Å lese og forstå forskingslitteratur er ei ferdigheit som må lærast. Her får du ei innføring i korleis du kan lese forskingsartiklar.

Er du ikkje van med å lese forskingsartiklar kan det i starten vere ei utfordring. Vitskaplege artiklar er ein eigen sjanger og språket er nærast ei eiga dialekt. Det hjelp heller ikkje at dei ofte er på engelsk. Å lese og forstå forskingslitteratur er ei ferdigheit som må lærast.

Formålet med denne artikkelen er å gi deg hjelp på vegen til å forstå meir av forskingslitteraturen. Eg vil peike på nokre av dei mest sentrale aspekta ved ein forskingsartikkel, og gi ein guide til å forstå meir av informasjonen artiklar gir. Her vektlegg eg nokre av dei mest sentrale sidene ved ein forskingsartikkel og nokre sentrale omgrep som du gjerne møter i vitskaplege artiklar.

Dei fleste vil nok vere mest opptatt av kva artikkelen fortel oss om fagområdet studien er retta mot, men for å kunne vurdere kvaliteten på studien treng vi også å forstå dei viktigaste av metodeomgrepa. Ved å merke seg desse omgrepa og skaffe seg kunnskap om dei, kan ein litt etter litt få større innsikt som gjer at ein lettare kan vurdere kva artikkelen har funne ut og gjere vurderingar av kvaliteten av studien, til dømes sterke og svake sider. Nedst i artikkelen finn du også ti spesifikke tips til korleis du kan forstå innhaldet i ein vitskapleg artikkel.

Kvifor lese forskingsartiklar?

Så undrar du kanskje på kvifor tilsette i skule eller foreldre skal lese forskingsartiklar. Kan ikkje forskarane heller skrive enklare? Mange forskarar kan det, men då er formatet og formålet annleis. Når forskarar skriv vitskaplege artiklar så er det for å dokumentere ein studie som er gjennomført, slik til dømes eg har gjort i den første artikkelen som vart publisert i CIESL-prosjektet. Då vender eg meg først og fremst til andre med kompetanse til å vurdere forsking. Her drøftar eg min studie og resultata frå denne.

Les du denne forskingslitteraturen får du førstehandskjennskap til den nyaste forskinga på feltet. Gjerne lenge før forskaren har skrive ein fagartikkel som bygg på studien, om forskaren i det heile gjer det. Ofte gjer vi det ikkje. Tida strekk ikkje til, og vi må gjere eit utval. Ettersom du får større forståing for metodekunnskapen kan du òg gjere deg opp ei meining om kvaliteten av denne studien opp mot andre studiar.

Guide til forskaren sin bodskap

Nedanfor har eg samla ein del tips for å lese forskingslitteratur i ein steg-for-steg tilnærming til forskingslitteratur. Dei bygg på eigne erfaringar, på metodelitteratur, på arbeid med artikkelseminar for masterstudentar i spesialpedagogikk og på andre sine tips og idear som eg har plukka opp her og der. Eg tar utgangpunkt i vitskaplege artiklar som kanskje er det vanskelegaste å lese ettersom desse har ei spesiell oppbygging og språket er konsist og tett, og dei gjerne er på engelsk. Tipsa vil likevel også ha relevans for å lese til dømes vitskaplege fagbøker publisert på norsk.

Denne guiden vil hjelpe deg å lese og forstå artiklar. Guiden forklarar korleis denne type artiklar er strukturert, kvar du finn spesifikk informasjon, kva fagfellevurdering er og korleis du kan vurdere innhaldet kritisk. Vitskaplege artiklar er ulike mellom anna fordi dei presenterer ulike typar forsking. Til dømes er ein oversiktsartikkel (review-artikkel) som samanfattar forskinga på eit felt, bygd opp annleis enn ein artikkel som presenterer funn frå ein ny studie.

Tipsa under tar utgangspunkt i artiklar som presenterer funn frå ein studie, men mange av tipsa vil vere relevante uavhengig av kva type artikkel det er. Så er det kanskje på sin plass å understreke at dette er ei tilnærming til å lese og forstå forskingslitteratur. Det er heilt sikkert fleire vegar til Rom.

Generelle tips

Å lese ein vitskapleg artikkel er noko heilt anna enn å lese ein omtale av forskingsresultat på ein blogg, i ei avis eller ein populærvitskaplig tidsskrift. For det første er det ikkje nødvendigvis slik at ein les dei ulike delane i den rekkefylgja dei er presentert. For det andre må du gjerne notere, kanskje lese artikkelen eller delar mange gangar, og kanskje slå opp i andre artiklar eller bøker for å forstå enkelte detaljar eller faguttrykk. Å lese ein enkelt artikkel kan ta lang tid i starten, men ver tolmodig. Det går raskare ettersom du får erfaring.

Dei fleste forskingsartiklane er delt i fylgjande seksjonar:

  • Abstract (samandrag)
  • Introduksjon
  • Metode
  • Resultat
  • Diskusjon
  • Konklusjon/avsluttande kommentar

Rekkefylgja og underpunkt kan vere avhengig av kva tidsskrift artikkelen er publisert i. Du vil òg sjå at det er noko skilnad i forma og til dels strukturen for artiklar som presenterer resultat frå såkalla kvalitative studiar der resultata bygg på analysar av t.d. intervju («mjuke data») og kvantitative studiar der resultata t.d. bygg på analysar av spørjeskjema («harde data»).

Ein 10-punkts guide til korleis lese forskingsartiklar

1. Ikkje få panikk

Du treng ikkje forstå alt. Du kan få viktig kunnskap i ein artikkel sjølv om du ikkje forstår alle detaljane. Så forstår du meir og meir ettersom du frå erfaring. I starten kan det vere lurt å notere, slå opp ukjende ord og uttrykk og lese delar av teksten fleire gangar.

Artiklar er ofte informasjonstette. Dette kan virke omstendeleg og tidkrevjande, men det er ein læringsprosess og det går vanlegvis lettare (og raskare) etter kvart.

2. Kvar finn eg studiar av høg kvalitet?

Kanskje har du ein artikkel som du vil lese, men det kan òg vere at du er på leit etter forsking på eit gitt tema utan at du har ein spesifikk artikkel. Du vil fort oppdage at eit søk på Google eller ein annan søkemotor ikkje er særleg nyttig, men gir altfor mange treff om heilt andre ting enn forskingsstudiar. Google har derimot ein søkemotor som heiter Google Scholar som er nyttig for å finne forskingslitteratur. Søkemotoren hentar resultat frå internettbaserte tidsskrift og databaser rundt på verdsveven, og er ei ganske god kjelde for å finne studiar.

Ei innvending eg har er at eg ofte opplever at det er ein mange eldre studiar. Vi er på jakt etter den nyaste forskinga på feltet. Det kan difor vere lurt å avgrense søket til å gjelde studiar dei siste fem åra dersom du gjer eit generelt søk i eit felt. Då får du oversikt over den nyare forskinga på feltet.

Når du har funne artikkelen du vil lese nøyare er det kanskje vanskeleg å få tak i han. Etter kvart som fleire høgt rangerte vitskaplege tidsskrift tilbyr «Open-Access», som betyr at heile artikkelen ligg tilgjengeleg for kven som helst, vert fleire og fleire artiklar av høg kvalitet tilgjengeleg for alle.

Dersom du bur i nærleiken av eit bibliotek på ein høgskule eller eit universitet, kan du kanskje få tilgang til artikkelen der etter som desse biblioteka abonnerer på tidsskrift både i trykt og nettutgåve. Det er òg tilbod om å kjøpe enkeltartiklar frå eit tidsskrift sine nettsider. I lengda fell dette dyrt, men kan vere ei løysing for ein artikkel som er av særleg interesse. Veit du kva artikkel du vil lese kan det vere eit tips å vende seg til forfattaren/ane. Dei har gjerne nokre ekstra eksemplar av artikkelen.

3. Kven er forfattaren(ane)?

Ei viktig vurdering alt før ein startar å lese, er å vurder kven forfattarane er. Er det ekspertar på det feltet som studien artikkelen presenterer? Det er kanskje ikkje alltid like lett å vurdere, men kva institusjon forfattaren jobbar ved gir ofte eit grunnlag for å vurdere kvaliteten av studien. Det er ikkje alltid like lett å vurdere, men generelt sett er du tryggare på at forskinga er av høg kvalitet om det er publisert av forskarar på eit universitet, enn på ein forskingsinstitusjon. Dette er sjølvsagt ikkje absolutt, men ein peikepinn.

Årsaka er ikkje nødvendigvis at forskarar ved universiteta er dyktigare, men at forsking ved forskingsinstitusjonar ofte er oppdragsforsking og oppdragsgivarane kan vere meir interessert i å få ein rapport enn at studien er publisert i ei tidsskrift, sjølv om publisering i tidsskrift vanlegvis inneber betre kvalitetssikring. Oppdragsforsking kan også ha eit kortare tidsramme, enn forsking til dømes finansiert av Forskingsrådet. Over tid kan ein tileigne seg kunnskap om kva forskarar som er ekspertar på ulike området.

Eit tips: Det er ikkje nødvendigvis dei forskarane som er mest i media som er dei fremste på feltet.

Så kan ein kanskje vurdere kva universitet eller høgskule forfattarane arbeider ved. Til dømes er det naturleg å gå ut frå at forskarar ved Læringsmiljøsenteret er ei god kjelde når det gjeld tema innan læringsmiljøområdet som klasseleiing og mobbing. I tillegg er Læringsmiljøsenteret kjende for å ha høg kompetanse på implementering og evaluering av intervensjonar.

Det betyr ikkje at det ikkje er dyktige forskarar andre stadar, men det kan vere ein naturleg stad å starte. Forskarane viser til andre studiar, både i Norge og internasjonalt og gjennom å sjå på referanselista forskarar frå sentrale forskingsmiljø får du kjennskap til andre sentrale forskarar på feltet.

4. Utgått på dato?

Det er ikkje uvesentleg når ein artikkel er publisert. Den nyaste forskinga er naturleg nok i dei nyaste artiklane. Det finns ingen «best før» eller «siste forbruksdag»-dato, men skal vi få oversikt over eit forskingsfelt ser vi gjerne på publikasjonar frå dei siste fem åra, sånn cirka i alle fall.

Samstundes er det ikkje slett så enkelt. Det kan vere eldre studiar som er sentrale innan feltet ved at dei var dei første som granska eit felt, eller funna er viktig grunnlagskunnskap for eit felt. Til dømes ser vi gjerne til Walter Doyle sine arbeid frå 1980-talet når vi drøftar klasseromsorganisering og klasseleiing. Sjølvsagt er det då viktig å ikkje berre sjå på dei eldre studia. Mykje har skjedd på feltet sidan 1980-talet. Det inneber at ein i vurderinga av kvaliteten av ein artikkel ikkje berre ser på når artikkelen er publisert, men òg på når forskingslitteraturen studien bygg på er publisert.

Ein tommelfingerregel kan vere at av litteraturen det er vist til i referanselista skal to tredjedelar vere frå dei ti siste åra.

5. Les innleiinga først – ikkje abstract (samandraget).

Ein les ikkje nødvendigvis delane i ein forskingsartikkel i den rekkefylgja dei er presentert. Det kan høyrest underleg ut, men det kan til dømes vere avhengig formålet med å lese artikkelen.

Start med innleiinga, ettersom denne raskt set deg inn i tematikken for studien og kva den omfattar. Det vil seie, det kan vere ein god ide å lese abstractet når du skal vurdere kva artiklar du skal lese. Ein kombinasjon av tittelen og abstractet bør gi ei god oversikt over om studien er relevant å lese.

Men når du først har funne artikkelen(ane) du vil lese meir grundig så start med innleiinga. Den gir deg raskt innblikk i formålet med artikkelen og plasserer studien inn i forhold til andre studiar på feltet. Her viser ein gjerne til kva unikt bidrag og ny kunnskap denne studien skal bidra med. Så kan den innleiinga til diskusjonen og avsluttande delen (Conclusion/Final Thoughts) av studien gi oversikt over dei viktigaste funna i studien så det kan vere lurt å lese for å få ei første oversikt før ein går inn i detaljane.

6. Identifiser den overordna problemstilling

Dette er ikkje eit spørsmål om kva studien handlar om, men meir om kva overordna området forskarane ynskjer å bidra. Informasjon om dette finn du vanlegvis i introduksjonen. Her kan du også finne informasjon om kva ny kunnskap studien har som mål å gi.

7. Metoden avgjer ofte kvaliteten av studien

Kort oppsummert vil du i metodedelen finne kva forskarane har gjort. Det avgjer ofte kvaliteten av studien. Er den metodiske tilnærminga enkel, er det vanlegvis slik at vi ikkje kan trekke så mange slutningar av funna. Eit døme er om vi ser på kor mange lærar i prosent som er skårar høgt, medium og lågt på emosjonell støtte, klasseromsorganisering og læringsstøtte. Denne informasjonen kan vere nyttig, men fortel oss lite til dømes om samanhengen mellom dei tre omgrepa, korleis dei er relatert til andre områder, eller om dei overlappar. Då trengs meir avanserte tilnærmingar.

Eit døme på dette er studien postdoktor Trude Havik har gjort i CIESL av korleis elevar som vert utsett for mobbing opplever støtte og oppfølging frå lærarane. Denne studien inngår i fleire studiar som ser på om vi kan måle korleis elevar opplever emosjonell støtte, klasseromsorganisering og læringsstøtte frå lærarane på ein påliteleg måte. Som ledd i dette arbeidet, er det eit mål med studien å undersøkje korleis elevar som er utsett for mobbing opplever støtte frå lærarar. Her har Trude tatt hensyn til, eller kontrollert som forskarar gjerne seier, for andre forhold vi trur kan virke inn på opplevd lærarstøtte, i dette tilfelle til dømes relasjonar til medelevar og sosioøkonomiske forhold.

Ein kan sjølvsagt ikkje ta omsyn til alle moglege faktorarar, så her er det viktig å vektlegge det mest sentrale. Med kunnskap om feltet vel forskarane ut områder ein basert på teori og tidlegare forsking veit kan verke inn. Ein annan styrke ved studien til Trude er at ho har tatt omsyn til at elevar går saman i ulike klasser, og har ulike lærarar. Sjølv om dei ulike elevane kanskje opplever lærarane ulikt, så er det ofte slik at det elevar som går i same klasse har noko til felles, som dei ikkje har til felles med andre elevar. Altså svara dei gir på spørjeskjema er delvis avhengig av kva klasse dei går i. Dette kan ein ta omsyn til ved å gjere ei fleirnivåanalysar, også kalla multinivåanalyse.

Sjølv om dette har vorte stadig meir vanleg er det altfor ofte at studiar av ulike læringsmiljøfaktorar ikkje tek omsyn til at elevar er grupperte i klasser og har noko felles, som dei ikkje har felles med andre elevar. I det minste bør det vere undersøkt om dette har noko å seie, for ein del områder vi gjerne undersøkjer innan læringsmiljøstudiar, har det lite å seie kva klasse elevane går i, og endå mindre kva skule dei går på. Det vil seie at det er lite forklart variasjon på klasse eller skulenivå, altså det er lite av svara deira som er forklart av at dei går i ei gitt klasse eller på ein gitt skule.

Forlet vi døma og tar for oss metode i artiklar meir systematisk så vil du, kort fortalt, i metodedelen finne ut hva forskarane har gjort. Det startar gjerne med ei skildring av populasjonen (dei ein vil finne ut noko om) ein har undersøkt (kven, kvar, kor gamle osv.), korleis deltakarane er rekruttert og korleis studien er bygd opp (forskingsdesign).

Vidare finn ein her informasjon om kva ein har målt og korleis ein har målt det (måleinstrument), kva analysar som er gjennomført, kva ein har kontrollert for og eventuelt kva kriterium ein har sett på å inkludere eller ekskludere deltakarar. Etiske problemstillingar, t.d. korleis ein har gitt informasjon til deltakarane og samla inn samtykke.

Noreg er, saman med t.d. USA og Australia, av dei landa som har dei strengast personvernlovgjevnad. Det gjer mellom anna at vi her i landet ikkje utan vidare kan gjennomføre studiar på same måte som kollegaer i utlandet. Eit døme frå CIESL er at vi til dømes både må gi elevar og føresette detaljert informasjon om kva det inneber å delta i studien, og så må dei aktivt seie ja til å delta ved å returnere svarslippen som dei har fått tilsendt. Dette fordi vi lagar lister med kode og namn til alle deltakarane slik at elevane (og lærarane i skjema dei svarar på) nyttar same kode kvar gang dei svarar på spørjeskjema. Dette er nødvendig for at vi kan undersøkje t.d. om elevane sine rapportar om lærarstøtte aukar eller om lærarar opplever at dei vert dyktigare til å gi læringsstøtte gjennom perioden vi studierar der dei deltek i eit nasjonalt initiativ for å styrke ungdomstrinnet.

I mange andre land ville det her vere tilstrekkeleg at elevane/føresette har fått informasjon, og så får dei tilbod om å seie «nei takk» om dei ikkje ynskjer å delta. Det er klart at det vert meir papirarbeid for skulane når alle deltakar aktivt må seie ja til å delta. Fordelen med dette er at vi sikrar, så godt som mogleg, personvernet til den einskilde deltakar. Dette er ein styrke ved norsk forsking.

8. Resultata talar for seg?

I resultatdelen vil du finne ein presentasjon av kva resultat forskarane har funne etter å ha gjennomført studien. Dette er ei rein skildring av funna, du vil ikkje finne tolking av resultata her ettersom dette skal vere ei rein framstilling av funna utan vurdering.

I studiar som presenterer talmateriale, til dømes frå spørjeskjema, startar resultatdelen gjerne med ein presentasjon av deskriptiv statistikk. Dette er gjerne ei skildring av gjennomsnittsskårar for dei sentrale omgrepa som er granska og kor mykje dei varierer rundt gjennomsnittet og liknande. Det er gjerne tidleg i resultatdelen også presentert grunnleggande analyser som er nødvendig framstille for at ein skal kunne vurdere kvaliteten av dei resultata ein presenterer.

I CIESL-prosjektet vil vi til dømes ofte presentere resultat for «målemodellar» som er eit grunnlag for å vurdere kor gode analysane våre er. Når dette innleiande grunnlaget er presentert vert det viktigaste presentert, funna frå studien. Så mykje meir er det ikkje å seie om resultatdelen.

9. Drøftinga

I drøftinga tolkar og drøftar forskarane resultata frå studien i lys av teori og tidlegare forsking. Ofte er dei viktigaste funna samanfatta innleiingsvis, det kan vere greitt å starte her. Det gir innsikt i kva forskarane meiner er det viktigaste bidraget studien har gitt i form av ny kunnskap.

Det kan gjere det lettare å fylgje ei meir inngåande drøfting som kjem seinare, og som i visse tilfelle kan framstå litt innfløkt før ein vert van logikken i med denne type drøftingar. Her seier gjerne forskarane noko om kor vidt funna var venta ut frå teori på feltet, eller om dei skil seg frå tidlegare eller liknande studiar. Dei bør òg drøfte mulige årsaker til dette. Særleg om resultata er uventa. Generelt sett så vil det her vere ei drøfting av ulike sider ved funna.

Eit element som vanlegvis inngår i drøftingsdelen er ei vurdering at metodiske forhold ved studien. Kva er styrkane til studien og kva er svakare sider ved studien? Alle studiar har svake sider, men nokre typar forskingsdesign har færre enn andre. Skal ein til dømes kunne generalisere funna må ein ha eit representativt utval av den målgruppa ein granskar. Det er visse framgangsmåtar som då må vere ivareteke når ein vel ut dei som skal delta i studien.

Likeeins snakkar vi gjerne i daglegtalen om at det er samanheng mellom to faktorar, til dømes samanheng mellom at lærarar viser høg emosjonell støtte og fagleg og sosialt læringsutbytte hos elevane. Skal ein kunne seie noko om samanheng i forskingsmessig forstand krev det at ein gjer eksperiment som gjer at ein kan kontrollere for faktorar som kan påverke resultata.

I skulen er det ikkje så ofte vi har høve til å gjere reine eksperiment, særleg ikkje når vi granskar læringsmiljø som omhandlar relasjonar i klasseromet. Vi kan sjeldan fordele elevar tilfeldig i grupper som får ulike tilbod og samstundes oppretthalde naturlege undervisningssituasjonar. Vi kan kanskje fordele grupper eller klasser tilfeldig som får ulike tilbod, men då har vi ikkje lenger eit ekte eksperiment og må ta noko atterhald om funna.

Det er såleis nokre forskingsdesign som gir meir påliteleg resultat enn andre. Det vil vere for omfattande å gå grundig inn å dette her. Det er ein grunn til at masterstudentar brukar eit år av studiane sin til å lære om forskingsmetode og å gjennomføre eit eige prosjekt.

Ein fordel med studiar publisert i internasjonale vitskaplege tidsskrift er at desse er vurderte av minst to andre forskarar på feltet, så kalla fagfellar, som har gått igjennom studien vurdert og kommentert. Mellom anna er det naturleg at dei vurderer forskingsdesignet opp mot dei slutningane forfattarane gjer, og dei atterhalda forskarane tek: Har forfattarane grunnlag for å trekke eller antyde dei slutningane dei har gjort med utgangspunkt i studien.

Eit anna punkt som gjerne inngår i drøftinga er «implikasjonar for praksis». Her bør forfattarane seie noko om kva resultata, direkte eller indirekte kan bety for praksisfeltet. Diverre vert dette punktet ofte stemoderleg behandla, og eg innrømme gjerne at eg ofte syndar her. Ei forklaring er at dei fleste tidsskrift har begrensingar på kor lang ein artikkel kan vere, og dei synes å verte kortare og kortare.

Det å skulle gjere ei grundig drøfting av kva funn betyr kan bety for praksis krev plass og ofte vert det ikkje så godt plass til dette når ein skal ivareta alle krava til å dokumentere kvaliteten av studien. Eg innrømme gjerne at eg fleire gangar har tenkt at eg skal gå nærare inn på dette i ein fagartikkel, men det er ikkje alltid dette vert gjort. Samstundes kan resultat frå studiar vere eit grunnlag for formidling til praksisfeltet og gi opptakt til ny forsking.

10. Nokre nyttige nettstadar

Enkelte av tipsa over er henta frå ei av desse nettsidene. Nokre er retta mot visse typar studiar og artiklar, andre er meir generelle tips og kunnskap som kan vere nyttige når du skal forstå forskingslitteratur og vurdere kvaliteten.

Nokre artiklar er ikkje nødvendigvis av god kvalitet sjølv om dei har status som vitskaplege tidskrift. I prinsippet kan kven som helst starte eit nytt tidsskrift. Med såkalla «open acess» kan det vere mykje pengar å tene ettersom forfattarane gjerne må betale for å publisere i desse.

Eit tips kan vere å sjå sjekke om du finn tidsskriftet i Register over vitenskaplige tidsskrift. Dette registeret viser tidsskrift og forlag som der forskarane får uttelling for å publisere. Ein deler då tidsskrift inn i nivå 1 eller nivå 2, der nivå 2 gir best uttelling. Det er ikkje berre kvalitet som avgjer om eit tidsskrift får rangering som nivå 1 eller 2, eller ikkje vert rangert, men det er eit viktig vurderingskriterium.

Registeret gir ein rimeleg god peikepinn på kvaliteten til tidsskriftet, men ikkje eit eksakt mål. Til dømes vil det ta tid før nye tidsskrift vert rangert, og vi har og opplevd at tidsskrift som tidlegare har vore vurdert som seriøse og av god kvalitet har skifta praksis og falle utanfor rangeringa. Det er likevel ein rimeleg god indikasjon på kvalitet om tidsskriftet er rangert på nivå 1 eller 2.

Eit anna mål på kvalitet er såkalla påverknadsfaktor (Impact factor). Generelt er det slik at til høgre påverknadsfaktor til betre er det. Det er likevel ikkje så lett å gi nokon generell tommelfingerregel for kva som er høg påverknadsfaktor ettersom dette kan variere noko innan ulike fagfelt. Innan dei fleste felta innan utdanning kan det likevel vere ein peikepinn at tidsskrift med påverknadsfaktor over 1.0 er av rimeleg god kvalitet. Det betyr ikkje at det ikkje er verdt å lese artiklar i tidsskrift med lågare faktor.

Kanskje er kombinasjonen mellom rangeringa i nivå 1 og 2 og påverknadsfaktor ein god peikepinn. Eit tidsskrift med skåre under 1.0, men som er på nivå 1 eller 2 er vanlegvis av akseptabel kvalitet.

Forstå forsking og la det styrke praksis! Desse linkane kan vere nyttige på vegen: