Åsmund H. Eikenes har doktorgrad i kreftforsking og er medlem av Akademiet for yngre forskere. Som førstelektor ved Det matematisk- naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo har han undervist sentrale emner innan forskingsformidling og pedagogikk, samt utvikla innhaldet til UiO sine nettsider om undervisningsplanlegging og studentaktiv læring. Eikenes er også ein allsidig forskingsformidlar og forfattar, og har mellom anna gitt ut bøkene Handboka, SPRUT og Ny kunnskap om kreft. Hausten 2021 ga han ut boka Den gode historia. Skriveråd for engasjerande forskingsformidling på Universitetsforlaget.