Tor Arne Haugen
Tor Arne Haugen er professor i norsk ved Høgskulen i Volda. Han har doktorgrad i nordisk språkvitskap frå Universitetet i Oslo og har arbeidd som utanlandslektor ved universiteta i Stockholm og Göteborg og som lektor i vidaregåande skule.
Forskingsinteressene hans omfattar funksjonelle tilnærmingar til grammatikk, særleg kognitiv grammatikk og systemisk-funksjonell grammatikk, forholdet mellom grammatikk og tekst og mellom språk og læring.