Nysgjerrig på nysgjerrigheit

Kva snakkar vi om når vi snakkar om nysgjerrigheit? I barnehagen kan omgrepet romme alt frå demokratiske prosjekt til det å lære om dyr i naturen.

Av Walter Norman Wehus

Alle er einige om at det er bra at barn er nysgjerrige, men alle er ikkje einige i kva nysgjerrigheit betyr.

– Nysgjerrigheit er eit mykje brukt omgrep i barnehagepedagogikken. Det finst mange teoretiske retningar med kvar sine meiningar om kva som er viktig i barnehagen, men når alle tykker nysgjerrigheit er viktig, er det noko som skurrar. Ein kan gå ut frå at det er ulike førestillingar om kva nysgjerrigheit er.

Det seier Soern Finn Menning. Han er førsteamanuensis på Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Agder og har tatt doktorgrada si på omgrepet nysgjerrigheit, og korleis det blir brukt i barnehagar.

Motsetningar kring nysgjerrigheit

Soern Finn Menning, førsteamanuensis på Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Agder.

– I barnehagen vil ein gjerne støtte at barn er nysgjerrige, men i kvardagen må det settast i ein samanheng. Det er mykje meir komplekst enn berre å støtte nysgjerrigheita slik som barnehagelova fordrar, seier Menning.

Han fann fleire motsetningar i korleis dei barnehagetilsette tenkte kring nysgjerrigheit. Det var til dømes ei motsetning mellom det profesjonelle og private: Du skal vere autentisk når du fortel om deg sjølv, men vere nøytral når du snakkar om religion.

Det kunne også vere ei motsetning mellom det å oppmuntre til nysgjerrigheit, og å formidle sosiale konvensjonar. Barn må gjerne vere nysgjerrige, men dei må ikkje stå og kikke inn vinduaga til naboen.

Nysgjerrigheit har heller ikkje same meining for alle. Det kan vere del av eit demokratisk prosjekt som oppmuntrar til å stille spørsmål kring sanningar og tilstandar. Men det kan også tolkast som å lære barna om dyr i naturen.

Heva refleksjonsnivå

Menning ønsker at doktorgradsarbeidet skal bidra til å heve refleksjonsnivået til dei barnehagetilsette og dei som utdannar dei. Ved å vere bevisste på situasjonane som oppstår i barnehagen, kan dei utvide førestellingane dei har om sin eigen praksis.

– Når ein er klar over at det er ulike argument for ulike praksisar rundt nysgjerrigheit, så har ein større valfridom og kan vurdere praksisen sin på eit djupare plan, seier Menning.

Foreslåtte artikler