Gunhild Nordvik Reite
Gunhild Nordvik Reite er stipendiat i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda. Doktorgradsprosjektet skal vere avslutta i 2021 og tek føre seg kva som kjenneteiknar opplæringstilbodet for elevar med spesialundervisning på 5. – 10. trinn. Datamaterialet er videoobservasjon og intervju.
Reite er opprinneleg utdanna allmennlærar og har ei mastergrad i spesialpedagogikk. Ho har 20 års erfaring frå grunnskule som både kontaktlærar, faglærar og spesialpedagog. Ho har også undervist i pedagogikk på grunnskulelærarutdanninga og vore med i forskingsgruppa knytt til forskingsprosjektet SPEED.