Bruk av sosiale medium i skulen er hyppig diskutert i media. Nokon lærarar har kasta seg utpå Facebook-bølgja og integrert mediet i undervisninga med ynskje om å møte elevane på deira arena. Eit viktig spørsmål er om det er slik at lærar-elev-kommunikasjonen bør, skal eller må skje via sosiale medium. Per i dag eksisterer det i svært liten grad retningslinjer for korleis lærarane skal bruka dette «utvida klasserommet».

Gjennom innføring av læreplanverket for Kunnskapsløftet for fem år sidan (Utdanningsdirektoratet, 2006, LK 06) fekk informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) ei sterk forankring i norske læreplanar. Det å kunne gjere seg nytte av digitale verktøy blir rekna som ein føresetnad for utvikling og læring blant norske skuleelevar (Utdanningsdirektoratet, 2006, sjå til dømes s. 8). Lærarane spelar ei viktig rolle ved innføring av nye læreplanar. Det er deira oppfatning og ynskje om endring som er avgjerande for om endringar verkeleg skal finne stad. Læraryrket er ein profesjon som er regulert av visse etiske reglar (sjå til dømes Carlgren & Marton, 2001 og Universitetsog høgskolerådet, 2011 om etisk danning).

Lærarar sine refleksjonar rundt gjennomføring av læreplanen inneber etiske vurderingar som bevisst eller ubevisst blir styrt og regulert av eigne haldningar, verdiar og kjensler (Helleve, 2008). Ei av dei viktige avgjerdene lærarar må ta i samband med læreplanen, er ikkje om, men korleis, når og i kva grad IKT skal nyttast i undervisninga.

Lærarutdanninga har eit ansvar for å gje lærarstudentar digital kompetanse slik at dei kan undervise i tråd med Kunnskapsløftet. I rapporten frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) om evaluering av lærarutdanninga i 2006 er ikkje digital kompetanse vurdert (Søby, 2007). Ifølgje Søby viser dette at lærarutdanninga er i utakt med det digitale kunnskapsløftet, då ho ikkje framhevar digital kompetanse som noko eige satsingsområde. Det at utdanningsinstitusjonane i liten grad er opptekne av digital kompetanse, er ein fare, då dei same institusjonane skal utdanne lærarar som skal undervise elevar i fagleg IKT-bruk.

I sin rapport om danningsaspekta i utdanninga blir det slått fast at sett i eit etisk perspektiv stiller IKT-bruk i skulen krav til å kunne «respektere andre på nettet, følgje opphavsrettslege reglar ved publisering av andre sitt arbeid» samt å «følge regler for personvern når man publiserer bilder etc.» (s. 22). Samtidig blir sosiale medium som til dømes Facebook omtala som «mulighet for demokratisk sett å kunne være meningsprodusent i den digitale offentligheten». Det blir sagt at lærarstudentane skal lære seg «kraften i offentlig publisering og selvinnsikt i hva som legges ut og hva som bør forbeholdes den private sfæren» (Universitets- og høgskolerådet, 2011, s. 22).

Likevel er det ikkje retningslinjer for korleis lærarar bør bruka kommersielle sosiale medietilbod som Facebook i Noreg. Dette til forskjell frå situasjonen for lærarar og lærarstudentar i Australia, der ein har etiske retningsliner1 som direkte kan nyttast i arbeidet med å utdanne lærarar i etisk bruk av sosiale medium. Australske lærarar kan òg misse autorisasjonen som lærar viss dei opptrer aktlaust.

Fotnote: retningsliner1

http://www.vit.vic.edu.au/conduct/victorian-teaching-profession-code-of-conduct/Pages/default.aspx

Korleis bør du som lærar reagere dersom to av foreldra i klasse 6 B ynskjer å leggja deg til på Facebook? Korleis reagerer du dersom desse foreldra legg ut informasjon som indirekte rettar seg mot deg som dårleg lærar? Dersom ein 17-åring nektar å delta i ditt Facebook-prosjekt i historie – kva gjer du då? Ein skole i Luleå ville i vår (2011) seie opp rektor etter at han la ut private upassande bilete på Facebook. Rektoren vann rettssaka2, og ifølgje eit svensk kommunikasjonsbyrå var ikkje dette uventa fordi arbeidsgjevarar må akseptera at folk har andre interesser enn det dei gjer på jobb.

Eit anna etisk dilemma er reklamebruken rundt Facebook. I mangel på retningslinjer kan ein veg å ta opp etiske dilemma knytt til bruk av sosiale medium her i Noreg, vera UHR-rapporten og til dømes Utdanningsforbundet si klare satsing på profesjonsetikk3. I tillegg kan teoretiske bakteppe slik som pedagogisk takt (Van Manen, 1993), etisk teori, profesjons- og yrkesetikk (Bergem, 1998; Grimen, 2008; Vetlesen, 2003) nyttast.

Fotnote: profesjonsetikk3

http://www.utdanningsforbundet.no/profesjonsetikk

 

Fotnote: rettssaka2

http://www.nsd.se/nyheter/lulea/artikel.aspx?ArticleId=6239743 

Kort oppsummert kan ein seie at det er lagt klare sentrale politiske føringar når det gjeld forventningar til skulen sin bruk av IKT og sosiale medium. Til dømes skal skulen møte elevane si tillit til digitale medium på ein slik måte at ein byggjer bru til barna sine liv. Skulen skal støtte opp om barn og unge sin nettbruk og utvikling av identitet og sosial kompetanse gjennom nettsamfunn og liknande.

Sosiale medium kan bidra til utvikling av barn og unge sin kritiske refleksjon og til utvikling av grunnleggande ferdigheiter og sosial kompetanse (sjå til dømes st.meld.nr. 44., 2009). Samtidig som regjeringa er klar på at ho vil bidra til bruk av IKT i skulen, kjenner ikkje vi til at det finst nasjonale føringar for bruk eller opplæring i etisk bruk av sosiale medium i norsk lærarutdanning. Basert på dette synest det difor som om det er eit individuelt val om lærarar og lærarutdannarar i dag nytter sosiale medium og Facebook som ein del av undervisninga eller ikkje.

Prosjektet «Etikk, sosiale medier og lærarutdanning»

Forfattarane undersøkjer for tida dei norske tilhøva kring bruk av Facebook gjennom prosjektet «Etikk, sosiale medier og lærarutdanning»4. Prosjektet undersøkjer spørsmål knytt til etikkundervisning samt bruk og tankar om framtidig bruk av sosiale medium blant norske lærarstudentar. I tillegg blir det undersøkt korleis lærarstudentane opplever at lærarutdanninga og praksisskolane nyttar sosiale medium i utdanninga si og i møte med elevane. Prosjektet er ein norsk del av eit internasjonalt samarbeid med Monash University i Australia.

Fotnote: lærarutdanning»4

https://www.uib.no/fg/dlc/prosjekter/etikk-sosiale-media-og-laerarutdanning

Til nå har over 300 lærarstudentar ved lærarutdanningsinstitusjonar frå Nord-Noreg, MidtNoreg og Aust-Noreg delteke i undersøkinga. Nokre av funna så langt (n=174) blei presenterte på ein konferanse i den europeiske foreininga for forsking på læring og instruksjon (EARLI 5) i haust (Bjørkelo & Almås, 2011). Desse viser at dei fleste lærarstudentane vil seie at dei har fått noko (1-5 timar) til moderat (6-10 timar) undervisning i etikk i lærarstudiet, og at etikkundervisninga er noko til moderat passande til det dei opplever at dei treng i utøvinga av læraryrket.

Vidare er det vanleg for lærarstudentar å ha ein profil på ein sosialt nettstad. Over nitti prosent seier at det er vanleg å nytte slike arenaer som Facebook, nesten førti prosent gjer det for å halde kontakten med eigne venner i løpet av ein dag. Dei fleste lærarstudentane har nytta seg av Facebook i tre år og har om lag tre hundre venner. Svært mange endrar sikkerheitsinnstillingane sine (81 %), og mange har tankar om at dei vil ha meir fokus på dette når dei nærmar seg slutten av studia (47 %). Resultata så langt syner at lærarstudentane opplever at dei både tek imot og får etikkundervisning som eignar seg til det yrket dei førebur seg på. Dei er kjende med kommunikasjonskanalar slik som sosiale medium og Facebook og nyttar desse i stor grad. Dei er også kjende med ulike måtar å sikre seg mot innsyn på Facebook på.

Fotnote: EARLI 5

http://www.earli2011.org/nqcontent.cfm?a_id=1

Forskingsprosjektet, som framleis samlar inn data, vil i andre fase følgje opp lærarstudentane over tid. Dette vil kunne gje oss tilgang til kunnskap om bruk og vurderingar lærarstudentar gjer seg i overgangen frå dei er lærarstudentar til dei er ferdigutdanna lærarar. Oppfølgingsprosjektet vil og kunne auke kunnskapen om den yrkesetiske kompetansen lærarstudentane får med seg i løpet av utdanninga når det gjeld sosiale medium. Denne kunnskapen vil vera viktig for korleis framtidige lærarstudentar møter sine elevar i skolen, for dei tilsette i lærarutdanninga og for lærarar, noko som i neste omgang kan ha indirekte relevans for styringsdokument og korleis vi utdannar lærarar.

Litteraturhenvisninger

Bergem, T. (1998). Læreren i etikkens motlys. Oslo: Ad notam Gyldendal.

Bjørkelo, B., og Almås, A.G. (2011). Ethics, Social Media and Teacher Education. Paper presented at the EARLI 14th Biennial Conference «Education for a Global Networked Society».

Carlgren, I., & Marton, F. (2001). Lärare av i morgon. Stockholm: Lærarförbundet.

Erstad, O. (2010). Digital kompetanse i skolen (2.utg.). Oslo: Universitetsforlaget.

Grimen, H. (2008). Profesjon og profesjonsmoral. In A. Molander & L.I. Terum (Red.), Profesjonsstudier (s. 144-160). Oslo: Universitetsforlaget.

Helleve, I. (2008). Den digitale læringsrevolusjonen må starte innan-
frå. Utdanning, 2. Lenkje: http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf2015844.aspx

St.meld.nr. 44. (2009). Utdanningslinja. Oslo: Kunnskapsdepartementet.

Søby, M. (2007). Digital stillstand i lærerutdanningen? Nordic Journal of Digital Literacy (3), 135–137.

Universitets- og høgskolerådet. (2011). Dannelsesaspektet i utdanning. Rapport fra en arbeidsgruppe nedsatt av UHRs utdanningsutvalg. Link: http://www.uhr.no/aktuelt_fra_uhr/dannelsesaspekter_i_utdanning

Utdanningsdirektoratet (2006). Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Midlertidig utgave. Oslo: Utdanningsdirektoratet.

Van Manen, M. (1993). Pedagogisk takt Pedagogisk takt: Betydningen av pedagogisk omtenksomhet (s. 135-166). Nordås Caspar forl. og kursvirksomhet.

Vetlesen, A.J. (2003). Det forpliktende møtet. I Y. Fritze, G. Haugsbakk & Y. Nordkvelle (Red.), Dialog og nærhet: IKT og undervisning (s. 76-94). Kristiansand: Høyskoleforlaget.