Dette kan styrke relasjonane mellom elevane
I klasserommet er det ingen motsetnad mellom fagleg og sosial læring, syner ny forsking.
Artikkelen vart først publisert på forskning.no
Det er lett å tenkje at det å nytte mykje tid på å skape gode relasjonar i klassen, går ut over den faglege læringa. No syner ein ny studie at det ikkje stemmer. I klassar der læraren gjev god støtte til fagleg læring, er relasjonane mellom elevane betre enn i klassar med mindre slik støtte. Dette held seg også slik gjennom skuleåret.
– Sosiale og faglege læringsaktivitetar i skulen vert ofte sett som to motsetnadar. Denne studien syner imidlertid at lærarar som gjev god fagleg støtte, også kan vere med å styrke relasjonane mellom elevane.
Det seier professor Sigrun K. Ertesvåg ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (Læringsmiljøsenteret) på Universitetet i Stavanger.
– Å styrke relasjonane mellom elevane er viktig for alle elevar. Særleg kan det vere viktig for elevar som er i risiko for å ikkje lykkast på skulen, legg ho til.
Urolege for elevar si psykiske helse
Ein har dei seinare åra i aukande grad vore uroleg for elevar si psykiske helse. Samstundes rapporterer lærarar og skular om meir åtferdsproblem mellom elevane.
Ertesvåg og dei andre forskarane bak studien har difor sett nærare på to grupper av elevar som mange lærarar møter dagleg i klasserommet: elevar som sjølv rapporterte psykiske vanskar, og elevar som rapporterte utagerande åtferd.
– Elevar i begge desse gruppene rapporterte svakare relasjonar til medelevar enn dei andre elevane. For elevar med psykiske vanskar vart relasjonane til medelevane dårlegare gjennom skuleåret. Elevar med utaggerande aggresjon derimot rapporterte ingen endring gjennom skuleåret, fortel Ertesvåg.
– Kan ha to tankar i hovudet samstundes
Begge gruppene rapporterte svakare støtte frå lærarane enn medelevane. For elevane med psykiske vanskar fungerte god støtte til fagleg læring som ein buffer mot dårlegare medelevrelasjonar.
– Studien syner såleis at det ikkje treng vere ein motsetnad mellom støtta læraren gir til faglege læringsaktivitetar og arbeid med å skape gode relasjonar i klassa. Ein kan utan tvil arbeide med to tankar i hovudet samstundes, seier ho og legg til:
– Samstundes tyder funna på at det er ein føresetnad at støtta til faglege læringsaktivitetar må vere av høg kvalitet for at den samstundes skal fremme gode relasjonar mellom elevane.
Læraren si faglege støtte er viktig
Læringsstøtte handlar om korleis læraren legg til rette for at elevane lærer best mogleg. Korleis lærarane formidlar lærestoffet og gjev konstruktive tilbakemeldingar til elevane, er avgjerande for å auke forståinga av fagstoffet.
Læringsstøtte handlar også om samhandling mellom læraren og elevane. Til dømes interaksjonar som støttar elevane sitt engasjement i læringsaktivitetane, som fremjer kritisk tenking og ferdigheiter som gjer at elevane kan utvikle djup forståing for fagstoffet dei skal lære.
– Forsking kring faktorar som leier til at elevar lærer og utviklar seg optimalt, dokumenterer at læraren si faglege støtte er ein av dei mest sentrale faktorane, seier Ertesvåg.
Saman med emosjonell støtte og organisering av læringsaktivitetane er læringsstøtte dei viktigaste faktorane som skulen kan gjere noko med.
– Andre faktorar, som kjønn og familiebakgrunn, er òg viktige, men desse kan skulen ikkje endre, forklarar professoren.
– Sosiale og faglege læringsaktivitetar er ingen motsetnad
Studien vart gjennomført mellom 1.306 elevar og 79 klassar og deira lærarar på ungdomstrinnet.
Elevane vart spurt om lærarstøtte i læringsaktivitetar på hausten. Samstundes rapporterte dei på si oppleving av relasjonane mellom elevane i klassa, om eigen psykiske helse og utagerrande åtferd.
På slutten av same skuleår vart elevane på nytt spurt om relasjonene mellom elevane i klassa. Klasseromma vart også evaluert av eksterne observatørar fire gangar gjennom heile skuleåret. Dette danna grunnlaget for den observerte læringsstøtta.
Sosiale og faglege læringsaktivitetar i skulen vert ofte sett som to motsetnadar. Som foreldre kan ein vere uroleg for om det vert for mykje eller for lite av det eine eller det andre.
Denne studien viser at lærarar som gir god fagleg støtte også kan være med å styrke relasjonane mellom elevane.
– Det er difor ingen grunn til å sjå sosiale og faglege læringsaktivitetar som konkurerande aktivitetar dersom dei vert nytta målretta og systematisk til beste for elevane si utvikling og læring, seier Ertesvåg.
Referanse:
Sigrun K. Ertesvåg mfl.: Teachers’ instructional support and students’ peer relationships in the classroom. Teachers and Teaching, 2024. Doi.org/10.1080/13540602.2024.2389394