Karl Jan Solstad
Karl Jan Solstad er seniorforskar ved Nordlandsforskning. Han har vore lærar i grunnskulen og ved høgskular og universitet, seinast som professor i skuleforsking ved Universitetet i Tromsø, før han i 15 år var skule-/utdanningsdirektør i Nordland. I si forsking har han særleg vore opptatt av vilkåra for ein likeverdig grunnskule i strok med grissgrendt busetting. Han har publisert ei rad artiklar og fleire bøker, spesielt innanfor denne problematikken.