To av tre norske gutar spelar dataspel dagleg. Men er det mor eller far som bekymrar seg mest? Svaret vil kanskje overraske.

Når det gjeld dataspel, er det er gutane foreldre bekymrar seg for. Og kanskje med rette? Medan 69 prosent av gutar mellom 9 og 17 år seier at dei spelar dagleg, seier berre mellom 15 og 19 prosent av jentene det same, ifølgje norske data frå undersøkinga EU Kids Online.

I ei doktoravhandling har Khalid Ezat Azam, stipendiat ved Institutt for medier og kommunikasjon, sett nærmare på barn og unge sine spelevanar og kva bekymringar dei fører med seg. Nokre av funna overraskar:

– Vi fann at det oftast er fedrar som er bekymra for at barnet spelar for mykje. Dette bryt med tidlegare forsking, som har peika i motsett retning. Men ofte er denne forskinga prega av at det i stor grad er mødrer som svarer, seier Azam. Medan det var omtrent like mange fedrar som mødrer med i undersøkinga til EU Kids Online.

Jenteforeldre snakka om fetrar og onklar

I Noreg var det 1001 gutar og jenter som tok del i undersøkinga, saman med anten mor eller far. Vel halvparten av fedrane uttrykte bekymring. Det var 62 prosent større sjanse for bekymring blant fedrane enn blant mødrene.

Azam har saman med professor Elisabeth Staksrud og forskar Kjartan Ólafsson analysert spørjeskjema frå undersøkinga der både foreldre og barn har svart.

I tillegg har han gjennomført kvalitative intervju med foreldre. Her fann han støtte for tidlegare forskingsfunn om at det er gutane foreldre er mest urolege for.

– Spesielt når foreldre snakka om å bli avhengig av dataspel, vart fokuset med éin gong snudd over til gutane. I nokre tilfelle intervjua vi foreldre til jenter. Desse var raske til å trekkje fram ein fetter, onkel eller nokon ein hadde lese om, seier Azam.

Han trur at gutane, i større grad enn jentene, er «skuldige til det motsette er bevist».

Vil vere føre var

– Det blir som på ein flyplass, der ein har visse målgrupper som ein mistenker er involverte i kriminalitet. Desse blir det sett i verk fleire tiltak mot, sjølv om det er uglesett. På same måte blir gutar følgde med argusauge når det gjeld speling. Ifølgje intervjua får foreldre med seg at fleire gutar får problem, og dei vil vere føre var, meiner Azam.

Kor ofte barnet spelte, betydde også noko for kor bekymra foreldra var.

– Skiljelinja ser ut til å gå mellom barn som spelar dagleg og dei som spelar sjeldnare. Viss barnet seier at det spelar dagleg eller fleire gonger om dagen, er foreldra meir bekymra, fortel han.

Avhandlinga har også fleire funn. Mellom anna tyda spørjeundersøkinga på at

  • foreldre bekymrar seg meir dess yngre barnet er
  • foreldre som vanlegvis er samde med barnet om reglar for speling, bekymrar seg mindre enn andre foreldre
  • foreldre bekymrar seg litt mindre viss barnet gjer skulearbeid dagleg eller omtrent dagleg.

Familiemiljøet betyr lite

Samtidig var det nokre funn som overraska Azam og kollegaene:

For eksempel ser ikkje barnet si oppleving av familiemiljøet ut til å bety noko for foreldra si bekymring. Barna vart mellom anna spurte om dei blir lytta til heime, om familien prøver å hjelpe dei og om dei føler seg trygge der. At desse faktorane ikkje ser ut til å bety noko, står i kontrast til tidlegare forsking på feltet.

Kor vidt barnet bruker tid på å møte venner ansikt til ansikt, betydde heller ingenting for foreldra si uro. Heller ikkje barnet si deltaking i aktivitetar utanom heimen såg ut til å bety noko.

Azam understrekar at sjølvrapporterte barnedata kan ha metodiske avgrensingar.

– Ein må også vere obs på at det var eit representativt utval som deltok i studien, der spelarar i risiko- eller problemsona forsvinn i massen, legg han til.

– Vi trur at bekymringa i stor grad handlar om ei føre var-tilnærming til dataspel som foreldre flest har, framfor ein reaksjon på allereie oppståtte problem. Familiemiljø og andre faktorar knytt til kva barnet gjer, ville truleg spelt ei større rolle viss utvalet hadde fleire problemspelarar eller familiar med høgt konfliktnivå.

Fedrar med bitre erfaringar?

Når fedrane, både i intervju og spørjeundersøkingar, uttrykte meir uro enn mødrene for at barna spelar for mykje, spekulerer Azam i at det kan henge saman med fedrane sine eigne erfaringar.

– Dette er ein foreldregenerasjon som har vakse opp rundt spel. Viss du er far og 45-50 år i dag, har du større sjanse for å ha spelt dataspel då du var yngre enn mor på same alder. Det kan hende at det var kjempemoro, men enkelte kan også ha opplevd at dei mista venner eller at det gjekk ut over karakterane. Dette er det nokon som fortel om.

– Om fedrane ikkje har opplevd slikt sjølve, har dei kanskje sett eller høyrt om andre som opplevde det, legg han til.

Både spele med og setje grenser

Samtidig tydar intervjua på at mødrer i større grad enn fedrar kjenner på eit press om å vere ein «dynamisk forelder»: i dette tilfellet å halde seg oppdatert på spel, vise interesse og lage reglar i samarbeid med barna, slik til dømes stiftinga «Barnevakten» oppmodar til.

– I intervjua fortel fleire mødrer om dårleg samvit for at dei ikkje er gode nok til å støtte opp rundt barna si speling og spele saman med dei. Det ser ut til at mødrer i større grad ønskjer å leve opp til dette idealet, fortel Azam.

Fedrane føler sjeldnare eit slikt press, ifølgje intervjua han har gjort. Dette kan også tenkast å påverke den bekymringa foreldre rapporterer, ifølgje Azam.

Khalid Ezat Azam sine funn overraska i forskinga på barn og unge sine spelevanar og bekymringane dei fører med seg. Foto: Julie Lucie Liljeroth/UiO.

– Kanskje er det lettare for fedrane berre å seie at dei er bekymra? Medan mødrene oftare spør seg kva ein god forelder er, og om ein slik forelder må vere bekymra for barna si speling? undrar han.

Azam trur at det i dag kan vere vanskeleg å vite kva som er idealet for ein god forelder på dette feltet. Han meiner at råd om å støtte opp rundt barna si speling ikkje passar for alle.

– Slike råd er skreddarsydde for teknologioptimistane. I framtida bør ein vurdere å gjere råda meir inkluderande, slik at dei treff foreldre og familiar med ulike syn på digitale media.

Azam sine funn er del av avhandlinga «Digital parenting in the risk society: Parents’ perception and mediation of video game risk», som blir forsvart 3. februar 2023.

Sjå Khalid Ezat Azam disputera med avhandlinga «Digital parenting in the risk society: Parents’ perception and mediation of video game risk».