Unni Fuglestad
Unni Fuglestad er leiar for samfunnskontakt ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger og universitetslektor i lesevitskap. Ho har hovudfag i historie og lang undervisningserfaring frå ungdomsskule. Ho har arbeida med etter- og vidareutdanning av lærarar, mellom anna gjennom tiltak som Språkkommunar, desentralisert ordning for kompetanseutvikling og Ungdomstrinn i utvikling. Ho er prosjektleiar for Språkløyper, nettbaserte ressursar for språk, lesing og skriving. Fuglestad er spesielt interessert i lærarars læring og utvikling, undervisningsplanlegging og i fagspesifikke literacy-praksisar.