Endeleg er det yrkesfaglærarane sin tur. Yrkesfaglærarløftet (YFL) skal bidra til å heva kompetansen til yrkesfaglærarane. Ikkje berre for dei som deltek på vidareutdanningstilboda, men også for dei andre lærarane på skulen. Korleis er dette mogleg å få til?

KVA ERFARINGAR HAR LÆRARANE?

Sidan oppstarten av piloteringa av Yrkesfaglærarløftet i 2017 har vi vore involverte som undervisarar og forskarar i denne nasjonale satsinga. Vi har særleg vore opptekne av kva som skal til for at Yrkesfag- lærarløftet skal bidra til kompetanseutvikling på deltakarskulane. Dette er ein av intensjonane med satsinga. For å utvikla kunnskap om satsinga bidreg til dette, har vi valt å intervjua lærarar som har delteke på ei eller fleire vidareutdanningar i YFL. Det er desse lærarane som er bindeleddet mellom utdanninga og skulen. Å få fram lærarane sine erfaringar og refleksjonar er viktig for å kunna lukkast med å realisera intensjonane som ligg til grunn for YFL.

TA UTGANGSPUNKT I PRAKSIS

«Eg såg raskt utbytte av den nye kunnskapen og moglegheit til å prøva ting ut i eiga undervisning.» Når innhaldet i vidareutdanninga kan relaterast til eigen skulekvardag, gir dette meining og vert opplevd som verdifullt for lærarane. Dette gjeld teori dei blir kjende med gjennom lesing av faglitteratur, og arbeids- og undervisningsmetodar dei får erfaringar med gjennom vidareutdanninga. Dermed gir dette eit godt grunnlag for at ny kunnskap kan takast i bruk i eigen undervisingspraksis. I tillegg skapar det motivasjon for å dela kunnskapen med kollegaer.

UTFORSKING AV EIGEN PRAKSIS

Lærarane understrekar betydninga av å få tid til å reflektera over eigen praksis i lys av teori frå pensum og gjennom erfaringsdeling i små og større grupper. «Å setja ord på eigen kunnskap og ta del i medstudentar sin kunnskap og erfaring var veldig berikande.» Lærarane understreka nytta av at vidareutdanninga var lagt opp slik at mellomliggjande arbeid skulle gjennomførast i nettverksgrupper saman med medstudentar frå eigen skule. Dette har gitt lærarane positive erfaringar med samarbeid med kollegaer på tvers av fag og utdanningsprogram: «Vi har fått fleire kollegaer å spela på», seier dei. Éiin seier det slik: «Eg trudde ikkje at eg kunne samarbeida med kollegaer frå andre utdanningsprogram, men det kan eg faktisk.» Å inngå i slike nye læringsfellesskap opnar for eit breiare og rikare erfaringsgrunnlag for å utforska eigen praksis. Når til dømes lærarar frå bygg og helse- og sosialfag får erfaringar med samarbeid på tvers, ser dei verdien av og etterspør fleire slike nye samarbeidsarenaer.

TILRETTELEGGING FOR SAMARBEID PÅ TVERS

Å tileigna seg ny kunnskap og endra eigen undervisingspraksis er ein prosess som føreset tid og rom for utvikling både individuelt og saman med andre. Fleire trekkjer fram verdien av å bruka tid på å skrifteleggjera erfaringar gjennom korte fagtekstar der relevant teori blir nytta for å reflektera over eigen praksis. Å bruka tid på å prøva ut ny praksis i klasserommet og på verkstaden, er også viktig. Lærarane ønskjer tid til å øva både kvar for seg og saman med andre lærarar. Den største utfordringa under vidareutdanninga er knytt til gjennomføring av det mellomliggjande arbeidet i nettverksgruppene på eigen skul,e der lærarane skal samarbeida på tvers av utdanningsprogram. For å realisera potensialet som ligg i samarbeid på tvers av utdanningsprogram, må det setjast av tilstrekkeleg med tid og felles møtetidspunkt, slik at alle kan delta. Dette blir opplevd som ei stor strukturell utfordring. Når slike læringsfellesskap kan gi så stor gevinst, må det i større grad leggjast til rette for denne type samarbeid på skulane generelt, understrekar lærarane.

GODE ARENAER FOR DELING

Gjennom vidareutdanninga har lærarane fått kunnskap om og erfaring med korleis dei kan vidareutvikla eigen undervisingspraksis. Dette er kunnskap dei meiner er viktig at alle på skulen får del i. Å dela kunnskapen sin i store forum, der formidlinga ber preg av einvegskommunikasjon, har dei lite tru på. Derimot blir kunnskaps- og erfaringsdeling gjennom team og andre mindre samarbeidsforum trekt fram som gode arenaer for deling. Å endra praksis handlar om å øva saman og få reflektera over erfaringar i eit fellesskap. Det må skapast rom for ein slik måte å samarbeida på, og arbeidet må gå over tid. Eit slikt handlingsrom veks ikkje fram av seg sjølv. Samstundes blir det understreka at det ikkje er nokon automatikk i at kunnskapsdeling vil skje. Korleis lærarane skal brukast som ressurspersonar inn mot eige kollegium, må avklarast. Den rolla dei skal ha, må vera kjend for alle og inngå som del av skulen sitt utviklingsarbeid.

Å BIDRA SOM RESSURSPERSONAR

«Spør oss, vi vil bidra», går att når lærarane blir spurde om kva rolle dei kan ha som ressurspersonar på eigen skule. Dei vil gjerne ha eit tett samarbeid med skuleleiinga, og ser for seg ein dialog der dei saman finn ut korleis dei best kan nyttast som ein ressurs i kollegiet: «Ta oss med på råd», tilbyr lærarane, og forventar at skuleleiinga tek initiativ til desse dialogane. I YFL er det lagt som premiss at skulen må rekruttera minimum tre deltakarar til ei vidareutdanning. Dette kan knytast til intensjonen om at YFL skal bidra til kompetanseutvikling på deltakarskulane. Vi spør: Kan tre deltakarar bidra til å tenna heile lærarstaben ved ein skule?

Lærarane er tydelege på at dersom dei er fleire frå same skule som deltek på vidareutdanningar i YFL, vil det vera ein styrke for skulen. Når vi spør lærarane om deltakarane bør rekrutterast frå same eller ulike avdelingar, får vi til svar: «Ja, takk, begge delar.» Dersom deltakarane er rekrutterte frå ulike avdelingar, kan dette gi positive ringverknader i form av samarbeid på tvers av avdelingar og programfag. Er det fleire lærarar frå same avdeling, vil dette vera ei styrke for den enkelte avdelinga: «Er vi fleire til å øva saman, er det lettare å endra etablerte kulturar.» Uansett er det viktig at skuleleiinga tek medvitne val i rekrutteringsprosessen til vidareutdanningane i YFL, slik at dei lærarane som deltek på vidareutdanningar, best mogleg kan bidra som ressurspersonar inn mot eige kollegium. Lærarane vil tipsa leiinga om at det i rekrutteringsprosessen blir lagt til grunn at fleire lærarar deltek over tid, slik at det ikkje berre er dei same personane kvar gong. Dette er viktig for å unngå «at spranget til samarbeid aukar» i kollegiet. Når fleire deltek, vil det styrka kulturen for samarbeid og kompetanseutvikling ved skulen.

SKULELEIINGA MÅ FORPLIKTA SEG

Under vidareutdanninga er det viktig at skuleleiinga viser interesse for det lærarane held på med. Men det aller viktigaste, som av lærarane vert omtalt som ein kritisk fase, er tida etter avslutta vidareutdanning: «Oppfølginga på skulen i etterkant er avgjerande. Skal det lagast ein arena for kunnskapsdeling, må leiinga forplikta seg!» Dette inneber at skuleleiinga må ha regi og vera drivkrafta i utviklingsarbeidet. Ei målretta satsing på kompetanseutvikling inneber avklaring og tydeleggjering av roller sett i system. Det må leggjast til rette for samhandling og samarbeid der lærarane kan bidra som ressurspersonar i eit lærande fellesskap. Då kan tre lys, bidra til å tenna ein heil lærarstab.

Referanse

Artikkelen er basert på den vitskaplege artikkelen: Sekkingstad, D., & Syse, I. (2019). «Spør oss, vi vil bidra» – lærarar som lokomotiv for å fremje skuleutvikling – ein mogleg modell. In Ø. Helgesen, R. Glavee-Geo, G. Mustafa, E. Nesset og P. Rice (red.) Modeller Fjordantologien 2019. Oslo: Universitetsforlaget (pp. 437–455).