3368/jhr.0220-10749R3
Størksen, I., Rege, M., Solli, I. F., ten Braak, D., Lenes, R., & Geldhof, G. J. (2023). The playful learning curriculum: A randomized controlled trial. Early Childhood Research Quarterly, 64, 36-46. https://doi.org/https://doi.org/10.1016/j.ecresq.2023.01.015