I dei norske og nordiske barnehagane har uteleik tradisjonelt vore prioritert, og barna brukar mykje tid ute. Uteleik kan føregå på ulike plassar, men barna brukar mest tid på barnehagens leikeplass. Studien som er presentert i denne artikkelen ser på kva som skjer i møtet mellom barna og plassen, frå eit kjønnsperspektiv. Kva karakteriserer dei potensielle romma gutar og jenter skaper på barnehagens leikeplass og kva rørslemoglegheiter fremjar dei?