Endringar i opplæringslova vil truleg føre til nye måtar å sjå og løyse oppgåvene på når det gjeld å gi tidleg hjelp. I denne artikkelen drøftar forfattaren nokre av utfordringane i høve dette.

Kunnskapsdepartementet jobbar no med ei ny opplæringslov som skal erstatte dagens lov. Den nye opplæringslova vil ifølge Utdanningsdirektoratet tidlegast vere klar i 2023. Etter omfattande arbeid frå ulike utval, høyringar, meldingar og rapportar kan vi då sjå fram til endringar i systemet rundt elevar som treng tidleg innsats og tilpassingar i skolekvardagen. Men det er problematisk at det er ulike meiningar om kva tidleg innsats eigentleg inneber. Dette vil eg kome tilbake til.

Opplæringsutvalet som først hadde ansvaret for å utarbeide forslag til endringar i skolen, peika på at det var brei semje om følgjande problemområde:

  • Spesialundervisninga blir opplevd som sosialt stigmatiserande for mange.
  • Mange barn får hjelp for seint.
  • PP-tenesta utfører systemretta arbeid overfor skolen i for liten grad.
  • Mykje av spesialundervisninga blir utført av personar som ikkje oppfyller opplæringslova sine krav til fagleg og pedagogisk kompetanse.

Slik eg ser det, vil nytt lovverk bidra i riktig retning når det gjeld alle desse problemområda.

I § 11-13 som gjeld PPT, står det:

Kommunen og fylkeskommunen skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal samarbeide med og støtte skolane i arbeidet deira for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som har ulike behov for tilrettelegging av opplæringa. Tenesta skal

a) støtte og rettleie skolane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og eventuelt setje inn tiltak så tidleg som mogleg

b) hjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å oppnå eit inkluderande og tilrettelagd opplæringstilbod

Der lova eller forskrift til lova krev sakkunnig vurdering, er det den pedagogisk-psykologiske tenesta som skal utarbeide vurderinga.

Inkludering

Inkludering er løfta fram i lovteksten. Inkludering er eit omgrep som har vore brukt i lang tid, og som i stor grad har erstatta integrering i daglegtale og i fagtekstar. Inkludering viser til at alle har ein plass i fellesskapet. På den måten skal det også leggast til rette for at skolen skal romme alle. Salamancaerklæringa frå 1994 demonstrerte for første gong internasjonal vilje til slik inkluderande undervisning (). Erklæringa inneheld mellom anna følgjande punkt:

  • Elevar med særlege behov skal ha tilgjenge til vanlege skolar.
  • Skolar med inkluderande orientering er ofte dei mest effektive når det gjeld både undervisning, undervisningssystem og økonomisk kostnad.
  • I tillegg er inkluderande skolar med på å motverke diskriminerande haldningar og sikre utdanning til alle.

Den nye nemninga universell opplæring (tidlegare tilpassa opplæring) fell inn under dette. Om ein ser vekk frå dette som ei type standardisering av undervisninga, og at ein heller vel å sjå på det som ei moglegheit for alle til å delta ved at undervisninga blir tilpassa, er universell opplæring eit gode. Universell opplæring kan likevel problematiserast dersom ei forståing av dette omgrepet fører til at læraren får avgrensa handlingsrommet sitt i det daglege, slik at vedkomande ikkje får tatt i bruk det faglege skjønet sitt.

Når det gjeld inkludering, skal PPT hjelpe skolane der elevar har ulike behov for tilrettelegging. Altså: PPT skal konsentrere seg om inkludering med tanke på denne gruppa. Dette avgrensar PPT sitt mandat. Det er ikkje tenkt slik at PPT skal vere ein instans «for alle», eller at PPT skal vere kompetent på alminneleg skoledrift. PPT skal ikkje ha ansvar for å støtte den allmennpedagogiske kompetansen hos lærarar.

Førebyggande arbeid

PPT skal hjelpe til i førebyggande arbeid slik at tiltak blir sette inn så tidleg som mogleg. Det betyr at skolen må få hjelp til å kunne greie ut behovet for tiltak og tilrettelegging. Det er ein jungel av ulikt test- og kartleggingsmateriell, og det må sikrast at skolen gjer det som skal til for å kartlegge det som bekymringa er retta mot. PPT må vere budd på å kurse og hjelpe pedagogar i å bruke slikt materiell. Etter kartlegging må skolen sette inn tiltak og evaluere. Dette er eit krav før det meldast til PPT, og før det kan bli ein individsak / sakkunnig vurdering. Ny lov vil styrke at det er kompetanse i skolen når det gjeld dei som treng individuelt tilrettelagd opplæring (tidlegare spesialundervisning). Slik opplæring skal i regelen utførast av ein pedagog. Ei styrking av kompetansen tett på i skolen er tidleg hjelp, på rett plass og på det lågaste nivået.

Ein kunne sjå for seg eit spesialpedagogisk team på skolen, men no skal det spesialpedagogiske tonast ned (omgrepet i alle fall) – sjølv om hjelpa blir mykje den same og endå betre etter ambisjonane. Ein kan likevel sjå for seg eit slags «(inkluderings)team» der ein kan samle seg om kartlegging, utprøving og tiltak, eit fellesskap internt på skolen der ein kan drøfte saman og hjelpe kvarandre for å sikre tilfredsstillande utbytte av opplæringa både til grupper og einskilde elevar. Eit slikt team vil også kunne samarbeide med PPT jamleg, og det ville vore ei forbetring og effektivisering av samarbeidet. Med tanke på at PPT skal hjelpe til med kompetanse og organisasjonsutvikling, ville dette vere eit godt mottak for tenester. Det blir då skolen og teamet sitt ansvar at naudsynt kompetanse kjem ut til den einskilde tilsette.

Individuelt tilrettelagd opplæring

PPT skal framleis ta imot tilvisingar når skolen ser at elevar kan trenge individuelt tilrettelagd opplæring (tidlegare spesialundervisning). Då skal det utarbeidast sakkunnige vurderingar for dei det gjeld. Ein skal då greie ut om eleven sitt utbytte, kvifor det eventuelt ikkje er tilfredsstillande utbytte no, kva som er realistiske opplæringsmål, kva tiltak som kan gi tilfredsstillande utbytte, og kva kompetanse dei som skal gi opplæringa, må ha. PPT kan òg foreslå unntak frå kompetansekrava til dei som skal gi opplæringa.

Tidleg innsats

Å fjerne ordlyden «særlege behov» i lovteksten og formulere det slik at PPT skal samarbeide med og støtte skolane i det førebyggande arbeidet deira (den tidlege innsatsen), kan utilsikta føre til ein del misforståingar. Det er framleis slik at ein skal sikre tilbodet til elevar som kan ha ulike behov for tilrettelegging av opplæringa. Den store forskjellen er ikkje der mellom «særlege behov» og «ulike behov for tilrettelegging».

Spørsmålet blir ofte: Kva er tidleg innsats? Alt etter kven som spør, må ein ofte gi ulike forklaringar.

Tidleg innsats i høve til alder

Barnehagen kan i seg sjølv vere tidleg innsats når det gjeld utvikling og læring. Rammeplanen () med sine fagområde gir innhald til korleis barnehagen skal forstå mandatet sitt ut frå lovverket.

I skolen kan tidleg innsats vere å sette inn styrkt bemanning frå 1. trinn. Når ein sikrar god grunnbemanning, kan dette vere eit val skolen vil gjere for å tidleg oppdage behov for tilrettelegging og tilpasse opplæringa til kvar enkelt. I tillegg er det tidleg innsats å sørge for at dei som kan bli hengande etter, får intensiv opplæring i ein periode.

Tidleg innsats i høve til ulike nivå

Universelt, selektert og indikert nivå er ei vanleg inndeling når det gjeld førebygging og tiltak. På alle desse nivåa kan ein utøve tidleg innsats. Intensiv opplæring skal no inn i lovverket som ein del av det universelle nivået for 1.–4. trinn. Dette er eit tiltak som skolen skal sette inn og evaluere før eventuell melding til PPT.

FIGUR 1 Førebygging på ulike nivå

Tidleg innsats som systemarbeid

Å ha nokon å drøfte med i ei tidleg fase er førebyggande i høve til vidare problemutvikling. PPT si rolle her kan vere å møte inkluderingsgruppa/teamet på skolen. Då må ein stille krav om at teamet allereie har analysert utfordringa og sett til at tiltak er prøvde ut.

Tidleg innsats – å oppdage vanskar

Ein kan stadig møte på den tradisjonelle måten å tenke tidleg innsats på, som er å oppdage for så å sende vidare. Tidlegare hadde PPT ein funksjon der dei tok imot meldingar frå skolen utan tydeleg krav om forarbeid, og der dei måtte sortere ut dei med store vanskar og anbefale segregerte tiltak i form av spesialskole eller andre tiltak lokalt. Forventninga no er at skolen skal legge til rette

i det universelle tilbodet slik at fleire, helst alle, blir inkluderte. Om dei oppdagar eventuelle behov for hjelp, skal dei som nemnt sette inn tiltak og evaluere dei før dei eventuelt ber om vurdering av retten til individuell tilrettelegging (spesialundervisning). Ein føresetnad for å lukkast med dette er at PPT er inne med hjelp til kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling (systemarbeid) for å gjere skolen god på dette området.

Som nemnt i starten er det ei bekymring rundt at bruken av ordet spesialundervisning er stigmatiserande. Sjølv har eg ikkje vore så oppteken av dette. Det er ei ulempe med endring av omgrep om det skapar uklårheit. Eg skjøner likevel at grepa som er gjorde i forslaget til ny lov, kan motverke stigmatisering. Kanskje har dei rett dei som har gjort denne endringa, kanskje treng vi å bytte omgrep for å få endra praksis mot ein endå meir inkluderande skole? Det viktigaste, i tillegg til inkludering, er å gi tilbod til rett tid frå kompetente fagfolk og nytte ressursane som best vi kan.

Dette er avhengig av at fagmiljøet har ei felles forståing av kven som skal gjere kva, og veit om kva for rettar eleven har når det oppstår behov for tilpassingar.

Litteraturhenvisninger

ARNESEN A. & SØRLIE, M-A. (2010). Forebyggende arbeid i skolen I: E. Befring, I. Frønes & M.-A. Sørlie (red). Sårbare unge. Nye perspektiver og tilnærminger. s. 86–100. Oslo: Gyldendal Akademisk.

KUNNSKAPSDEPARTEMENTET (2017). Rammeplan for barnehagen.

MITCHELL, D. (2014). Hvad der virker i inkluderende undervisning. Frederikshavn: Dafolo.

NOU (2019:23). Ny opplæringslov. Forslag til ny opplæringslov og endringer i friskoleloven. URL: Høyring Forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova - regjeringen.no