Øystein Olav Skaar arbeider som fyrsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen i Innlandet, fakultet for lærarutdanning og pedagogikk, Hamar. Skaar har ein doktorgrad i psykologi frå Universitetet i Oslo (2019) og ein master i pedagogikk frå Universitetet i Bergen (2013), og har arbeidd ved Høgskulen i Innlandet i skjeringspunktet mellom psykologi og pedagogikk sidan 2019. Dei faglege interessene hans er knytt til spenningane mellom (digital) teknologi, danning og utdanning, og særleg i lys av motivasjon, meistring og kreativitet.