Podkast: Slik blir du ein god lesar
Om du ikkje tvingar deg sjølv til å lese vanskelege tekstar, blir du heller ikkje ein betre lesar, hevdar professorane Espen Ytreberg og Helge Strømsø.
Å omfamne pliktlesinga. Det er lett for professorane å seie, tenkjer du vel, ein fullt forståeleg tanke.
For kanskje er du ein av dei nærare 300 000 studentane som aldri har diskutert politikk og filosofiske tankeeksperiment kring middagsbordet. Kanskje åt du middag åleine i den papirbokfattige leilegheita dykkar fordi mor di var på kveldsvakt og far din på ein brakkerigg ein stad.
Men fortvil ikkje.
I denne episoden av Universitetsplassen kan du høyre Helge Strømsø, professor i pedagogikk, og Espen Ytreberg, professor i medievitskap, enkelt forklare korleis vi alle kan trene oss til å bli gode lesarar.
Dette lærer du i episoden
Samtalen mellom Strømsø og Ytreberg er proppfull av tips til gode lesestrategiar, til dømes denne om annotering, altså det å ta notatar av det du les medan du les:
– Lesing, tenking og skriving heng saman på tusen ustoppelege måtar og bør kombinerast, seier Espen Ytreberg.
Du får dessutan ei forklaring på kvifor Helge Strømsø ikkje synest det er fruktbart å skilje mellom (lyst)lesing og analyse.
I tillegg reflekterer dei to kring kvifor:
- du alltid bør setje deg konkrete mål for lesinga
- ta pausar undervegs i lesinga
- du ikkje treng å vere så disiplinert i lesinga
- papirbaserte tekstar ser ut til å vere betre enn digitale
- du bør vakte deg for overdriven bruk av sosiale medium
- vi ikkje er så kritiske lesarar som vi kanskje burde vere
- korleis plikt- og lystlesing går hand i hand
Viktig å ha ein plan for lesinga
Vi les stadig i nettavisene at ferske studentar ikkje kjenner seg førebudde på krava dei møter på universitetet.
Tekstane hos elfenbeinstårnet er ofte lengre og meir kronglete enn tekstane ein får servert på vidaregåande eller plattformer som TikTok.
Helge Strømsø ser tydeleg at dagens nye studentar treng hjelp til å lære seg å bruke ulike tekstar som reiskap i kunnskapsutviklinga si.
– Difor brukar eg ein del tid saman med bachelorstudentane til å gå gjennom korleis akademiske tekster ser ut, korleis dei er bygd opp.
– Eg ber dei også bla gjennom og bli fysisk kjend med materialet dei skal arbeide med i løpet av neste semester. I tillegg diskuterer vi korleis studentane kan bruke tekstene, seier Strømsø.
Han understrekar: – Aller viktigast er det å planlegge korleis vi skal bruke tekstane og kva tid vi skal lese dei.
Brua frå vidaregåande til universitetet
Espen Ytreberg og kollegaer har også tatt grep for å hjelpe nykomarane: På Institutt for kommunikasjon og medievitskap tilbyr dei no eit eige emne i grunnferdigheiter, altså lese- og skriveferdigheiter.
Noko av det første Ytreberg gjer, å be studentane tenke på eit tema dei er interesserte i og dernest finne ein kunnskapsbasert tekst om dette temaet, gjerne ein populærvitskapleg. Denne skal dei så lese.
– Då får dei inn i hovudet ord og formuleringar, setningar og avsnitt som dei kan bruke hos oss i akademia. Skiljet mellom allmennretta kunnskapslitteratur og akademiske tekstar er langt frå vasstett, seier han.
Målet er å skape ei bru mellom tekstar dei er vande med å lese og skrive på vidaregåande og teksttypane dei møter på universitetet.
Seinare er det inga bøn: Studentane må også utfordre seg sjølve, meiner professorane. Det kjem dei ikkje utanom dersom dei skal bli gode lesarar.
– Om du ikkje stadig les utfordrande tekstar, lærer du heller ikkje noko nytt, seier Helge Strømsø.
Trøbbelet med mangfald
Tyngst er dette for dei som berre har lest det dei har fått servert i grunnskule og vidaregåande. Og dei er det fleire av for tida. Før studenteksplosjonen på 1980-talet var det berre kring 80 000 studentar i Noreg, mot dagens nærare 300 000.
– Studentmassen er mykje større no og difor også meir mangfaldig. Før kom dei fleste frå godt møblerte heimar der dei hadde ei bokhylle med mange bøker som dei leste og snakka om. Slik er det ikkje lenger, seier Strømsø.
Dette gir ei viss hovudpine til professorar som helst vil at studentane les attenhundretalslitteratur på originalspråka.
– Men det er sjølvsagt positivt at fleire vil ta høgare utdanning, seier Strømsø.
Ikkje minst er det bra for demokratiet. I ein mykje lest og diskutert Khrono-kronikk skreiv Ytreberg at makt og kunnskap framleis vil «være konsentrert i samfunnets kunnskapsbaserte, lange og krevjande tekster».
Makta, hevdar han i denne podkastepisoden, tilpassar seg ikkje studentane sine behov for tilrettelegging og tilgjengelegheit.
– Dei som skriv maktas verkelege tekstar – til dømes Noregs offentlege utreiingar og filosofibøker – er folk som ikkje tilpassar seg. Vi må vere såpass desillusjonerte at vi aksepterer at sånn er makta. Ho har ein tendens til å seie: «Eg kjem ikkje til deg, du må komme til meg», seier Ytreberg.
Ingenting å vente på, altså. God lytting, og god lesing!