Kva styrer og kva styrker samspelet mellom barnehagepersonalet og foreldra? Ein studie om kommunikasjon mellom personalet i ein barnehage og foreldre med migrasjonsbakgrunn
Ifølge rammeplan for barnehagen skal det kulturelle mangfaldet i samfunnet kome til uttrykk i barnehagen. Noverande rammeplan legg sterkare enn tidlegare rammeplanar vekt på ressursperspektivet i samband med språkleg og kulturelt mangfald i barnehagen.
The purpose of this article is to present and discuss some of the challenges in communication and interaction between a kindergarten staff and a parent group of migrant background. Based on an interview study conducted in a kindergarten, the article works to provides insight into and understanding of the kindergarten staff’s experiences and reflections from their efforts to improve communication and interaction practices in daily contact with parents of migrant background. The staff completed a kindergarten-based project of the initiative of the principal, in which all employees implemented specific communication and interaction measures. Then, in-depth interviews were conducted with all staff, as well as two focus group interviews with the same group of informants. The study is based on a dynamic concept of culture and highlights the challenges of asymmetric communication and the possibilities of communicating and interacting based on a resource perspective. The findings show that a movement has taken place towards dialogue-based reciprocity in the staff`s attitudes towards communication and interaction with these parents. The article argues that connection between a trying-out of concrete, professionally grounded practice and pedagogical reflection constitutes the necessary basis for a shift from a problem orientation to a resource orientation in communication and interaction. One outcome of this resource perspective was that the kindergarten staff recognized the parent`s experiences and perceptions as valuable for achieving the parental involvement required by kindergarten`s social mandate.
Introduksjon
Ifølge rammeplan for barnehagen (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 29) skal det kulturelle mangfaldet i samfunnet kome til uttrykk i barnehagen. Noverande rammeplan legg sterkare enn tidlegare rammeplanar vekt på ressursperspektivet i samband med språkleg og kulturelt mangfald i barnehagen. Dette gjeld også i foreldresamarbeidet. Foreldresamarbeidet i barnehagen bygger på foreldremandatet i formålsparagrafen (Barnehageloven, 2018, § 1) og lov om barn og foreldra sin rett til medverknad (Barnehageloven, 2018, § 4). Rammeplanen er klår i høve til barnehagen si plikt til å ivareta alle foreldre sin rett til medverknad og samarbeid med barnehagen (Kunnskapsdepartementet, 2017). Majoritetsbefolkninga blir tillagt hovedansvaret for inkluderingsprosessen og kommunikasjonen med dei ulike gruppene av minoritetsbefolkninga i opplæringssystemet i Norge som barnehagen også er ein del av (NOU, 2010). For at barnehagen sitt mandat skal kunne gjennomførast etter lova må det jobbast med kommunikasjon og samhandling også om ulike kulturforståingar og manglande felles språk skaper utfordringar.
Vi har lite forsking på kva som karakteriserar samarbeidsrelasjonane mellom barnehagen og ulike foreldregrupper (Wolf, 2018). I dei studia vi har, vert foreldresamarbeid sett på som ein viktig kvalitet i barnehagen sitt pedagogiske arbeid, men dei teoretiske og praktiske perspektiva som vert nytta, er i mindre grad tilpassa minoritetsspråkleg bakgrunn som ein dimensjon i samarbeidet (Andersen et. al, 2011; Bergsland, 2018). Vi veit likevel at foreldra sin bakgrunn har betydning. Til dømes fann Wolf i ein stor norsk survey (2018) at utdanningsbakgrunn speler ei rolle i foreldra sine erfaringar og meiningar om barnehagen.
Studien som denne artikkelen byggjer på tek utgangspunkt i eit dynamisk kulturbegrep og set søkelyset på utfordringane ved asymmetrisk kommunikasjon og på moglegheitene ved å kommunisere og samhandle på bakgrunn av eit ressursperspektiv. Foreldra i denne studien hadde hovudsakleg bakgrunn frå det afrikanske kontinentet og det sentral/sør-asiatiske område, i tillegg til Midt-Austen. Dei aller fleste av desse har flytta til Norge i løpet av dei fem siste åra.
Artikkelen tek utgangspunkt i fylgjande forskingsspørsmål:
Kva for utfordringar oppfattar barnehagetilsette at dei har i kommunikasjon og samhandling med foreldre med migrasjonsbakgrunn?
Korleis kan vi forstå dei erfaringane personalet fekk gjennom sitt arbeid med å styrke kommunikasjonen og samhandlinga?
I denne studien nyttar eg begrepet foreldre med migrasjonsbakgrunn slik dei gjer i artiklane av Van Laere & Vandenbroeck (2017 og Vandenbroeck, Roets & Snoeck (2009).
I 2018 var det 50 945 barn i norske barnehagar med minoritetsspråkleg bakgrunn (Utdanningsdirektoratet, 2019). Dette er ein auke på over 200 i høve til året før. Begrepet minoritetsspråkleg blir definert på ulike måtar, men utdanningsdirektoratet brukar denne definisjonen: «Minoritetsspråklige barn er definert ved at både barnet og barnets foresatte har annet morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk». Dette utgjer 18 % av alle barn som går i barnehage (Utdanningsdirektoratet, 2019). Dei fleste tilsette i norske barnehagar deler ikkje verbalt språk, og heller ikkje kulturbakgrunn, med desse borna og deira foreldre den fyrste tida etter deira ankomst til landet.
Kultur er eit komplekst begrep som blir definert på ulike måtar. Omgrep som idèar, verdiar, tradisjonar, symbol, overføring og forandring er omgrep som vert nytta i dei fleste kulturdefinisjonar (Klausen, 1992). I denne studien er det dei dynamiske trekka ved kulturomgrepet som er særleg interessant. I dette ligg ideen om at kulturar er resultatet av natur, politikk, sosiale strukturer og miljø (Nieto, 2018, s. 67). Poenget er at kultur er menneskeskapt og difor i utvikling, fordi menneska skapar og omskapar den. Kulturen vert gjort gjeldande i sosialt samspel (Dahl, 2013, s. 42; Nieto, 2018, s.67).
Ved å legge vekt på eit dynamisk kulturomgrep forstår eg altså samarbeid barnehageforeldre som ein prosess der begge partar står i ein kulturell utviklingsprosess, og der både barnehagetilsette og føresette utviklar ny kulturell kompetanse og forståing.
Kunnskapsgrunnlag
Dahl (2013) hevdar at kommunikasjonsaktørane sine ulike verdsbilde har stor betydning for meiningsskapinga. Verdsbilde, korleis kvar enkelt menneske ser på verda ut frå eigne verdiar, blir som eit kulturfilter som all kommunikasjon og informasjon blir filtrert gjennom. Både avsendar og mottakar er utstyrt med eit slikt filter, hevdar Dahl. Dette gjeld både verbal og nonverbal kommunikasjon. Difor vil begge partar kunne oppleve kommunikasjonen som utfordrande dersom verdsbilda er ulike. Bergersen (2017) legg vekt på at ein må gjere eit «dybdedykk» i eigen kultur for å bli bevisst kva forståing og bilde ein har av verda, for så vidare å kunne utvide eigen forståingshorisont. Bergersen hevdar vidare at styrkeforholdet kan påverke kva for verdsbilde knytt til dei involverte personane som får gjennomslag når to aktørar kommuniserer, og at det aktøren med mest innflytelse tar for gitt kan virke undertrykkande på den andre.
Både Van Laere & Vandenbroeck (2017) og Vandenbroeck, Roets & Snoeck (2009) set i sine studier søkelyset på ulike tilnærmingar i kommunikasjonen og samhandlinga mellom barnehagetilsette og foreldre med migrasjonsbakgrunn i Belgia. Eit av funna deira er utfordringane ved det asymmetriske styrkeforholdet mellom partane. Men funna gjev innsikt i at endring kan skje. ”The study shows how reciprocity maybe shaped in what is fundamentally an asymmetrical relationship between child care staff and parents” (s. 203). Dei fann også at måten foreldra med migrasjonsbakgrunn vart møtte av barnehagepersonale på hadde betydning for desse foreldra si oppleving av myndiggjering i samhandlinga. Denne kommunikasjonssituasjonen synest også å oppstå i norske barnehagar. I ein studie av korleis miskjenning og anerkjenning kjem til uttrykk i barnehagane sine møte med foreldre med migrasjonsbakgrunn, fann Bergsland (2018) at barnehagen synes å fungere på ein måte som gjer det lettare for nokre grupper enn for andre å motta anerkjenning. Ho fann at føresetnaden for at anerkjenning skal skje er at foreldra har kulturelle ressursar som samsvarar med det barnehagen er fortruleg med. Ho forklarar også korleis personalet sine bestemte forestillingar om «de andre» blir fastlåst og får betydning for foreldra sitt handlingsrom og medverknad i barnehagen. Ein kan altså forstå ein slik ulik tilgang til anerkjenning frå barnehagen som ein konsekvens av at foreldra og borna sine språklege og kulturelle erfaringar på morsmålet blir vurdert som uinteressante, eller som «feil type kapital», som Blackledge (2001) uttrykker det. Wolf (2019, s. 181) finn også i sin studie at mykje kan tyde på at foreldre med ein sosial og kulturell kapital tilsvarande personalet i barnehagen, har betre føresetnadar for å bli sett og høyrt enn foreldre med anna sosial og kulturell bakgrunn.
Den kulturelle bakgrunnen eit menneske har spelar ei rolle i all kommunikasjon, ifølge Gudykunst & Kim (2003) som er opptekne av kommunikasjon med «den framande». Dei hevdar at med ein gong vi knyter eit menneske til ein kontekst som er ukjend for oss, blir vi fort opptekne av mangelperspektivet. Vi konsentrerer oss om det den andre ikkje forstår, og blir mindre opptekne av at situasjonen også er omvendt: at vi sjølve forstår like lite av den andre (Gudykunst & Kim, 2003). Mangelperspektivet ser ut til å vere utbreidd i kommunikasjon og samarbeid med «den framande», hevdar dei. I foreldresamarbeidet i barnehagen vil det seie at ein fokuserer meir på utfordringane enn på det at foreldre med migrasjonsbakgrunn er ein ressurs. Becher (2006), Spernes og Hatlem (2013) og Glaser (2013) er opptekne av ressursperspektivet i kommunikasjonen med foreldre i barnehagen. Dei hevdar at foreldra, uansett opphav, er ein viktig ressurs i barnehagen, men at det krev god kommunikasjon og refleksjon for å innsjå at foreldra er profesjonelle på eige og eigne barns liv og at deira ressursar er like verdifulle alle andre sine. Samtidig, dersom barnehagelæraren skal fungere som ein god støttespelar for ulike foreldre, er det avgjerande å tileigne seg kompetanse for å møte ulikskap og for å nytte dei ulike ressursane på måtar som fremjar reell foreldremedverknad (Becher 2006; Glaser, 2013). Dette kan i andre omgang også få betydning for borna sin kvardag i barnehagen. Eg finn i ein tidlegare studie at god kontakt og kommunikasjon mellom barnehagepersonale og foreldre har positiv verknad på barnet si oppleving av å bli inkludert i barnehagen (Bergset, 2017).
Mange foreldre med migrasjonsbakgrunn har stor respekt for autoritetar representert ved barnehage og skule. Dette kan vere sterkt forankra i kulturen til desse foreldra, og det må ofte eit grundig samarbeid til for å snu denne autoritetsfrykta og erstatte den med tillit (Becher, 2006). Jacobsen og Thorsvik (2013) fokuserer på korleis det er muleg å utvikle god kommunikasjon mellom partane sjølv om dei ikkje opplever kvarandre som likeverdige og at det dermed kan oppstå asymmetriske styrkeforhold i samspelet. Dei hevdar at oppleving av asymmetrisk styrkeforhold ofte vil lukke ein kommunikasjon, medan oppleving av auka symmetri vil opne den. Dei ser på dette som ei utfordring som kan løysast ved refleksjon over eigne haldningar.
I det pedagogiske feltet er det diskusjon om kva tiltak som fremjar inkludering. Tiltak som til dømes Internasjonal veke kan ofte framstå som eit eingongshending som har lite verknad. Ein studie frå 2018 (Dewilde, Kjørven, Skaret og Skrefsrud) hevdar at små steg i form av enkle tiltak kan vere utgangspunkt for meir varig endring. Deira analyse av Internasjonal veke indikerer at tradisjonelle hierarki og maktforhold kan bli belyst under ei slik enkeltsatsing. I tillegg viser studien at internasjonal veke kan skape rom for kommunikasjon og nye forståingar.
I barnehagepersonalet sin kommunikasjon med foreldre med migrasjonsbakgrunn, kan prosessen bli einsidig om ikkje den språklege og kulturelle verdien til «den andre» blir aktivert i dialogen. Den bakhtinske dialogen (Bakhtin, 1984) er oppteken av «multivoicedness», det fleirstemte i dialogen. Dysthe (2001) oppsummerer den bakhtinske dialogen og respekten for andre sine ord og for eigne utgangspunkt slik:
Kjernen i den bakhtinske dialogen, om vi tenkjer på konkrete samtaler i skrift eller tale, er respekten for den andres ord, vilje til å lytte, forstå den andres premissar og bruke den andres ord som tankereiskap, men samtidig behalde respekten for sitt eige ord. (s. 14)
Desse kritiske refleksjonane er viktige i arbeidet med kommunikasjon og dialog mellom grupper med ulik bakgrunn.
Styraren er ein viktig aktør når det trengs nye tiltak i ein barnehage. Kuvaas og Dysvik (2012) hevdar at når tiltak skal setjast i verk ut frå opplevde behov i ein organisasjon, må leiinga vere sentral. Deretter er neste steg å ta stilling til kva tiltaka skal innehalde, korleis deltakarane best kan tileigne seg innhaldet og seinare benytte seg av det i eigen arbeidssituasjon. Ifølge Gotvassli (2013) er slike prosessar i barnehagen avhengig av forplikting og engasjement frå styrar. Dette krev ein tydeleg leiarstil, hevdar Gotvassli.
Metode og datagrunnlag
Forskningsinteressa gjeld altså barnehagetilsette sine erfaringar og refleksjonar frå eit utviklingsprosjekt om kommunikasjon og samhandling.
Studien er gjennomført i ein barnehage som er rekruttert ved deltaking i den nasjonale satsinga «Kompetanse for mangfold», KFM (UDIR, 2013). Barnehagen valde å gjennomføre sitt eige satsingsområde knytt til dette kompetanseløftet. Dette gjekk ut på at alle dei tilsette fekk i oppgåve av styrar å gjennomføre minst eit konkret/praktisk tiltak som hadde som formål å styrke kommunikasjonen med foreldra med migrasjonsbakgrunn. Dette skjedde på bakgrunn av at personale hadde uttrykt over tid at dei sleit med denne kommunikasjonen. Denne barnehagen har gjennomsnittleg to - tre barn på kvar avdeling som har foreldre med anna morsmål enn nordisk og/eller engelsk. Alle informantane har norsk majoritetsbakgrunn.
Det vart gjennomført individuelle semistrukturerte dybdeintervju med heile det faste personalet i barnehagen; fire barnehagelærarar og fem assistentar/fagarbeidarar. Temaet i intervjuguiden var korleis den enkelte opplevde kommunikasjonen med foreldre med migrasjonsbakgrunn før satsinga starta, og kva tiltak vedkomande valde for å auke kvaliteten i denne kommunikasjonen. Deretter gjennomførte eg fokusgruppeintervju fordelt på to grupper med dei same informantane. Målet med fokusgruppeintervjua var å få innsikt i den erfaringsbaserte kunnskapen som personalet hadde gjort gjennom prosessen. Data er innsamla ved lydopptak av intervju som seinare vart transkribert.
Analyse
Intervjua vart transkribert av meg sjølv og koda ved hjelp av NVivo-programmet. Analysestrategien har vore å arbeide empirinært, både i kodingsprosessen og i utviklinga av kategoriar. Det vil seie at eg har søkt å vere tett på empirien og å arbeide grunnleggande induktivt (Tjora, 2017, s. 197 ff.). Situasjonen har også vore den at ein analyseprosess tok til allereie under innsamlinga av data, då i form av notatar om umiddelbare refleksjonar over informantane sine responsar. Desse refleksjons-dataa vart i stor grad prega av ei teoretisk forforståing. I arbeidet med å utvikle analytiske kategoriar har både desse refleksjonane og ei orientering i kunnskapsgrunnlaget for studien spelt ei sentral rolle. Eg har med andre ord arbeidd meir deduktivt i denne fasen (Tjora, 2017, s. 211 ff). Gjennom det eg vil omtale som eit eksplorerande analysearbeid (Myklebust, 2018, s. 67), som også er lagt fram i forskarkollegium, har eg kome fram til at dei sentrale trekka ved datamaterialet kan omtalast med utgangspunkt i seks kategoriar. Desse kategoriane dannar utgangspunkt for presentasjonen av funna.
Etiske og kritiske perspektiv
Studien vart gjort i tråd med retningslinjene for NSD. Kommunen, barnehagen og dei tilsette er anonymisert og har skrive under på informert samtykke. Ei styrarinitiert satsing kan ha ein redusert grad av frivilligheit i seg. Når det så seinare blir forska på, kan det tenkast at dette blir oppfatta av aktørane som noko dei må vere med på. Dette har eg også teke med i betraktninga når eg har analysert datamaterialet. Eg har stilt meg spørsmålet i kor stor grad informantane har svart det dei trur eg vil høyre, sidan dette er forsking på leiingsinitierte tiltak i ein barnehage der kommunen har bestemt at dei skal vere med i KFM. I studien er det ikkje skilt mellom svar avgitt av barnehagelærarar og svar avgitt av assistentar og fagarbeidarar. Om dette hadde blitt gjort, kunne eg kanskje sett tydelegare om det var ulik grad av usikkerheit hos assistentar/fagarbeidarar og barnehagelærarar. Det er dessutan viktig å presisere at intervjua vart gjennomførte medan erfaringane frå satsinga var ferske og oppløftande slik at personalet kan ha vore påverka av dette.
Om utvalet av informantar hadde vore utvida slik at også foreldra hadde vorte intervjua om korleis dei opplevde gjennomføringa av tiltaka, ville studien fått ein anna design og resultata ville truleg blitt meir interessante og heilskapelege.
Funna kan ikkje generaliserast til å gjelde andre barnehagar, men resultata kan likevel vere interessante for andre på barnehagefeltet.
Funn
I første del av dette kapittelet knyter funna seg opp mot fire kategoriar som går ut frå dei individuelle intervjua. I dei to siste kategoriane knyter funna seg opp mot fokusgruppeintervjua.
Personalet si forforståing
I dei individuelle intervjua kunne eg spore ei forforståing hos informantane som teikna eit bilde av ei mangelfull tru på at kommunikasjon og samhandling med foreldra med migrasjonsbakgrunn var muleg å få til. Dette bygger både på personalet sine eigne fordomsfulle forestillingar og på mediaskapte forestillingar, ifølge informantane. Denne mangelfulle trua kan, ifølge informantane, skape hinder for kommunikasjon og samhandling. Dei tilsette fortalde at sjølv om dei veit at god kommunikasjon med foreldra med migrasjonsbakgrunn er viktig, såg dei fleste det som utfordrande å få kontakt med desse foreldra fordi dei opplevde så stor avstand i kommunikasjonen. Ein av informantane fortel:
Det virkar av og til som at foreldra ikkje VIL ha kontakt. Dei framstår som dei har lita tid i bringe- og hentesituasjonar, og andre tider er det eldre søsken som hentar og bringar og vi har ikkje kontakt med foreldra på fleire dagar. Eg har spurt meg om det er bevisst... Det vanskeleggjer i alle fall kommunikasjonen.
Fleire informantar fortalde at dei opplevde det vanskeleg å få augekontakt med foreldra når dei leverte og henta borna. Dei reflekterte over om dette hadde med kulturelle uttrykk å gjere. Ein av informantane refererte her til ei historie som Djulaha! (2003). I tillegg hevdar fire av informantane at oppslag i media kan skape stereotypiar ved at det stadig blir framheva kor vanskeleg det er å få til inkludering i samfunnet. «Vi høyrer stadig i debattar at innvandrarar ikkje vil lære norsk og at inkludering er ein utopi» seier ein av informantane. Denne opplevinga er det fleire informantar som deler under fokusgruppeintervjua. Det blir også nemnt at sosiale media problematiserer mangfald og inkludering. Eit par av informantane undrar seg på om dette kanskje kan medverke til at dei vel å trekke seg tilbake i kommunikasjonen og tenkjer at det ikkje nyttar å prøve. Dette kan oppfattast som stereotypiske forforståingar av «den framande».
hadde fortalt på ein konferanse og som ho også refererer i bokaLoveleen Kumar (2003) fortel om misforhold mellom reaksjonane dersom den vesle jenta hadde gjort noko ho ikkje burde gjere. Faren, som var inder, snakka til henne og sa «slå blikket ditt ned og vis meg respekt», medan læraren i den norske skulen sa «sjå meg i augene og vis meg respekt».
Personalet sin skepsis
I analysearbeidet fekk eg tydeleg inntrykk av at fleire av informantane var skeptiske i forhold til å vere med på denne satsinga som styrar hadde initiert. Til tross for at dei opplevde å kome til kort i kommunikasjonen med mange av foreldra i barnehagen som hadde migrasjonsbakgrunn, og at dei i tillegg var klar over at mandatet deira var tydeleg i forhold til deira ansvar for å inkludere alle foreldre i barnehagekvardagen, vegra dei seg for ein ny praksis.
Då fleire av dei tilsette kom til styraren og sa at dei ikkje fekk kontakt med foreldra med migrasjonsbakgrunn, så fortel dei at styraren svarte: «Har du prøvd?» Nokre av dei tilsette innrømmer at dette vart tankevekkande for dei, og eit par av dei uttrykker også at dei i starten vart litt provosert og kjende på ei sperre, men at det også skapte refleksjonar. «Eg syns jo sjølv at eg hadde prøvd, men etter kvart kom eg fram til at det var halvhjerta prøving», fortel ein av informantane. Styrar bestemte etter kvart at kvar enkelt i personalgruppa skulle gjennomføre minst eitt tiltak som dei trudde kunne styrke denne kommunikasjonen. Styraren bad om at tiltaka skulle vere gjennomført innan to månadar. Fleire av informantane fortel at dei opplevde noko motstand mot dette «påbodet». Dette kan tolkast som ein skepsis til å utføre tiltak på bakgrunn av styrar si initiering.
Personalet si usikkerheit
Nokre av informantane opplevde stor usikkerheit i samband med å skulle velje tiltak som skulle styrke kommunikasjonen med foreldre med migrasjonsbakgrunn i barnehagen og nokre uttrykte at dei grua seg. «Vi måtte først finne ein icebreaker for å kome i gang», uttrykte ein av informantane. Det var tydeleg at somme av informantane brukte lang tid på å kome i gang med tiltak. Ei av dei fortel at ho vart meir og meir usikker til lenger inn på fristen det leid, men etter å ha snakka med ein kollega som var i gang med tiltak, fekk ho litt meir motivasjon:
Tenk at det var så vanskeleg i forkant når det faktisk gjekk an å bryte lydmuren overfor foreldre som eg nesten aldri hadde snakka med før, berre ved å spørje om å få lære to ord,- to enkle ord: «hei» og «hadet», på deira morsmål. Og så var vi plutseleg i gang!
Det tydelegaste teiknet på usikkerheit i forhold til samhandlingstiltak er ein informant som fortel at ho truleg ikkje hadde sett i gang noko liknande tiltak utan at styraren hadde initiert det. Ho seier:
Eg er jammen gla for at eg vart nøydd å gjennomføre dette, elles hadde det nok ikkje blitt. Då hadde eg heller ikkje blitt kjent med desse interessante foreldra.
Personalet tilkjennegjev her ei usikkerheit overfor det som faktisk er deira mandat; å iverksette samhandlingstiltak for å styrke kommunikasjonen med alle foreldre, også dei med migrasjonsbakgrunn.
Konkret handling
Når informantane reflekterer over om kommunikasjonsutfordringane kan ha samanheng med foreldra si kjensle av å vere ein minoritet og at det kan oppstå asymmetri i relasjonen, ser dei dette i samanheng med at det er personalet som har regien. Ei av dei tilsette fortel om sine erfaringar:
Eg gjekk rett og slett ut av komfortsona mi og spurde om å få kome på heimebesøk i lag med ein tolk før barnet starta i barnehagen. Familien var nettopp komne til landet og eg ville gjerne bli kjent med heile familien. Eg fekk litt innblikk både i det livet dei levde i heimlandet og i deira syn på barn.
Ifølge den tilsette auka dette kompetansen hennar og samtidig skapte det meir symmetri mellom den tilsette og foreldra, sidan samtala føregjekk på foreldra si heimebane.
Det var liksom ikkje eg som hadde «makta». Eg fekk også ein heilt spesiell relasjon til barnet når ho starta i barnehagen. Det hende at ho kom bort til meg og sa: Du kjenner mamma og pappa min,- sant? For du har vore heime hos oss!
Informanten reflekterte også over skilnaden mellom denne heimen og andre heimar ho kjenner til. Ho såg ulikskapane, og oppsummerte slik i etterkant:
Korleis kan vi vere sikker på at det er «vi norske» som alltid har rett når vi tenkjer og handlar ulikt i høve til foreldra? Har eg hatt eit svaksyn for kva ressursane til foreldra med annan bakgrunn enn meg sjølv kan representere?
Samtidig spør ein av informantane kven sin kompetanse som tel mest i samarbeidet mellom personale og foreldre. Ho knyter det til arbeidet med den pedagogiske plattforma for barnehagen:
Kven sin kompetanse tel eigentleg mest? Det er rett og slett nødvendig å tenkje på ein annan måte fordi førestillingane våre er tufta i så fullstendig ulik jord, reflekterer informanten.
Dette viser at konkrete handlingar kan føre til erkjenning av asymmetrien i samhandlinga med foreldre med migrasjonsbakgrunn.
Kulturell utveksling
I fokusgruppeintervjua fortel informantane kor overraska dei vart over den gode mottakinga frå foreldra når dei først nådde igjennom til dei, og sameleis kor samarbeidsvillege foreldra var. Fleire av informantane karakteriserer foreldra som glade og interesserte. Dei beskriv også at det virka som foreldra kjende seg meir anerkjende etter kvart som dei i auka grad vart sett på som ressursar med reell medverknad i barnehagen. Ikkje minst har kommunikasjonen auka til tross for at dei framleis manglar felles verbalt språk. Foreldre og personale har funne alternative måtar å kommunisere på gjennom gestikulering og konkretar. Foreldra viser gjennom kroppsspråket at dei kjenner seg meir inkluderte, ifølge informantane.
Ein informant delte entusiastisk ei erfaring som ho karakteriserte som ei suksesshistorie:
Ei av mødrene var så å seie aldri å sjå i barnehagen. Far var av norsk opprinnelse og det var alltid han som bringa og henta jenta. Eg tenkte at dette skal vere mitt tiltak; å få mora på bana. På ei foreldresamtale der dei begge var til stades utfordra eg henne til å kome i barnehagen og fortelje om korleis folket i hennar heimland feira ortodoks jul. Det sa ho faktisk ja til. Og slik byrja snøballen og rulle!
Borna ville gjerne at denne mora skulle kome tilbake til barnehagen, og mora vart glad for å bli spurd igjen. Desse besøka førte, ifølge informanten, også til at dattera til denne mora fekk ein endra status i barnegruppa. Frå å ha ei mor som var fråverande i barnehagesamanheng, hadde jenta no ei mor som kunne tilføre barnegruppa interessante historier og video frå heimlandet. Barnet si interesse for å bruke morsmålet i barnehagen auka kraftig og det vart også interessant for dei andre borna å bruke enkeltord frå hennar morsmål sidan dei hadde opplevd det i aktiv bruk, fortel ein engasjert informant. Mange av informantane oppfordra foreldra til å lære bort helsingsord på sitt eige morsmål. Desse orda vart skrivne ned og hengt på tavla i garderoben. Etter kvart vart det helsa på tre og fire språk kvar morgon, fortel informanten. Dette førte til nye mulegheiter i kommunikasjon mellom personale og born, men også borna imellom.
Ein annan informant fortalde at ho spekulerte mykje på korleis ho skulle oppnå kontakt med kurdiske foreldre på avdelinga si. Ho fortel:
Eg gjekk og støvsuga heime og hadde musikk på øyret. Plutseleg kom eg på at det var det eg skulle bruke! Eg leita opp kurdisk musikk på YouTube frå heimlandet til ein av gutane på avdelinga og spelte den om morgonen når guten og faren kom i barnehagen. Dette gav umiddelbar respons både hos barnet og faren.
Informanten fortel vidare at faren bevega seg frå garderoben og inn på avdelinga for fyrste gong og at guten i form av bevegelse viste at han sette pris på å høyre kjent musikk. Seinare vart musikken brukt på familie-kafé i barnehagen og dansen vart leia av born og foreldre frå det aktuelle landet. Dette vart absolutt kommunikasjonsskapande, fortel informanten. Fleire informantar fortalde at dei laga plakatar frå dei ulike opphavslanda til borna der landet vart presentert slik foreldra og borna sjølve valde å framstille det.
«..når vi studerte desse plakatane var det borna som var ekspertane. Vi var den lærande».
Plakatane var også kontaktskapande mellom personale og foreldre med migrasjonsbakgrunn i bringe- og hentesituasjonar.
Det viktigaste denne kulturelle utvekslinga førte til, var truleg at personalet verkeleg oppdaga nokre av dei ressursane som fanst hos foreldra med migrasjonsbakgrunn.
Relasjonsbygging
Informantane uttrykker vidare i fokusgruppeintervjua overrasking over kva gjennomføringa av tiltaka gjorde med dei sjølve og deira haldningar. Dei fortel at interessa for, og kunnskapen om, kulturelt mangfald i barnehagen har auka og at det opplevde behovet for meir kompetanse på feltet er veksande. Det siste, men ikkje det minst viktige, er personalet si oppleving av det dei kallar synergieffekten; kva verknad tiltaka har hatt på borna til foreldra med migrasjonsbakgrunn og på relasjonen mellom personale/ barn og mellom barn/ barn. Samspelet i barnegruppa har utvikla seg merkbart positivt, hevdar fleire av informantane. Personalet fortel at dei opplever at borna gjev tydeleg uttrykk for at dei er stolte over at morsmålet deira, men også andre andre kulturuttrykk, har blitt synleggjort og aktivt brukt i barnehagen. Dette viste seg mellom anna i hente - og bringesituasjonar, men også i leik med dei andre borna. Nokre av informantane er òg opptekne av at dette har ført til betre kontakt også mellom barna og personalet. Ein av informantane stiller i tillegg spørsmålet:
Kanskje har det virka inn på kommunikasjonen mellom foreldre og barn når dei kjem heim og skal fortelje frå barnehagekvardagen sin også? Kva veit vi?
Personalet sine erfaringar av korleis styrarinitiert satsing aukar samhandlingskompetansen for alle aktørane i barnehagen kan, slik eg tolkar det, illustrerast slik :
Styraren fungerer her som ein dynamo ved å utfordre personalet til å sette i gang konkrete kommunikasjons- og samhandlingstiltak som så, ifølge informantane, fører til auka kontakt og forståing både i samspel med foreldre og barn.
Drøfting
Utgangspunktet for satsinga som studien i denne artikkelen er bygd på var ganske utfordrande. Informantane er ærlege på kor lite tru dei hadde på at det er muleg å få til god kommunikasjon med foreldre med migrasjonsbakgrunn. Dahl (2013) er oppteken av at det fins eit kulturfilter i kommunikasjon som han hevdar all kommunikasjon og informasjon blir filtrert igjennom. Slik eg tolkar funna i denne studien kan det virke som at informantane ser kommunikasjonen som ei større utfordring dess større skilnad det er mellom ulike menneske sine kulturelle referanserammer. Dette kan sjåast i samanheng med Bergsland (2018) sin studie om at det er lettare for nokre foreldregrupper enn andre å motta anerkjenning i barnehagen. Med utgangspunkt i det dynamiske kulturbegrepet (Dahl, 2013; Nieto, 2018; Bergersen, 2017) forsøker eg å finne samanhengen mellom forforståinga til informantane, refleksjonen som oppstår når styrar initierer iverksetting av tiltak og kva som sidan skjer i utviklinga av haldningar, kommunikasjon og relasjon mellom aktørane i prosessen. Informantane viser til ei forforståing som knyter seg til skepsis og usikkerheit overfor det dei opplever som foreldre som ikkje ynskjer augekontakt eller samhandling. Dette er interessant sett opp mot det Gudykunst & Kim (2003) hevdar at vi menneske konsentrerer oss om at den andre ikkje forstår, og blir mindre opptekne av at situasjonen også er omvendt: at vi sjølve forstår like lite av den andre. Altså ei tydeleggjering av at kulturfilteret Dahl (2013) snakkar om gjeld begge vegar. Eit par informantar reflekterer over personalet sin styrke i den asymmetriske relasjonen. Her er dei, slik eg forstår det, inne på kjernen i utfordringa. Ifølge Jacobsen og Thorsvik (2013) kan det vere vanskeleg å utvikle god kommunikasjon når partane opplever asymmetri i forholdet. Jacobsen og Thorsvik (2013) viser også til ein metode for endring av situasjonen, nemleg eigen pedagogisk refleksjon hos personalet. Dette ser eg fleire spor av i denne studien.
Skepsisen informantane opplevde i starten knyter seg til usikkerheita til korleis gripe fatt i ein prosess som kan endre både haldning og handling. Styraren sit initiativ var med på å dra i gang prosessen, og slik eg oppfattar informantane var tidsfristen som styraren sette også eit viktig trekk i satsinga. Ein av informantane er ærleg på at innsatsen hennar var avhengig av styraren som drivkraft. Og ifølge informantane gav dette ringvirkningar til utvida kommunikasjon og relasjon også til barna. Nokre informantar tenker seg også at det kan virke inn på kommunikasjonen i heimen mellom barn og foreldre når foreldra blir nærare knytt opp til
.Jamfør figur 1
Informanten som fortel om korleis heimebesøk hos ein familie auka jamstellinga i relasjonen og symmetrien i kommunikasjonen, opplever at respekten for den andre sin bakgrunn og ressusar auka fordi møtet fann stad på foreldra sin arena. Ho spør seg om ho har hatt eit svaksyn for dei ressursane som foreldre med anna bakgrunn enn ho sjølv har, representerer. Når slike spørsmål dukkar opp, tenkjer eg at eigen refleksjon og det analytiske arbeidet omkring årsakene til kommunikasjonsutfordringane har starta. Dette heng også saman med den Bakhtinske dialogen om respekten for «den andres ord» (Dysthe, 2001). Ifølge Jacobsen og Thorsvik (2013) vil oppleving av asymmetrisk styrkeforhold mellom aktørane ofte lukke ein kommunikasjon, medan oppleving av auka symmetri vil opne den.
At ein del migrasjonsforeldre kjenner på autoritetsfrykt (Becher, 2006) kan også vere ein av grunnane til at personalet opplevde det vanskeleg å oppnå augekontakt med foreldra med migrasjonsbakgrunn (jamfør fotnote 2). Det er avgjerande for samarbeidet at relasjonen mellom heim og barnehage blir så symmetrisk som muleg. I asymmetriske forhold kan det vere vanskeleg å få belyst dei sosiale og kulturelle ressursane til foreldra med migrasjonsbakgrunn. I samband med dette temaet, stiller ein av informantane eit viktig spørsmål i fokusgruppe-intervjuet: «Kven sin kompetanse er det eigentleg som tel mest?» Det går ikkje fram av materialet kva informanten meinar med kompetanse, men ho viser til grunntanken om foreldra som ressurs som er så vanskeleg å få inn i den pedagogiske plattforma for barnehagen, sjølv om dette er nødvendig for å få til den lovpålagde foreldremedverknaden (Barnehageloven, 2018; Kunnskapsdepartementet, 2017). Bergsland (2018) finn i si forsking at det synest som føresetnaden for at anerkjenning frå barnehagepersonalet skal skje er at at foreldra har referansar og ressursar som samsvarar med det barnehagen er fortruleg med. Dersom ikkje kan det lett bli asymmetri i kommunikasjonen, hevdar ho. Dette er alvorleg tankevekkande, men det samsvarar med det informantane i denne studien beskriv som sitt utfordrande utgangspunkt.
Informantane fortel korleis foreldra endra framferd og framtoning i relasjonen når dei opplevde gjenkjenning, anerkjenning, når dei fekk medverke og fekk framstå som ein ressurs for barnehagen. Ein av foreldra kom inn på avdelinga for fyrste gong fordi han gjenkjende musikken frå sitt eige opphavsland i barnehagen. Det blir understreka av fleire bidragsytarar til fagfeltet kulturelt mangfald i barnehagen at medverknad er vegen til anerkjennande kommunikasjon (Spernes og Hatlem, 2013; Glaser, 2013; Becher, 2006; Bergsland, 2018). Bergersen (2017) hevdar at å sjå på foreldra som ressurs, særleg om foreldra torer dele eit kritisk blikk til innhaldet i barnehagen, kan føre til refleksjon og kanskje til og med endring av praksis. Det å kunne bidra til barnehagen med å fortelje eventyr, lese bøker på eige morsmål eller lære bort enkle ord på morsmålet sitt blir sett stor pris på av foreldra, ifølge informantane i denne studien. Dette kan vere ein stad å starte i høve til å løfte foreldra sine ressursar og kulturelle verdiar fram i lyset.
Funna viser at personalet i barnehagen vart opptekne av andre kommunikasjonsformer enn den verbale under denne satsinga. Ved å nytte seg av bildemateriale og konkretar fekk dei nytt syn på korleis ein kan nå inn til kvarandre, også gjennom non-verbal kommunikasjon. Gjennom dette oppdaga informantane også tydelegare foreldra sine ressursar. Som Becher (2006) og Glaser (2013) hevdar er det vanskeleg å oppdage desse ressursane så lenge utfordringane i kommunikasjonen står i fokus. Det å skifte frå eit problemperspektiv til eit ressursperspektiv skjer ikkje utan refleksjon. Eit slikt perspektivskifte handlar i første omgang om haldningsendring. Tiltaka som er referert til i denne artikkelen, kan kanskje virke enkle og lite banebrytande, men det er likevel starten på noko nytt. Ifølge Dewilde et al. (2018) kan dei små steg knytt til konkrete tiltak også endre hierarkiet og styrkeforholdet mellom aktørane. Difor er refleksjonen som føregjekk gjennom dei semistrukturerte intervjua, men ikkje minst i fokusgruppe-samtalene, etter mitt syn svært viktig.
Informanten som reflekterer over at personalet og foreldra sine førestillingar om livet er «tufta i fullstendig ulik jord» er i pakt med utfordringane som Bergsland (2018) skisserer i si avhandling. Det vil ikkje seie at dei ulike tilnærmingane er umuleg å sameine, men at det som trengs er reflekterte haldningar, kritisk tenking og vilje til samhandling på tvers av ulike tradisjonar og kultur-tilknytingar. Det vil gjere det lettare å handtere utfordringane. Dette er eit interessant, og for meg nødvendig blikk å ha på kommunikasjonen. Dersom vi trur at det automatisk skal skje eit paradigmeskifte i måten å tenke på berre ved at menneske gjer landebyte, så kan dette vere med å hindre kommunikasjonen framfor å fremje den (Andersen et. al, 2011; Bergsland, 2018). Informantane fortel at dei har opplevd ei utvikling i eigne haldningar til kulturelt og språkleg mangfald i løpet av prosessen. Informantane si oppleving er at det var mykje lettare å få til kontakt og samhandling med foreldra med migrasjonsbakgrunn enn det dei hadde førestilt seg. Men dei er klåre på at det krevde ein gjennomtenkt innsats frå dei sjølve. Nettopp dette hevdar Spernes og Hatlem (2013) og Bergersen (2017) er nødvendig for å få til inkludering, sidan det er dei som representerer majoriteten, altså barnehagepersonalet, som har hovudansvaret for inkluderingsprosessen (jamfør NOU, 2010:7). Informantane sine erfaringar med at styrking av relasjonen mellom dei og foreldra også fører til ny og betre relasjon med borna, og borna imellom, er ein grunnpilar i høve til endringsprosessen som kan skje i barnehagen. I ein tidlegare studie, fann eg også at kontakta mellom barnehagepersonale og foreldre, har mykje å bety for barnet si eiga oppleving av å bli inkludert (Bergset, 2017).
Informantane etterspør også meir kunnskap om kulturelt og språkleg mangfald. Nytten av å tileigne seg ny kunnskap og kjennskap som igjen aukar sjansen til kontakt og kommunikasjon, vart formidla gjennom intervjua.
Kritisk refleksjon og konsekvensar for vidare samarbeid
Formålet med studien som ligg til grunn for denne artikkelen er, som før nemnt, å auke kunnskapen om kommunikasjon med foreldre med migrasjonsbakgrunn, ein kunnskap som både barnehagefeltet og barnehagelærarutdanninga kan få del i og gjere seg nytte av. Difor har eg i denne artikkelen presentert og diskutert erfaringane og refleksjonane personalet i ein barnehage har gjort med gjennomføring av ei satsing, der målsettinga var å styrke kommunikasjonen med foreldre med migrasjonsbakgrunn. Funna viser at satsinga som vart sett i gang i denne barnehagen har ført til refleksjon. Også kritisk refleksjon, som er bevisstheita om, og bruken av, nye perspektiv (Bergersen, 2017). Dette grunngjev eg med at informantane fleire gongar understrekar at dei gjennom satsinga har fått nytt innblikk i det pedagogiske arbeidet gjennom å møte foreldra med migrasjonsbakgrunn på nye arenaer og med større openheit. Studien viser også at aktiv innsats for å styrke kommunikasjonen med foreldre med migrasjonsbakgrunn har gjeve informantane forståing for større samanhengar. Eit eksempel er at asymmetrien i kommunikasjonen og mangelen på evne eller vilje til å oppdage ressursane til foreldre med migrasjonsbakgrunn, blir kopla saman som årsakssamanhengar til utfordringane i kommunikasjonen. Eg stiller meg spørsmålet om dette hadde skjedd utan at satsinga, men også intervjua og fokusgruppesamtalene med sine refleksjonar, hadde blitt gjennomført.
Informantane nemnde fleire gongar verdien av at styraren sette i gang denne satsinga. Dette samsvarar med det Kuvaas og Dysvik (2012) og Gotvassli (2013) hevdar at slike prosessar er avhengig av engasjement og tydeleg leiing frå styrar. Den klaraste tilbakemeldinga på dette var informanten som meinte at ho truleg ikkje hadde fått noko gjennombrot i kommunikasjonen med foreldra med migrasjonsbakgrunn om ikkje styraren hadde initiert denne satsinga. Dette funnet er samstundes gjenstand for svært kritisk refleksjon, i og med at barnehagetilsette er forplikta gjennom samfunnsmandatet til å arbeide for god kommunikasjon med alle foreldre.
At desse tiltaka også har hatt positiv verknad på samhandlinga mellom personalet og borna, og borna imellom, er ein synergieffekt ifølge informantane (jamfør fig.1). Eit spørsmål som er stilt, men ikkje løfta fram i artikkelen, er om satsinga også kan ha ein synergieffekt på kommunikasjonen mellom foreldre og barn når barna kjem heim frå barnehagen. Dette kunne det vore interessant å forska vidare på.
Eit kritisk spørsmål knytt til studien som det kan vere grunn til å stille er om tiltaka førte til varig omlegging av praksis i denne barnehagen. Som nemnt vart intervjua gjort på eit tidspunkt der erfaringane til personalet var ferske og rimeleg oppløftande. Er det grunn til å tru at endringane i kommunikasjonen vart vidareutvikla i positiv retning, eller er det lett å falle tilbake i gamle mønster? Dette kan undersøkast i vidare forsking i same barnehagen om det let seg gjere. Eit anna kritisk spørsmål er om styrkinga av kommunikasjonen mellom personale og foreldre gjaldt alle foreldra med migrasjonsbakgrunn eller om det var berre suksesshistoriene som vart formidla i studien.
Interessa for å styrke kommunikasjonen med foreldra med migrasjonsbakgrunn har auka betrakteleg i løpet av satsinga, ifølge informantane i denne barnehagen. Under fokusgruppeintervjua uttrykker personalet at dei ynskjer å arbeide vidare med dette temaet også etter at denne særskilde satsinga er avslutta. Dei grunngjev dette med at det er nødvendig for å auke kvaliteten på kommunikasjonen og for å skape grunnlag for reell foreldremedverknad. Dei etterlyser også meir kompetanse på feltet. Dette er viktige utgangspunkt for vidare forsking på kulturelt mangfald i barnehagen og spesifikt kommunikasjon med foreldre med migrasjonsbakgrunn og deira medverknad i barnehagen.
Litteraturhenvisninger
Andersen, C., Engen, T.O., Gitz-Johansen, T., Kristoffersen, C.S., Obel, L. S., Sand, S. og Zachrisen, B. (2011). Den flerkulturelle barnehagen i rurale områder. Nasjonal surveyundersøkelse om minoritetsspråklige barn i barnehager utenfor de store byene. Høgskolen i Hedemark. Rapport nr. 15-2011. Lasta ned 10.08.2018 frå https://www.academia.edu/5156491/Den_flerkulturelle_barnehagen_i_rurale_omr%C3%A5der_2011_
Bakhtin, M. M. (1984). Problems of Dostoevsky`s Poetics, Emerson, C. (red. og oms.). Minneapolis: Universtity of Minnesota Press. Lasta ned 08.08.2018 frå https://monoskop.org/images/1/1d/Bakhtin_Mikhail_Problems_of_Dostoevskys_Poetics_1984.pdf
Barnehageloven. (2018) Barnehageloven og forskrifter: Med forarbeider og tolkinger. Oslo: Pedlex.
Becher, A. A. (2006). Flerstemmig mangfold. Samarbeid med minoritetsforeldre. Bergen: Fagbokforlaget.
Bergersen, A. (2017). Global forståelse. Barnehagelæreren som kulturell brobygger. Bergen: Fagbokforlaget
Bergset, G. (2017). Først då blir det ekte vennskap: Kva opplever krysskulturelle barn som viktig for vennskapsbygging med andre barn i barnehagen? Barn nr. 4, s. 21–35, Norsk senter for barneforskning
Bergsland, M.D. (2018). Barnehagens møte med minoritetsforeldre. En kritisk studie av anerkjennelsens og miskjennelsens tilblivelser og virkninger. (Doktoravhandling) NTNU, Trondheim.
Blackledge, A. (2001). The wrong sort of capital? Bangladeshi women and their childrens schooling in Birmingham, UK. University of Birmingham.
Dahl, Ø. (2013) Møter mellom mennesker. Interkulturell kommunikasjon. Oslo: Gyldendal Akademisk.
Dewilde, J., Kjørven, O.L., Skaret, A., Skrefsrud, T.-A. (2018). International Week in a Norwegian School. A Qualitative Study of the Participant Perspective. Scandinavian Journal of Educational Research, 62(3), 474-486. DOI: https://doi.org/10.1080/00313831.2017.1306800.
Dysthe, O. (2001) Om samanhengen mellom dialog, samspel og læring. I: Dysthe, O. (red.), Dialog, samspel og læring. Oslo: Abstrakt forlag.
Glaser, V. ( 2013). Foreldresamarbeid- barnehagen i et mangfoldig samfunn. Oslo: Universitetsforlaget.
Gotvassli, K.-Å. (2013) Strategisk kompetanseutvikling i barnehagen. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Gudykunst, W.B & Kim; Y.Y. (2003). Communicating with strangers: an approach to intercultural Communication. Boston: McGraw-Hill.
Jacobsen, D.I. og J. Thorsvik (2013): Hvordan organisasjoner fungerer. Innføring i organisasjon og ledelse. Bergen: Fagbokforlaget.
Klausen, A. M. (1992) Kultur - mønster og kaos. Oslo: Ad Notam Gyldendal.
Kumar, L. (2003) Djulaha! Om å forstå annerledeshet. Oslo: Høyskoleforlaget.
Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen. Innhald og oppgåver. Oslo: Utdannings-direktoratet. Lasta ned 10.05 2018 frå https://www.udir.no/globalassets/filer/barnehage/rammeplan/rammeplan-for-barnehagen-nynorsk2017.pdf.
Kuvaas, B. og Dysvik, A. (2012) Lønsomhet gjennom menneskelige ressurser. Bergen: Fagbokforlaget.
Myklebust, R. (2018) Muntlighet i det flerspråklige klasserommet. En studie av elevers samtaler på norsk i femgruppearbeid på sjuende klassetrinn. Avhandling for graden ph.d. Det utdanningsvitenskapelige fakultet. Universitetet i Oslo.
Nieto, S. (2018) Language, Culture, and Teaching. Critical Perspectives (3rd ed.). New York: Routledge.
NOU 2010: 7 Mangfold og mestring: Flerspråklige barn, unge og voksne i opplæringssystemet Oslo: Kunnskapsdepartementet. Lasta ned 09.09. 2018 frå https://www.regjeringen.no/contentassets/4009862aba8641f2ba6c410a93446d29/no/pdfs/nou201020100007000dddpdfs.pdf.
Spernes, K. og Hatlem, M (2013) Den flerkulturelle barnehagen i bevegelse. Teoretiske og praktiske perspektiver. Oslo: Gyldendal Akademisk.
Tjora, A. (2017). Kvalitative forskningsmetoder i praksis, 3. utg. Oslo: Gyldendal Akademisk.
Utdanningsdirektoratets tall og analyse for 2018. Lasta ned 03.05.2019 frå https://www.udir.no/tall-og-forskning/statistikk/statistikk-barnehage/tall-og-analyse-av-barnehager-2018/barn-i-barnehagen/
Vandenbroeck, M., Roets, G., and Snoeck, A. (2009) Immigrant mothers crossing borders: Nomadic dentities and multiple belongings in early childhood education. European Early Childhood Edu-cation Research Journal, 17(2), 203–216. DOI: https://doi.org/10.1080/13502930902951452.
Van Laere, K. & Vandenbroeck, M. (2017). Early learning in preschool: meaningful and inclusive for all? Exploring perspectives of migrant parents and staff. European Early Child-hood Education Research Journal, 25(2), 243-257, DOI: https://doi.org/10.1080/1350293X.2017.1288017.
Wolf, K. D. (2018) Stakeholders`opinions of qality in Norwegian kindergartens. Early Years. DOI: https://doi.org/10.1080/09575146.2018.1547686
Wolf, K. D. (2019). Samarbeid i barnehagen – «Like barn leker best»? Perspektiver på samarbeid fra foreldre med ulik bakgrunn. Norsk pedagogisk tidsskrift, 103(02-03), 172-183. DOI: https://doi.org/10.18261/issn.1504-2987-2019-02-03-04.