
Marianne Sjo Rossland
Marianne Sjo Rossland er lektor med tilleggsutdanning og arbeider som undervisningsinspektør/ undervisningsleiar ved Rossland skule i Alver kommune. Ho har erfaringa si frå arbeid i grunnskulen og frå arbeid med barn med særskilde utfordringar. Særlege interesseområde er begynnaropplæringa, leseopplæring og tilpassa opplæring. Hennar forsking i masteravhandlinga, «Barns stemme og deltaking i spesialpedagogisk forsking» i spesialpedagogikk frå 2021, tek for seg i kva grad barn får vere deltakande i forsking som omhandlar dei sjølve.