Det kan vere vanskeleg å sjå elevar som mobbar som sårbare, som nokon som treng hjelp. Forsking er derimot eintydig når det gjeld konsekvensar for mobbaren både på kort og lang sikt. Elevar som utset andre for mobbing treng òg hjelp.

I media så vel som faglitteraturen er det skrive mykje om dei skadelege verknadane av å verte utsett for mobbing. Langt mindre er skrive om konsekvensar for elevar som utøver mobbing.

Nyleg vart den først artikkelen i CIESL –prosjektet publisert. Vi har skrive om funna i studien andre stadar, men artikkelen omhandlar òg kva skadar elevar som utset andre for mobbing kan få, på kort og lang sikt. Kunnskap om dette kan vere avgjerande for at lærarar kan førebygge, avdekke og stoppe mobbing.

Mobbing

Mobbing viser til negative handlingar som vert gjentatt over tid og der det er ein ubalanse i styrkeforholdet mellom offer og utøvar. Mobbing kan vere fysisk eller psykisk og kan vere både direkte og indirekte (Roland, 1999, 2011; Olweus & Limber, 2010).

Kort og langtidskonsekvensar

I forskingslitteraturen har dei mentale helseproblema til elevar som mobbar fått auka merksemd og auka uro. Ei rekkje studiar har funne at elevar som mobbar viser høgre førekomst av depressive symptom (Brunstein Klomek et al., 2007; Wang et al., 2011) meir anti-sosial åtferd (Olweus & Limber, 2010; Renda et al., 2011; Ttofiet al., 2012), problemåtferd (Dukes et al., 2009), and psykosomatiske symptom (Forero et al., 1999; Wang et al., 2011; Beckman et al., 2012); og mindre empati (Caravita et al., 2009; Muñoz et al., 2011) samanlikna med medelevane.

Funna i desse studia viser at det er grunn til alvorleg uro også for elevar som utset andre for mobbing. Ser ein på funn frå studiar som har sett på korleis det går med elevar som mobbar på langsikt aukar uroa. Dei negative konsekvensane over tid for elevar som er utsett for mobbing er godt dokumenterte. Vi veit langt mindre om elevar som utset andre for mobbing. Noko veit vi likevel. Mellom anna tyder tidlegare studiar tyder på at det å utsette andre for mobbing i skulealder er relatert til meir aggressive former for vald og problem som vaksen (Olweus,1997; Farrington & Ttofi, 2011; Renda et al., 2011).

Med utgangspunkt i dei alvorlege kort- og langtidskonsekvensanse som er knytt til å utsette andre for mobbing er det behov for at både praktikarar og forskarar legg meir vekt på denne gruppa elevar. Vi treng meir kunnskap og vi treng å nytte den kunnskapen vi har i større grad enn vi gjer.

Vekker kjensler

Sjeldan vekkjer det så sterker kjensler som når vi argumenterer for at elevar som utset andre for mobbing er sårbare og treng hjelp. Det kan vere vanskeleg å sjå desse elevane som nokon som treng hjelp.

La ein ting vere klart. Elevar som utset andre for mobbing skal ikkje ha hjelp på bekostning av offera. Dei skal ha hjelp i tillegg til offera.

Hjelp til elevar som mobbar er, i tillegg til hjelp til denne eleven, hjelp til moglege offer. Læraren si rolle i førebygging og for å gripe inn når mobbing skjer er heilt sentral så lenge mobbinga skjer i skulen eller knytt til skulen.

Studien gjennomført i CIESL tyder på at elevar som utset andre opplever svakare relasjonar til lærarane enn medelevane. Dette kan ha avgjerande betydning for om læraren kan avdekke og stoppe mobbing når det skjer. Vi har ingen grunn til å anta at lærarar behandlar elevar som mobbar annleis enn andre elevar, men desse elevane opplever svakare relasjonar. Det kan gi læraren eit handikap i arbeidet mot mobbing om ein ikkje er kjend med dette og kan ta om syn til det i arbeidet med å få slutt på mobbinga.

Litteraturhenvisninger

Beckman, L., Hagquist, C. & Hellstr€oma, L. (2012) Does the association with psychosomatic health problems differ between cyberbullying and traditional bullying?, Emotional and Behavioural Difficulties, 17(3–4), 421–434.

Brunstein Klomek, A., Marrocco, F., Kleinman, M., Schonfeld, I. & Gould, M. (2007) Bullying, depression and suicidality in adolescents, Journal of the American Academy of Child & Adolescent Psychiatry, 46(1), 40–49.

Caravita, S. C. S., Di Blasio, P. & Salmivalli, C. (2009) Unique and interactive effects of empathy and social status on involvement in bullying, Social Development, 18(1), 140–163.

Dukes, R. L., Stein, J. A. & Zane, J. I. (2009) Effect of relational bullying on attitudes, behavior and injury among adolescent bullies, victims and bully-victims, The Social Science Journal, 46(4), 671–688

Forero, R., McLellan, L., Rissel, C. & Bauman, A. (1999) Bullying behaviour and psychosocial health among school students in New South Wales, Australia: Cross sectional survey, British Medical Journal, 319, 344–348.

Muñoz, L. C., Qualter, P. & Padgett, G. (2011) Empathy and bullying: Exploring the influence of callous-unemotional traits, Child Psychiatry&Human Development, 42(2), 183–196.

Olweus, D. (1997) Bully/victim problems in school: Facts and intervention, European Journal of Psychology of Education, 12(4), 495–510.

Olweus, D. & Limber, S. P. (2010) Bullying in school: Evaluation and dissemination of the Olweus Bullying Prevention Program, American Journal of Orthopsychiatry, 80(1), 124–134.

Renda, J., Vassallo, S. & Edwards, B. (2011) Bullying in early adolescence and its association with anti-social behaviour, criminality and violence 6 and 10 years later, Criminal Behaviour & Mental Health, 21(2), 117–127.

Roland, E. (1999). School influences on bullying. Stavanger: Rebell forlag.

Roland, E. (2011) The broken curve: Effects of the Norwegian Manifesto Against Bullying, International Journal of Behavioral Development, 35(5), 383–388.

Ttofi, M.M. & Farrington, D.P. (2011). Effectiveness of school-based programs to reduce bullying: A systematic and metaanalytic review. (Literature review; Systematic Review; Meta Analysis). Journal of Experimental Criminology, 7 (1), 27–56. Doi: dx.doi. org/10.1007/s11292-010-9109-1.

Ttofi, M. M., Farrington, D. P. & Losel, F. (2012) School bullying as a predictor of violence later in life: A systematic review and meta-analysis of prospective longitudinal studies, Aggression and Violent Behavior, 17(5), 405–418.

Wang, J., Nansel, T. & Iannotti, R. (2011) Cyber and traditional bullying: Differential association with depression, Journal of Adolescent Health, 48(4), 415–417.