Kronikk

Folkehelsa er trua av pseudovitskap. Då må vi tenke nytt om kva barn lærer på skulen.

KRONIKK: Eit nytt kunnskapsløft i skulen trengst kanskje for at barn og unge stille betre rusta til å skilja mellom dårleg og god informasjon. Det kan forbetre helse, livskvalitet og førebyggja livsstilssjukdommar.

Hentet fra Forskning.no

«Vi må byggje opp motstandskraft hos kvar enkelt ungdom mot dei som lokkar med enkle løysingar på vanskelege problem» lyd det i Erna Solberg nyttårstale. Pseudovitskap er ein av «dei» som lokkar, og vi må bygge opp motstandskrafta hos kvar enkelt slik at vi redusera påverknadskrafta. Og skulen er ein naturleg arena for dette.

Pseudovitskap kan kort skildrast som informasjon som gjev ut seg for å vere vitskapeleg basert, men som ikkje er støtta av den nødvendige forskinga som trengst for å kunne reknast som vitskapelege faktum. Det kryr av slik informasjon, noko som er skadeleg for folkehelsa fordi det, leidd an av ulike medium, fører til forvirring, mytar og feilinformasjon. Og dei som er mest utsett og kanskje lettast påverka, er barn og ungdom.

Vi kan nok ikkje stoppe pseudovitskapen, derfor er det beste alternativet å byggje opp motstandskrafta hos han som les og høyre på. Men då må regjeringa og politikarar vise meir handling. Kanskje er det tid for eit større og omfattande kunnskapsløft i skulen?

Vi må redusere påverknadskrafta til «pseudo’en»

Vi lev i ei verd der «clicks» og «likes» fungera omtrent som valuta, og der det er mange kjelder til informasjon. Dette er nok i hovudsak kvifor pseudovitskap og såkalla «fake news» har blitt framtredande dei siste åra. Historisk sett har nok pseudovitskap alltid til ein viss grad vore ein del av kulturen vår, der vi i Noreg har hatt dei berømte «kjerringråda» som enkelte enno følgjer slavisk. Mange av desse råda er basert på eigne eller andre sine observasjonar, men er som regel ikkje støtta av forsking under kontrollerte tilhøve.

Problemet er at det i dag kryr av slik informasjon. Derfor, skal vi henge med i den globale utviklinga må vi og fornye oss. Vi må tilpasse både innhald og måten barn lærer på i skulen slik at dei stiller betre rusta til å møte utfordringane i kvardagen.

Regjeringa og politikarar må vise meir handling

Om regjeringas handlingsplan for kosthald (2017−2021) skriv helseministeren Bent Høie: «Gode vaner skapes tidleg. Det vi lærer i barneårene har vi ofte med oss videre i livet. Derfor er vi veldig opptatt av å stimulere barn og unge til å spise sunnere». Kunnskapen rundt emne som kosthald, fysisk aktivitet og psykisk helse må bli stimulert og styrka, men og forståinga av samanhengen mellom dei. Men måten dette blir formidla på bør kanskje fornyast. For pseudovitskapen luskar rundt hjørnet.

Kva med å auka grunnkunnskapen hos barn og unge slik at dei er betra rusta til å skilja mellom dårleg og god informasjon? Og på den måten stimulere til ei djupare forståing av samanhengen mellom kosthald, fysisk og psykisk helse.

Kva med å utvikle ein strategisk læringsplan og etterutdanne lærarar for å utvikle desse ferdigheitene på lik linje med krav i andre fag? Og korleis motverkar vi pseudovitskapen best? Jo, med det motsette, evidensbasert informasjon, nemleg forsking. «Men forsking er jo for komplisert for barn å forstå.» Tja, er det verkeleg det?

Store utfordringar i folkehelsa

I Noreg, som i andre land i vesten og verda over, får stadig fleire livsstilssjukdommar. I Noreg forårsakar dei meir enn 50 prosent av alle dødsfall. Kosthald og lite fysisk aktivitet er ofte den underliggande årsaka til overvekt og dårleg hjartehelse. Dette fører og til kraftig auke i type 2 diabetes. Omfanget har auka spesielt hos eldre, men og hos stadig yngre delar av befolkninga. Dette er bekymringsfullt sidan lengre sjukdomsforlaup aukar risikoen for hjarte- og karsjukdomar betrakteleg.

Derfor er det ekstremt viktig å bremsa denne utviklinga, og her er førebygging nøkkelen. Ettersom overvekt og diabetes hos barn og ungdom blir meir vanleg, så må denne førebygginga starte tidleg slik at vi kan skape gode vaner og auke forståinga av viktigheten av dette. Skulen er der vi kan nå flest og er derfor ein naturleg arena for å stimulere gode vaner og kunnskap.

Ei dårleg folkehelse er «big business»

Det at ein aukande del av befolkninga slit med overvekt, inaktivitet og psykisk helse, er ei gjennomgåande problemstilling, men og ein industri. Treningsprogram, diettar og kosthaldstilskot lovar bot og betring og tenar store summar. Folk blir freista, begynner på noko, men resultata kjem ikkje eller blir kortvarige. Livstilsforandring er vanskeleg for dei fleste og dårlege vanar er vanskelege å snu.

Eit godt døme er også sal av kosttilskot, som ofte lovar resultat på falske premissar. I tillegg til å vere unaudsynt i dei fleste samanhengar, er dei og ofte ureine med ingrediensar som kan vere skadelege i store dosar. I tillegg har sosiale medium vorte ei plattform for marknadsføring, der mange let seg påverka, og kanskje skapar seg eit skeivt bilete av kva som er normalt i tilhøve til kropp og helse. Mental helse er blitt meir opent, men og eit aukande problem.

Er der kanskje ein samanheng mellom at folk druknar i informasjon og derfor blir meir tiltakslause? Imens så florera pseudovitskapen og tenar nettopp på det at folk vil ha enkle løysingar på eit større problem.

Vi treng ei berekraftig folkehelse for å skape eit berekraftig velferdssamfunn

For å skapa eit berekraftig velferdssamfunn treng vi og ei berekraftig folkehelse. Dette vil både samfunnet og enkeltindivid tene på sidan livsstilssjukdomar kostar velferdssamfunnet milliardar kvart år.

Løysinga er nok til slutt meir komplisert og nyansert. Men tenk om teoretisk og praktisk læring i kosthald, fysisk og psykisk helse − gjennom forståing av god informasjon og kjelder − vert meir i fokus frå ein tidleg alder? Og tenk om dette kunne blitt prioritert på høgd med andre fag? Sett litt på spissen, så kanskje dette kan vere med på å forma ein meir robust, kritisk og informert samfunnsborgar som avslørar pseudovitskap, er sin eigen kosthaldsrettleiar og kan fungere både som sin eigen fysisk og mental trenar. Då er vi der.

Forfatterbilde

Ann-Katrin Grotle

Ann-Katrin Grotle er en norsk PhD Stipendiat i Treningsfysiologi ved The University of Texas at Austin (2016-2020). I tillegg til sin egen forskning, underviser Grotle bachelor kurset integrerende fysiologi laboratorium.

Grotle er interessert i forskning relatert til utfordringene som står i forkant av folkehelsen og hvordan vi kan komme med løsninger for å forbedre disse. Til daglig undersøker Grotle effekten av diabetes på kardiovaskulær kontroll under trening, så vel som underliggende mekanismer for et overdrevet blodtrykkrespons under fysisk anstrengelse. Hun har også fått flere priser for sitt arbeid på dette feltet.

Foreslåtte artikler