Anne Liv Steinsvik Nordal
Anne Liv Steinsvik Nordal har vore leiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa frå senteret vart oppretta i 2005 til utgangen av 2011. Gjennom arbeidet ved Nynorsksenteret har ho samarbeidd tett med Utdanningsdirektoratet, leseog skrivesenteret, lærarutdanning og grunnopplæring. Ho er spesielt oppteken av fagfelta språksosiologi og skriftspråkopplæring. Frå januar 2012 er ho tilbake i lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.