Grunnskolelærarstudentane som har valfaget Mat og helse vitja den økologiske garden på Ullandhaug tidlegare i haust.

- Eg likar å ta med meg studentane mine opp bakken bak Hulda Garborgs hus for å gi dei eit inntrykk av jordbruk og kor råvarene våre kjem frå. Kor kjem den kalkunbiffen i butikken frå? Korleis ser råvarene ut? spør faglærar Merete Hagen Helland.

Ho er ansvarleg for faget der studentane lærer om mat og kva måltider betyr for helsa. Emnet skal gi studentane grunnlag for praktisk matlaging og andre elevaktive læringsformer i mat og helse.

- Dei skal lære å lage trygg mat i tråd med dei nasjonale kostanbefalingane. Slik sett er dette eit fag som er relevant og nyttig privat også, med tanke på kosthald og hushald. Det er viktig for at elevane skal lære å lage sitt eige hushald, fortel Helland.

I tillegg til at studentane skal få kunnskap om grunnleggande ernæring skal dei også kunne nytte faget som læringsmiljø og danningsarena, og sjå faget i eit helsefremmande og samfunnsaktuelt perspektiv.

- Nyare forsking viser at ein fjerdedel av unge jenter er overvektige. Det er alarmerande. Kvifor er det slik? Det kan vi lære meir om i mat og helse! seier Helland.

Nokre av skulane i nærleiken av Ullandhaug økologiske gard har også ein eigen jordlapp der, som dei kan dyrka og hauste frå. Helland minner også om at det finst mykje vi kan dyrke heime i eigen hage.

- Eg håpar studentane får idear til korleis dei sjølv kan undervise. Kanskje finst det ein gard i nærleiken av skulen der dei går ut i jobb, som ein kan samarbeide med? Det er viktig å lære barn kor maten kjem i frå, og jo meir direkte dei kjem i kontakt med råvarene, desto betre er det.

Stor behov for kompetansen

Helland ser utfordringar for mat og helse-faget i framtida. Ho vedgår at det er ei utfordring at UiS berre tilbyr 30 studiepoeng i faget.

- Det gjer at vi konkurrerer mot andre fag når det kjem til spesialisering blant grunnskulelærarstudentane. Men, det er berre to stader i landet du kan ta 60 studiepoeng i mat og helse, og ved UiS gjer vi maksimalt ut av dei 30 studiepoenga vi tilbyr!

Ho er ikkje bekymra for dei som går ut frå UiS med mat og helse-faget på vitnemålet. Ho er heller uroa over at det er for få mat- og helselærarar ute i skulen.

- Dette er kompetanse som det er stort behov for i skulen. Det er kompetansemål i faget etter 4. 7. og 10. årstrinn. Med ei ny ordning der ein testar ut å ha eksamen i faget i 10. klasse trur eg kompetansen til elevane vil kome tydelegare fram. I forlenginga av det er det rimeleg å tru at behovet for kompetente mat- og helselærarar vil bli enda større, avsluttar Merete Hagen Helland.

Lærar i mat og helsefaget, Merete Hagen Helland, fortel om gardsbesøk