Ein ny, forskingsbasert høyrselstest kan avdekke kva talelydar som personar med cochleaimplantat ikkje høyrer. Slik kan habiliteringa bli skreddarsydd etter behov.

Cochleaimplantat (CI) er eit avansert høyreapparat som stimulerer høyrselsnerven direkte med elektrisk straum og kan gjere dei fleste sterkt høyrselshemma barn og vaksne i stand til å oppfatte lyd og tale. Ei ny doktorgradsavhandling kan no slå fast kor presist dei oppfattar talelydar. (illustrasjonsfoto: OUS)

Saken ble først publisert på forskning.no

Viss du blir beden om å gjenta eit tulleord som til dømes «ara», er dette ei vanskelegare oppgåve enn å gjenta eit verkeleg ord som «bil». Dette er fordi du kan gjette deg til innhaldet når du høyrer verkelege ord, mens når du høyrer tulleord må høyrselen vere endå meir skjerpa. Desse tulleorda kallar forskarane gjerne «nonsensord», og det har vist seg å vere veldig viktige ord for å kartlegge høyrselen til høyrselshemma personar med CI.

(Videoproduksjon: Colvin / UiO)

Arne Kirkhorn Rødvik, tidligere stipendiat ved Institutt for spesialpedagogikk, UiO. Nå audiofysiker ved Rikshospitalet, OUS. (foto: privat)

– Dei fleste barn med CI får etter kvart korrekt uttale. Det er derfor vanleg at folk dei møter i kvardagen lett overvurderer kor godt desse barna høyrer, seier Arne Kirkhorn Rødvik.

I si doktorgradsavhandling viser Rødvik at repetisjonstestar med nonsensord gir eit meir korrekt bilde av taleoppfattinga hos barn og vaksne med CI enn konvensjonelle testar med verkelege ord.

Kor godt fungerer CI-teknologien til å oppfatte detaljar i talen?

Rødvik stilte seg spørsmåla:

  • Kor godt fungerer CI-teknologien til å oppfatte detaljar i talespråket?
  • Er oppfattinga av lydar like god for CI-brukarar som for normalthøyrande?
  • Viss ikkje - korleis kan vi få eit mest mogleg presist bilde av vanskane med taleoppfatting?
  • Og kva kan gjerast for å betre vanskane?

Spørsmåla ligg i skjeringspunktet mellom medisin, lingvistikk, spesialpedagogikk og ingeniørfag. Denne tverrfaglege tilnærminga passa Rødvik som hand i hanske, og så godt at han bestemte seg for å skrive doktorgrad om temaet.

Rødvik er utdanna sivilingeniør i akustikk og jobbar som audiofysikar i CIeininga ved Øyre-nase-halsavdelinga ved Oslo Universitetssjukehus, Rikshospitalet. Han har brukt dei siste åra på forsking ved Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo.

I fjor disputerte han med doktorgradsavhandlinga: "Speech sound confusions in well-performing adults and children with cochlear implants, measured by repetition of mono- and bisyllabic nonsense words" («Oppfatting av språklydar for godtfungerande barn og vaksne med cochleaimplantat, målt med repetisjon av nonsensord med ei eller to stavingar»).

– I dette prosjektet ville eg finne typiske forvekslingar av vokalar og konsonantar hos høyrselshemma barn og vaksne med CI, og samanlikne dette med tilsvarande forvekslingar hos normalthøyrande.

For å måle dette, utvikla Rødvik ein test av taleoppfatting med nonsensord. Orda består av ei eller to enkle stavingar, til dømes «iki» [i:ki], «ojo» [u:ju] og «bab» [ba:b].

Grunnen til at han ikkje brukte vanlege norske ord i denne testen, var at han ville unngå at deltakarane brukte gjetting for å finne korrekt ord, i staden for å berre stole på høyrselen.

Bruk av cochleaimplat gir ikkje normal høyrsel

I forskingsprosjekt er det alltid viktig med ei normalgruppe, i dette tilfellet barn og vaksne med normal høyrsel.

– Resultata viser, ikkje overraskande, at dei som høyrer normalt, oppfattar fleire vokalar og konsonantar korrekt enn dei som har CI.

Barna med CI høyrer betre enn vaksne med CI

Eit anna funn var at barna med CI oppfatta fleire vokalar og konsonantar korrekt enn dei vaksne med CI.

Dette meiner Rødvik er fordi:

  • Dei fleste vaksne som deltok i prosjektet, miste høyrselen i vaksen alder, og fekk aldri like god taleoppfatting med CI som med den høyrselen dei hadde før. Fleire hadde heller aldri hatt normal høyrsel.
  • Dei fleste barna som deltok i prosjektet fekk CI før dei utvikla talespråk, og medan hjernen framleis var fleksibel nok til å utvikle funksjonell høyrsel "frå scratch".

Stemte konsonantar blir oftare forveksla enn ustemte

Dei stemte konsonantane, til dømes [b], [n], [m] og [v], vart oftare oppfatta feil enn dei ustemte, til dømes [p], [s] og [f]. Flest forvekslingar vart funne for dei nasale konsonantane, til dømes [n] og [m]. Ei slik forveksling kan føre til at "maken" bli oppfatta som "naken".

Forskjellen mellom ein stemt konsonant og ein ustemt er at stemmebanda vibrerer når vi uttalar ein stemt konsonant og ikkje når konsonanten er ustemt. Denne skilnaden kjem tydeleg fram om du held deg for øyra og vekslar mellom å seie "b" (stemt) og "p" (ustemt). Stemte lydar ligg i bassområdet i frekvensspekteret.

Film som forklarar kva stemte og ustemte konsonantar er:

(Videoproduksjon: NDLA)

– Eg såg at CI-teknologien ikkje kan gjengje stemte konsonantar heilt korrekt, truleg på grunn av kodinga av lyden og plasseringa av elektroden i cochlea (sneglehuset).

Stemte konsonantar vart ofte forveksla med ustemte, til dømes [b] med [p] eller [f] med [v], medan ustemte konsonantar aldri vart forveksla med stemte.

Overføring av bass-lydar til implantatet er ikkje optimal

Forskingsresultata viser kva vokalar og konsonantar som er vanskelegast å skilje mellom og indikerer at overføringa av lågfrekvente (bass-)lydar i CI ikkje er optimal.

– Dette er nyttig informasjon for dei som planlegg lytte- og taletrening for høyrselshemma, for dei som programmerar lyden i CI og for utviklinga av ny CI-teknologi, avsluttar Rødvik.

Rødvik jobbar for tida med å vidareutvikle nonsensord-testen til ein klinisk test som er lett å bruke i ein hektisk kvardag i høyresentralar, skular og spesialskular. Slik kan habiliteringa bli skreddarsydd etter behov.

Litteraturhenvisninger

Arne Kirkhorn Rødvik (2020): Speech sound confusions in well-performing adults and children with cochlear implants, measured by repetition of mono- and bisyllabic nonsense words. Institutt for spesialpedagogikk. Det utdanningsvitenskaplige fakultet. Universitetet i Oslo.

Rødvik, AK, Torkildsen, JvK, Wie, OB, Storaker, MA, and Silvola, JT (2018). Consonant and vowel identification in cochlear implant users measured by nonsense words: A systematic review and meta-analysis. Journal of Speech, Language, and Hearing Research 61, 1023–1050.

Rødvik, AK, Tvete, O, Torkildsen, JvK, Wie, OB, Skaug, I, and Silvola, JT (2019b). Consonant and vowel confusions in well-performing children and adolescents with cochlear implants, measured by a nonsense syllable repetition test. Frontiers in Psychology 10, 1–17.

Rødvik, AK (2008). Perception and confusion of speech sounds by adults with a cochlear implant. Clinical Linguistics and Phonetics 22, 371–378.
Cochleaimplantat (CI)