Kart, grafar, statistikk og visuelle forklaringar er overalt. Greier du ikkje å bruke dei, kan du difor vere ute og køyre både geografisk og kunnskapsmessig.

I ei ny, digital medieverd er slik kunnskap viktig.

– No blir gjerne nyhendesaker representert med grafikk og liknande. Me har òg mange andre visuelle element i kvardagen, fortel førsteamanuensis Hanne Egenæs Staurseth ved Universitetet i Stavanger .

I doktorgradsarbeidet sitt har Staurseth undersøkt korleis til dømes kart, statistikk og grafikk fungerer i samfunnsfag i ungdomsskulen.

I forskinga si bruker ho omgrepet grafiske representasjonar om slike element.

Ho viser til at slike grafiske representasjonar er ein sentral del av samfunnet sitt tekstbilete. Når læreplanen seier det er viktig å lære elevane å orientere seg i samfunnet, er det òg viktig å lære dei å lese og ta i bruk grafiske representasjonar.

Mykje brukt i samfunnsfag

– Eg har forska på dette fordi slike ressursar er mykje brukt i samfunnsfag. Ein kan til dømes ikkje ha geografi utan kart. Likevel handlar for ein stor del leseforskinga i samfunnsfag om historie og bruk av fleire kjelder.

– Men nokre av desse kjeldene og tekstane er også grafiske og visuelle. Dei må difor lesast på ein annan måte. Her har vi kanskje andre utfordringar, seier ho.

Hanne Egenæs Staurseth peiker på at sjølve oppbygginga og grammatikken til teksten vil vere annleis i ein tekst med grafiske representasjonar, når det ikkje nødvendigvis er ord – eller berre ord – der.

– Snakk om ulike uttrykksmåtar

Elevane må òg lære at nokre uttrykksmåtar er betre eigna enn andre til visse føremål. Til dømes at ei tidslinje er veldig god til å fortelje kva som skjedde før og etterpå. Medan eit kart kan vere veldig bra til å teikne opp noko som er romleg.

– Ulike grafiske representasjonar er gode til ulike ting, og det trur eg godt ein kan snakke om i klasserommet, seier Staurseth som peiker på at det handlar om å velje rett verktøy til rett situasjon.

– Det ser me når elevane skal skrive sjølv. Der er ein fare for at visuelle representasjonar blir brukt litt som pynt. Dei tenker gjennom kva dei skal skrive først og legg inn nokre kart eller statistikkar etterpå, seier forskaren.

Ho meiner at elevane då nyttar slike element utan at dei får ein klar funksjon. Elevane har ikkje tenkt gjennom kva som er best til formålet.

Ofte komplekse tekstar

Eit av hovudfunna er at tekstar med grafiske representasjonar oftast er svært komplekse, og at dette fort blir undervurdert.

Staurseth har følgt éin lærar og klassen hans i samfunnsfag i to undervisningsemne, eit om klima i åttande klasse og eit om flyktningkrisa i Syria i niande klasse.

Ho skildra og dokumenterte det ho observerte gjennom feltnotat, bilete, lyd og video. I tillegg har ho intervjua læraren for å få tak i bakgrunnen for vala som blei tatt.

Resultatet er tydeleg: Utfordringane til elevane handlar om å skape samanheng mellom tekstdelar i eit overordna design som passar til formålet med teksten.

Utvikla verktøy for avkoding

Forskaren trur det vil vere enklare å skjøne grafiske representasjonar dersom ein ser dei i samanheng med heile teksten og teksten sitt formål.

Ho har difor utvikla eit verktøy til å kunne snakke om samanhengen mellom teksten sin form, teksten sin heilskap, samanhengen teksten står i – og grafiske representasjonar.

– Eg såg under feltarbeidet at ein ikkje kan gi slike tekstar til elevane utan vidare og leggje heile jobben over på dei. Læraren er ein veldig viktig ressurs i både avkodinga til elevane og forståing av representasjonar som kart og statistikk.

– Med støtte av læraren blir det veldig gode teksttolkingar, men denne innsikta kjem ikkje av seg sjølv.

Læraren viktig
Hanne Egenæs Staurseth håpar forskinga kan synleggjera kor komplekse tilsynelatande enkle visuelle tekstar er, og at dei har ein fagleg funksjon og ei oppbygging som ein ikkje berre kan ta for gitt blir forstått av elevar.

– I tillegg vil eg gjerne vise fram kompleksiteten i lærarjobben. Dei har veldig mange dilemma dei skal navigera gjennom skulen. Det er ikkje ei ideell verd, og ein må ta mange ulike val og har mykje ein må ta omsyn til, der tekstar utgjer eitt av desse, seier ho.

Denne saka er òg publisert på forskning.no.

Litteraturhenvisninger

Hanne Egenæs Staurseth: (Geo)grafiske representasjoner i ungdomsskolens samfunnsfag: En case-studie av hvordan en ungdomsskolelærer og hans elever skaper literacy-praksiser i møte med grafiske representasjoner i samfunnsfag. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Stavanger, 2020. Samandrag.