Barns forhold til naturvitskap er nært knytt til kroppen. Barnehagelærarar må derfor vere både fysisk og kjenslebundne til stades når dei jobbar med vitskapleg utforsking i barnehagen.

 

Den svenske forskaren Susanne Westman har vore ute i to barnehagar i nabolandet og intervjua personalet om deira erfaringar med å invitere barn med på vitskapleg utforsking. Ho finn at barnehagane tek i bruk mange ulike arbeidsformer.

Smake på, kjenne på og sjå på

Barn kjenner på materiala. Dei smaker på dei. Dei ser på dei. Barnehagelærarane meiner at barns forhold til naturvitskapen er sterkt knytt til deira eigen kropp.

– Materialet påverkar barna meir enn eg trudde. Eg ser at når det kjem nytt materiale, skjer det noko spennande. Når barn står framfor ei vassrenne, for eksempel, begynner dei med ein gong å utforske korleis vatnet flyt. Og dei bruker andre materiale, for eksempel eit lokk, for å sjå korleis vatnet spreier seg i ulike retningar. Ofte spring dei mellom vassrennene med bøtter og heller opp og ut vatn. Samtidig snakkar dei om det som skjer, og beskriv kva dei gjer med omgrep som sakte, fort, mykje og lite.

Både kropp og sinn må vere med

Det vart tydeleg for forskaren at barnehagane har eit sterkt forhold til dette med kroppsleg utforsking.

– Vi deler ofte opp forholdet mellom kropp og tanke, men slik treng det ikkje å vere. Kva om vi lèt både kropp og sinn vere involverte i læringsprosessen? spør Westman.

Forskaren opplevde at barna tok i bruk mange ulike arbeidsformer når dei for eksempel leiker med ei vassrenne. Både kreativitet, ikkjeverbal eller språkleg kommunikasjon og eksperimentelle undersøkingar er til stades i leiken. Samtidig som dei testar og reflekterer over det dei gjer.

– Barnehagelæraren gjer eit heilskapleg arbeid som ikkje berre handla om naturvitskap, men òg for eksempel om språk. På eit tidspunkt blir det dessutan eit arbeid med sosial kompetanse som inngår i barne-hagens tradisjon.

Bruker kjende arbeidsmetodar

Svenske barnehagar har opplevd eit auka press på læring dei siste åra, meiner Westman. I 2010 vart det som tilsvarer den norske rammeplanen for barnehagen revidert. Da vart læringsoppdraget til barnehagelærarane tydelegare.

– Mange barnehagelærarar opplever ei spenning mellom det å yte omsorg og betone læringa sterkare. Dei synest det er komplisert å finne den riktige balansen.

Men dei handterer det gjennom å bruke arbeidsmetodar som dei allereie er kjende med, meiner forskaren. Og dei er opptekne av at dei ikkje må bli for målretta når dei arbeider med kunnskap og utforsking. Da mistar dei noko.

– Dei kan bidra med materiale og samtalar, men det at dei er lydhøyre og fysisk og kjenslebundne til stades, er utruleg viktig.

At barnet har innverknad på læringsprosessen, er òg viktig for høg kvalitet i læringa.

Den måten barnehagelærarane jobbar med vitskapleg utforsking på, kan vi sjå på som ein kombinasjon av mange ting, meiner Westman. Det kan vere estetiske prosessar og kreative arbeidsformer, men òg eksperimentering, refleksjon og samtale.

– Til saman blir dette eit mangfaldig syn på læring, der ein tek utgangspunkt i barnet som unikt.

Mykje bra skjer i barnehagane

Westman er imponert over kor mykje spennande arbeid som går føre seg i barnehagane. Ho meiner derfor det er mykje bra å ta vare på i barnehagetradisjonen.

– Men vi må alltid gå tilbake til vårt syn på barnet, på kunnskap og læring og problematisere det.

Der vi ikkje gjer det, er det ein risiko for at verksemda stagnerer, meiner forskaren.

– Risikoen med å gjere læringa enda tydelegare i barnehagane er at vi kryssar ei grense til den meir instrumentelle måten å lære på, noko skolen er kjend for.

Det er viktig å føre dei to tradisjonane saman ved å byggje strukturar som støttar dette samspelet, seier Westman.

– For kven skal eigentleg definere kva naturvitskap skal vere i barnehagen? Er det naturvitarar eller barnehagelærarar? Eg trur dette er noko vi bør definere saman, seier ho.

Den svenske læreplanen vs. den norske rammeplanen

Den svenske «Läroplan for förskolan» tilsvarer den norske rammeplanen for barnehagen. I 2010 vart læreplanen revidert, og læringsoppdraget til barnehagelærarane vart tydelegare.

I den svenske læreplanen står det at barne-hagen skal «sträva efter att varje barn utvecklar sin förståelse för naturvetenskap och samband i naturen, liksom sitt kunnande om växter, djur samt enkla kemiska processer och fysikaliska fenomen.» Det står også at barn skal utvikle evna si til å identifisere, undersøkje, dokumentere og stille spørsmål og snakke om natur-vitskap.

I den norske rammeplanen står det at gjennom arbeid med fagområdet natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna lærer å sjå, undre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomen i den fysiske verda.

Litteraturhenvisninger

Westman, S. and U. Bergmark (2014). A Strengthened Teaching Mission in Preschool: Teachers Experiences, Beliefs and Strategies. International Journal of Early Years Education, 22(1), 73–88.