Slik blir undervisinga i grammatikk betre
– Grammatikkundervising blir brukt som eit botemiddel mot lita erfaring med språket, seier Sigrunn Askland. Ho har tatt doktorgrad på grammatikkundervising i norsk skule.
Mange tenker med gru tilbake til timane med grammatikk på skulen. Sjølv mange vaksne vil helst tenke så lite som mogleg på kløyvde infinitiv og forskjellane på presens partisipp og presens perfektum.
Sigrunn Askland har tatt doktorgrad på grammatikkundervisinga i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Ho meiner denne undervisinga bærer preg av å vere tradisjonell og gammaldags.
– Skriv elevane betre nynorsk om læraren står og messar om korleis dei skal bøye verba? Eg trur ikkje det, seier ho.
For lite og for mykje grammatikk
Askland har intervjua 42 lærarar som underviser i norsk, engelsk og spansk på skular i Agder-fylka og på Austlandet. Ho har òg observert undervisinga, og funne store forskjellar i korleis lærarane underviste i grammatikk i dei ulike faga.
Mens det var lite undervising i grammatikk i norsk bokmål og engelsk, var det mykje meir i spansk og nynorsk.
– Jo mindre erfaring elevane har med språket til dagleg, jo meir tid brukte lærarane på rein grammatikkundervising. I norsk hovudmål bokmål og engelsk er det forholdsvis lite slik undervising, på vidaregåande eksisterer det nesten ikkje, seier Askland.
Når ho besøkte skular som hadde nynorsk som hovudmål, fann ho at det ikkje blei undervist mykje i grammatikk i bokmål som sidemål. Nettopp fordi elevane var omgitte av bokmål til dagleg.
Askland ønsker seg meir fokus på grammatikk også i hovudmålet til elevane.
– Slik kunne ein gjere elevane meir medvetne om språket. Læraren treng ikkje bruke vanskelege ord, men kan vise korleis ord er byggeklossar du kan flytte rundt på. Det kan vere veldig gøy å jobbe med språk, men det er ikkje gøy å berre bøye verb.
Meir praktisk øving
Ekspertar har åtvara om at lærarstudentar kan for lite grammatikk. Lærarane Askland har snakka med, meiner at kjennskapen til grammatikk hos elevane også er mangelfulle.
– Elevane skal lære grammatiske omgrep allereie på mellomtrinnet, men for nokre kan det bli litt framand sidan ikkje omgrepa blir sett inn i ein samanheng. Når ein arbeider med tekst og grammatikk samstundes, vil det gi meir meining, seier Askland.
Ho peiker på at elevar på 10-11 år ikkje er modne nok til å forstå alle definisjonane og dei abstrakte orda som blir brukte i grammatikken.
– Lærarane kunne jobba meir med samanhengen i språkfaga. Elevane burde bli sett til å skrive og lese mykje meir. Det handlar om å øve seg. Teori og praksis må komme nærare kvarandre, seier Askland.
For å få praksisen til å nærma seg teorien, ønsker Askland at elevane i skulen skal møte nynorsken tidlegare, både ved å skrive, lese, og bli lesne for.
– Studiar viser at mange har negative haldningar til nynorsk som sidemål. Det kan vere fordi ein introduserer nynorsk i niande klasse ved å leggje fram bøyingsmønstre. Elevane burde heller lese meir, slik at nynorsk ikkje blir som eit framand fjøsspråk for dei, seier Askland.
Skriving som prosess
Askland arbeider sjølv som lærar, og undervisar i engelsk og spansk. Ho forsøker å aktivisere elevane, og la dei jobbe meir aktivt med språket.
– Skriving er ein prosess. Det er mange måtar å skrive ei setning på, og det å sette elevar til å produsere ein tekst på to timar utan korrektur eller korreksjon fremjar ikkje læringa, seier ho.
I staden bør elevane jobbe med grammatikken mens dei skriv, meiner Askland. Så kan læraren hjelpe elevane med ting dei synes er vanskelege.
– Det er ingen tvil om at slik undervising er enklare å få til med grupper på rundt 15-20 elevar. Ein kunne satsa meir på språkfaga ved å redusere klassane, seier ho.
Askland disputerte for ph.d.-grada ved Fakultet for humaniora og pedagogikk med avhandlinga Teacher Cognition and the status of Grammar Teaching in Norwegian Secondary Schools - A study of grammar teaching practices in the school subjects Norwegian, English and Spanish!