Aslaug Veum
Aslaug Veum er førsteamanuensis i tekstvitskap ved Institutt for språk og litteratur, Universitetet i Sørøst-Norge (USN). Ho forskar blant anna på avistekstar, sosiale media, lærebøker og kritisk literacy.
Veum underviser på masterprogrammet i norskdidaktikk ved USN, og er medforfattar av ei rekkje bøker og artiklar om språk, multimodalitet, tekst- og diskursanalyse. Frå 2020-2023 leiar Veum forskingsprosjektet CritLit (Critical Literacy in av Digital and Global Textual World). Prosjektet er støtta av Norges Forskningsråd.