Forskarane har lytta til det som ikkje vart sagt, for å finne ut om dei yngste barna trivst i barnehagen.

– I ei tid der stadig fleire barn frå eitt til tre år går i barnehagen, er trivsel svært viktig. Rett og slett fordi trivsel er heilt grunnleggjande for at barn skal kunne leike, lære og utvikle seg på ein positiv måte saman med andre barn og tilsette i barnehagen.

Det hevdar forskar Monica Seland, som baserer si utsegn på ein gjennomgang av internasjonal forsking.

Lever seg inn i det vesle barnet

Dei største barna kan forskarane intervjue om trivsel. Men korleis kan vi vite om dei aller yngste barna, dei som ikkje kan snakke, trivst i barnehagen? Denne utfordringa tok forskarane Monica Seland og kollegaene Åse Bratterud og Ellen Beate Sandseter. Dei valde å bruke ein observasjonsmetode som baserer seg på at forskaren prøver å sjå og forstå verda med barnets auga.

I alt 18 barn på eitt og to år, i ni ulike barnehagar, vart observerte i éin time kvar. Forskarane sat tilbaketrekte i rommet, som ein «beskjeden gjest» og følgde barnet med auga.

Dei var merksame på kva barnet gjorde, kven det var i samspel med, korleis samspelet gjekk føre seg, og kva følelsar barnet uttrykte – og kva følelsar dette skapte i forskaren. Etterpå vart dette notert ned så nøyaktig som mogleg.

– Målet for oss har vore å leve oss inn i korleis det er å vere dette barnet i denne barnehagen. Ved at vi sjølve er menneske med eigne erfaringar, kan vi med stor grad av sikkerheit tolke barnets uttrykk for glede, frustrasjon, apati, osv. Dermed får vi ei forståing for det barnet uttrykkjer gjennom kropp, gestar og mimikk. Vi har prøvd å lytte til det som ikkje blir sagt, fortel Seland.

Dei fleste hadde det bra

I hovudsak såg forskarane barn som hadde det bra. Men dei såg også barn som ikkje vart sett, eller som ikkje vart forstått, og som gjekk mykje åleine, fortel Seland.

I dei situasjonane der det såg ut som om barn treivst, handla det mykje om gode sosiale relasjonar. Det kunne vere i samspel med dei tilsette, med andre barn, eller i ein gruppeaktivitet som ei samlingsstund.

Da dei analyserte observasjonane, oppdaga dei at sterke uttrykk for trivsel ofte kom til syne når barnet delte felles fokus, felles følelsar og felles intensjonar med andre barn og med dei tilsette. At dei var saman om det same.

– Det kunne vere når barnet tok initiativ til eit leikande samspel, og andre barn eller dei tilsette følgde opp. Eller dersom barnet ønskte å utforske, til dømes sanda i sandkassa, såg vi at barnet strålte dersom dei andre vart med på dette. Vi forstod da kva barnet ønskte, og gjekk inn i situasjonen saman med barnet.

Kan òg trivast åleine

Forskarane såg òg barn som sat åleine, djupt konsentrerte om ein gjenstand, midt i rommet, der det var masse aktivitetar, og det skjedde mykje.

– Her såg vi ikkje barnet le, stråle eller hoppe av garde, som er dei tydelegaste teikna på trivsel. Vi diskuterte derfor: Er dette trivsel? Forskarane valde å tolke dette som trivsel.

– Vi veit at når vi menneske blir oppslukte av ein aktivitet, kan vi komme i ein tilstand av flyt der vi gløymer tid og stad og er djupt konsentrerte. Det kan kjennast som ein sterk og god følelse. Skal barn kunne oppleve denne flyten, så må dei ha ein grunnleggjande tryggleik i fellesskapet. Da kan dei utforske omverda på eigne premissar. Trivsel og tryggleik heng tett saman, fortel Seland.

– Set deg ned ein halv time eller ein time og følg eitt enkelt barn med auga.

Ein metode for barnehagane?

Metoden forskarane har brukt, er enkel, og han kostar ingenting. Seland oppfordrar barnehagepersonalet sjølv til å bruke metoden.

– Set deg ned ein halv time eller ein time og følg eitt enkelt barn med auga. Etterpå skriv du ned alt så detaljert som mogleg. Korleis trur du det er å vere Per eller Kari i din barnehage?

Litteraturhenvisninger

Seland, M., Sandseter, E.B.H. og Bratterud, Å. (2015). One-to three-year-old children’s experience of subjective wellbeing in day care. Contemporary Issues in Early Childhood  16(1), 70-83.