Solrun Samnøy
Solrun Samnøy er høgskulelektor og stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ho underviser i lærarutdanninga og skriv PhD om lærarar si rolle i å fremja positiv psykiske helse i skulen. Ho forskar mellom anna på eit tiltak som er kalla KLAPP, som skal auka lærarane sin kompetanse om positiv psykisk helse. KLAPP er eit samarbeid mellom HVL, Sogn regionråd og HEMILsenteret ved UiB.