Petter Bjellås
Petter Bjellås er universitetslektor i norsk ved lærarutdanninga ved Universitetet i Søraust-Noreg, og underviser både i barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanninga. Han arbeider fyrst og fremst med tema innanfor lese- og skriveopplæring, men òg med didaktiske perspektiv på faglege tema som talemål og sosiolingvistikk, språkhistorie og grammatikk. Dei siste åra har han utforska bruk av digitale hjelpemiddel til vurdering, tekstomsetjing og tekstskaping. Han har lang erfaring som lærar i ungdomsskulen.