Liv Torunn Grindheim
Liv Torunn Grindheim er professor i barnehagepedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet. Ho disputerte i 2014 ved Senter for barneforsking på NTNU. Hun har lang erfaring frå arbeid som barnehagelærar i barnehage. Forskings- og undervisingstema hennar er berekraft, barnehagelærar-profesjonen, danning, barns medverknad og leik. Ho har publisert bøker og artiklar både for barnehagefeltet og forskingsfeltet, nasjonalt og internasjonalt. Ho leiar forskingsgruppa Barnehagen som (ut)danningsarena og er medleiar av arbeidspakken Vilkår for barns utforsking på BARNkunne – Senter for barnehageforsking, Barnehageforsking for ei meir rettvis og berekraftig framtid for barna våre.