– Alt! Eg synest det er ein heilt umogleg samtale å vere med på, seier norskprofessoren.

– Vi har kanskje fått stadfesta enkelte artige fordommar, som at islendingane les meir sagalitteratur enn oss andre, fortel Marte Blikstad-Balas om stoda i dei nordiske klasseromma, som ho har forska på i fire år. Foto: Misha Frame Jemsek/UiO

– Med doktorgraden min i 2014 viste eg veldig tydeleg at nokre elevar i vidaregåande brukar frykteleg mykje tid på alt anna enn skule: sosiale medium, spel og den type ting. Eg skreiv kronikkar og vitskaplege artiklar om problema med det digitale. Dermed vart eg sett på som utruleg teknologifiendtleg, fortel ho i dette Tett på-intervjuet i podkastserien Universitetsplassen.

– Medan i dag trur eg mange synest at eg er ganske overoptimistisk på vegner av teknologi og digitalisering og alt for oppteken av moglegheitene dei gir, seier ho, – sjølv om eg meiner akkurat det same no.

Jau, ein blir veldig fort plassert i den såkalla skjermdebatten her i landet.

– Og det er fordi han er veldig polarisert, spissa og dessverre til tider ganske kunnskapslaus, seier Blikstad-Balas.

– Handlar ikkje om sosiale medium

Polarisert debatt eller ei, professoren i norskdidaktikk er ikkje redd for å dele tankar om korleis vi kan handtere både digitaliseringa og generativ kunstig intelligens.

Ho tvilar på at dei store digitaliseringsproblema i norsk skulesamanheng handlar om at ungane våre brukar heile skuledagen på plattformer som YouTube og TikTok og plasserer heller ein del ansvar for utfordringar i skulen hos lærarutdannarar, som ho sjølv også representerer.

Kva tenkjer Blikstad-Balas om kontroversane rundt det nye norskfaget? Visste du at ho har dobbelt statsborgarskap? Har ho digital eller fysisk kalender? Kor viktig var skulen for henne i oppveksten? Alt dette og mykje meir får du svar på i episoden. Foto: Monica Bjermeland / UiO

– Læreplanen har skyhøge ambisjonar for kva vi skal lære elevane digitalt, men i praksis gjer vi noko anna, og det handlar ikkje om sosiale medium, seier ho.

I haust avslutta ho og makker Kirsti Klette QUINT Senter for kvalitet i nordisk undervisning, eit nordisk senter for framifrå forsking, som Blikstad-Balas var nestleiar for i fire år.

Funna frå senteret tyder på at nordiske elevar får god undervisning på skulen, og at undervisninga er til å kjenne att på tvers av dei nordiske landegrensene.

– Men vi har også kanskje fått stadfesta enkelte artige fordommar, som at det er høgare temperatur i diskusjonane hos danskane enn hos svenskane og at islendingane les meir sagalitteratur enn oss andre, seier ho.

Leseopplæring i ei digital tid

Blikstad-Balas var berre 35 år då ho disputerte og tok literacy-feltet i Norden med storm. No er ho i gang med å sjå på korleis digitaliseringa påverkar leseopplæringa til ungane våre.

I FRAME-prosjektet (Framing Reading Across Mediums) skal ho undersøkje leseopplæringa i norskfaget, og det på nye måtar og i ordinære klasserom.

– Vi skal bruke fleire typar videokamera for å fange heile klassen og undervisninga som skjer. Og ekstra mikrofonar for å få data på så mykje lyd som mogleg. I tillegg har vi tenkt å gjere skjermopptak på dei digitale einingane elevane brukar, også det med lyd. Målet er å få med så mykje som mogleg av dei digitale aktivitetane og den digitale lesinga, fortel ho.

– I FRAME er vi opptekne av at lesing og leseopplæring på tvers av medium må studerast der det skjer, ikkje berre i isolerte eksperiment, seier Blikstad-Balas.

Kvifor går vi til lesinga på så ulike måtar, ville Jon Almaas vite då han snakka med Marte Blikstad-Balas i 2018. Skjermdump frå Praktisk info med Jon Almaas.

(Lenke til opptaket)

Kva professoren har å seie om kontroversane rundt det nye norskfaget, sitt doble statsborgarskap, eigne lesevanar og kor viktig skulen var for henne sjølv i oppveksten, det høyrer du i episoden. God lytting!