Joakim Olsson
Joakim Olsson er utdanna grunnskulelærar med ein mastergrad i matematikkdidaktikk. Han er nå tilsett som høgskulelektor på Institutt for digital kompetanse ved Høgskulen i Volda der han underviser på vidareutdanningar i digital kompetanse for lærarar. Dei faglege interessene hans er knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse, bruk av kunstig intelligens i skulen og demokrati og medborgarskap som tverrfagleg tema. Han jobbar med ein doktorgrad om kunstig intelligens og formativ vurdering i prosjektet AI4AfL – Artificial Intelligence for Assessment for Learning to Improve Learning and Teaching in the 21st Century.