Idunn Bøyum
Idunn Bøyum er førstelektor på Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved OsloMet – storbyuniversitetet. Skulebibliotek er eit tema for både undervisning og forsking. Saman med Åse Kristine Tveit har ho redigert boka Rom for lesing og utforsking: skolebibliotekets muligheter (2023). Her har ho også publisert to forskingsartiklar. Ein om samarbeidet mellom skulebibliotekarar og lærarar, den andre handlar om kva kjelder skuleelevar brukar og stolar på i skulearbeidet. Bøyum arbeidde som bibliotekar i UH-sektoren i 25 år før ho byrja som undervisar og forskar og er med det oppteken av å knyte teori og praksis saman.