Gunvor Frantzen Ulltang
Gunvor Frantzen Ulltang er utdanna allmennlærar frå lærarhøgskulen i Kristiansand i åra 1988-1992, og seinare lektor med master i spesialpedagogikk frå UiO 2009-2012. Ho har arbeidd som lærar i grunnskulen i 15 år før ho starta i PP-tenesta. Ho har jobba som PP-rådgjevar sidan 2009. Sidan 2017 har ho vore PP-leiar for Kvam PPT i Kvam herad.
Ho gjennomførte leiarutdanning gjennom SEVU-PPT si vidareutdanning for PP-leiarar ved NTNU i 2017-2018.