Kva vi blir til som menneske er i stor grad avhengig av kva arenaer vi har tilgang til og kva samhandling vi får høve til å gjere. Ein tradisjonstung tanke er at dette på avgjerande vis er avhengig av kva føresetnader den enkelte unge har. I våre forskingsprosjekt om særvilkårselevar og sårbare unge i vidaregåande skule har vi erfart at dette spørsmålet har eit samansett svar med viktige forklaringsfaktorar også frå skulen som organisasjon.*