KRONIKK: Mange elevar slit med å skilje marknadsføring frå informasjon. Omgrep som «kritisk tenking» og «kritisk tekstkompetanse» må vere meir enn fagre ord og fine målsetjingar.

Kronikken er hentet fra Forskning.no

Frå og med hausten 2020 skal den norske skulen rette seg etter ei ny læreplan, der kritisk tenking er løfta til overordna nivå, og «kritisk tilnærming til tekst» blir innført som eitt av seks kjerneelement i norskfaget.

Utfordringa blir å konkretisere kva det kritiske perspektivet faktisk inneber, og kva kunnskap elevane treng for å bli kritiske aktørar i det digitale og globale tekstsamfunnet.

Om ikkje skulen og lærarane får forskingsbasert hjelp og støtte til å fylle ambisjonane med konkret innhald og systematiske metodar, er det ein fare for at omgrep som kritisk tenking og kritisk tilnærming blir ståande som ambisiøse, men vage målsetjingar.

Kritisk tilnærming til tekst i undomsskulen og lærerutdanninga

Dette grip vi no fatt i gjennom eit større forskingsprosjekt. Målet er å finne ut korleis ein gjennom norskfaget best kan ruste ungdomsskuleelevar til å båe lese og skrive kritisk.

Vi skal kartlegge korleis arbeidet med kritisk lesing og tekstskaping skjer i skulen i dag, og korleis elevar praktiserer kritiske tilnærmingar i skulearbeidet.

I samarbeid med lærarar og lærarstudentar skal vi også utvikle og teste ut nye arbeidsmåtar og læringsverktøy for kritisk tilnærming til tekst.

Forskingsresultata vil gje eit sterkare grunnlag for å utvikle eit systematisk arbeid med kritisk tilnærming til tekst i ungdomsskulen og i lærarutdanninga.

Trua på den nøytrale sakteksten

Frå internasjonal og nasjonal forsking veit vi allereie at norske elevar presterer svakare på oppgåver knytt til saktekstar enn til skjønnlitteratur. Funn i nasjonale prøver, eksamensoppgåver i norsk samt nokre mindre forskingsstudiar, tyder på at norske elevar har stor tillit til tekstar som står fram som saksorienterte. Mange elevar har også problem med å skilje marknadsføring frå informasjon.

Andre studiar viser også at oppgåver i norske lærebøker gjennomgåande oppmodar elevane til å finne «rette svar» i teksten, medan elevane i liten grad blir oppmoda til kritisk lesing. Slik kan lærebøkene gi eit feilaktig inntrykk av at saktekstar gir nøytrale og eintydige framstillingar av verda.

Snapchat med ibuande ideologi

Kritisk tekstkompetanse i skulen må også knytast opp mot dei tekstane elevane sjølve skaper og publiserer. Ein kritisk tekstprodusent må blant annaforstå at digitale plattformer som Snapchat ikkje er nøytrale innhaldsformidlarar. Ein kritisk tekstprodusent må forstå at dei ferdigdefinerte formata, digitale verktøya og stadig foranderlege tekstnormene ber i seg ideologiar og verdiar.

Ein liten studie blant norske VGS-elevar viste at dei reflekterte lite over korleis plattformene til sosiale media set rammer for kommunikasjonen og utforminga av innhaldet deira.

Ungdommane vi snakka med meinte innlegga dei publiserte i sosiale media var personlige og unike, men analysane våre av det same biletmaterialet viste at ungdommane ofte brukte visuelle ressursar på ein stereotypisk måte. Når kommunikasjon som ungdommane sjølve oppfattar som personleg byrjar å likne reklame i form, kan også reklamen sine verdiar, idear og haldningar følgje med på lasset.

Å vere kritisk på norsk

I det digitale tekstsamfunnet går utviklinga fort: Det oppstår kontinuerleg nye sjangrar, plattformer og teknologiske verktøy. Korleis kan skulen halde tritt?

Ei løysing er å styrke elevane sin språklege og tekstlege kompetanse. Elevar vil i framtida bruke stadig meir tid på å arbeide med ulike typar tekstar frå nettet. Di større tekstmangfaldet og den digitale kunnskapsbasen blir, di større blir behovet for verktøy som set elevane i stand til å analysere, vurdere og utfordre bodskapen i ulike typar tekster.

Det sentrale er i mange tilfelle ikkje kor vidt teksten er sann eller falsk, men korleis ulike tekstskaparar konstruerer eit verkelegheitsbilde gjennom språk og andre uttrykksformer.

I land som Australia og Sør-Afrika er systematisk arbeid med såkalla critical literacy (kritisk tekstkompetanse) allereie delvis utprøvd og etablert i skule og lærarutdanning. Desse erfaringane kan vi trekkje vekslar på. Samstundes er det nødvendig at vi utviklar læringsverkty og pedagogiske måtar å arbeide kritisk på som er tilpassa den norske skulen, og dei unge som veks opp i det norske samfunnet.

Å lese mot teksten

Hilary Janks er ein sørafrikansk professor i anvendt språkvitskap. Ho beskriv kritisk tekstkompetanse som evna til å lese båe med og mot teksten.

Å lese med teksten dreiar seg om å kunne forstå innhaldet og hovudsynspunktet. Den kritiske eleven må også kunne lese mot teksten, og ikkje utan vidare godta eller ta for gitt det meiningsinnhaldet som blir formidla. Den kritiske eleven har evne til å oppdage korleis tekstar konstruerer eit verkelegheitsbilde gjennom språklege val, og gjennom andre uttrykksformer som bilde, layout, lyd og fargar. Den kritiske eleven kan også reflektere over kva effekt dei språklege og visuelle vala som tekstskaparen har gjort kan ha på lesaren.

Kvifor er det for eksempel slik at norske partileiarar ofte brukar eit personleg språk på Facebook, påfallande likt det språket som blir brukt mellom venner? Og kvifor vel nokon politikarar å ha eit profilbilde frå skiløypa, medan andre vel eit frå talarstolen i Stortinget?

Tekst og makt

Kritisk tekstkompetanse i det digitale tekstsamfunnet handlar om langt meir enn å gje elevane funksjonelle leseferdigheiter og kunnskap om kjeldekritikk. Den kritiske eleven treng omfattande innsikt i forholdet mellom språk, tekst og makt i samfunnet.

Det handlar om evna til å oppdage kva verdiar og haldningar som ligg innebygd i tekstar, kven sine interesser ulike tekstar tener, og kva påverknad ulike tekstlege framstillingsformer kan ha, både på enkeltmenneske og samfunnet som heilskap.

For å bli i stand til dette, må elevane få hjelp til å lese tekstar i kontekst og få innsikt i at tekstar kan nyttast til å utføre handlingar og skape ulike typar sanning. Gjennomgang av norske lærebøker, eksamensoppgåver i norsk, studiar av leseferdigheiter og møte med lærarar i etterutdanning, tyder på at desse perspektiva kan og bør implementerast betre i skulen.

Skulen, men også læreutdanningsinstitusjonane og forskarar, har eit stort ansvar for å sikre at vi i framtida lukkast med å utdanne meir kritiske samfunnsborgarar.