Innvandrargutar i Noreg mobbar fordi dei vil høyre til. Det kan dermed sjå ut som dei har eit anna motiv for å mobbe enn det etnisk norske gutar har.

Saken er henta frå UniverS 2/2007

- Medan etnisk norske gutar ofte mobbar fordi dei vil ha makt over mobbeofferet, er det eit behov for å høyre til som i stor grad får innvandrargutar til å mobbe, seier universitetslektor Hildegunn Fandrem.

I følgje Fandrem har mobbeforskinga til no ikkje vore så oppteken av at mobbing kan ha ulike orsakar for ulike grupper.

Vil ikkje ha makt

- Tidlegare forsking viser at det som forklarer mobbing best, er at mobbaren vil oppnå både makt over mobbeofferet og han vil til-høyre dei andre plagarane, seier ho og forklarer:

- Men når vi skil ut innvandrargutane, viser mine data at den maktmotiverte aggressiviteten ikkje heng saman med mobbing for denne gruppa, seier Fandrem, som ser på sosiale og emosjonelle vanskar hjå ungdom med fleirkulturelt tilhøyre i si doktorgrad.

Datamaterialet i forskingsarbeidet har ho henta frå den lands-dekkande Skulemiljøundersøkinga i 2001, som Senter for åtferdsforsking gjennomfører kvart tredje år.

Ulike forklaringar

- Det finst to hovudformer for aggressivitet. Nokre blir aggressive ved at dei blir sinte og frustrerte når dei ikkje får det som dei vil, som når dei tapar i spel, seier Fandrem.

- Dette heiter reaktiv aggressivitet. Denne forma for aggressivitet forklarer ikkje mobbing i særleg grad, seier ho.

- Den forma for aggressivitet som best forklarer mobbing, blir kalla proaktiv aggressivitet. Det vil seie aggresjon som blir brukt for å oppnå noko, som til dømes makt. Mobbaren blir stimulert av å sjå at andre blir redde, seier Fandrem, som fortel at aggresjon også blir brukt for å oppnå tilhøyre hjå ei gruppe eller for å knyte band.

- Ein felles fiende knyt sterke band. Mobbarane kan kjenne at dei blir «betre» vener når dei frys ut nokon eller når dei saman går med på ting dei veit er feil, seier ho.

Ny undersøking

For å få svar på kven innvandrargutane ønskjer å høyre til, har Fandrem gått i gang med ei ny undersøking.

- Er det andre etniske minoritetar eller er det dei etnisk norske dei vil bli vener med, spør Fandrem, som er nysgjerrig på om inn-vandrargutane sin motivasjon for å mobbe er del av ein integrer-ingsstrategi eller ein separeringsstrategi.

- Når vi får svar på kven innvandrargutane ønskjer å høyre til, vil vi vite meir om kva vi må gjere for å gi dei gode opplevingar av tilhøyre. Då kan vi kanskje kompensere, og på den måten for-hindre at dei tyr til uheldige strategiar som mobbing, seier ho.

Gode opplevingar

- Gode opplevingar handlar fyrst og fremst om at du kjenner deg som ein aktiv deltakar. Lærarar og andre vaksne må i større grad fokusere på det dei minoritetsspråklege elevane er opptekne av og gode på. Dette kan gjerast uavhengig av etnisk opphav, men for nokon elevar kan det vere bra med fokus på det etniske, seier Fandrem og understrekar:

- Alt handlar om å framheve skilnader på ein positiv måte. Det må jobbast etter eit prinsipp om at ulikskap er norma.