Utviklar forsking og gode praksisar i kritisk tenking

Friske EU-midlar forlengar internasjonalt UiS-prosjekt med tre år.

Tekst og foto: Anja Kristin Bakken

 Professor Alexandre Dessingué er UiS sin prosjektleiar for EU-prosjektet om kritisk tenking i skulen.

- Første fase av prosjektet “Critical Literacy and Awareness in Education” var ferdig I 2019, men vi kvilar ikkje og går rett vidare i neste fase. Det fortel professor Alexandre Dessingué ved Universitetet i Stavanger.

Det nye prosjektet er framleis eit samarbeid mellom UiS, Jærskulen og Frankrike, og i tillegg er forskargrupper i Storbritannia og Spania kome med. Det betyr framhald, men også fornying.

- Det er veldig kjekt å få lov til å jobbe med eit slikt prosjekt over lengre tid, og at vi får høve til å utdjupe enkelte perspektiv som vi fann var viktige i første fase, seier Dessingué.

Totalt er det 30 lærarar involvert frå Spania, Frankrike og Noreg. Desse undervisar elevar i alderen 10-15 år. I tillegg forskarar frå UiS, University of Lancaster og universitetet i Valencia kopla på. Jærskulen er prosjektkoordinator. Prosjektet er tverrfagleg. Frå UiS er det med tilsette frå fleire institutt og ei rekke faggrupper, som engelsk, pedagogikk, norsk, samfunnsfag og historie.

- Prosjektet handlar først og fremst om finne gode praksisar og undervisningspraksis som fremmer kritisk refleksjon i undervisning, saman med lærarane, fortel Dessingué.

Kritisk tekstforståing og sjølvstendig refleksjon

Utgangspunktet for prosjektet har vore å undersøke korleis det står til med kritisk tekstforståing og sjølvstendig refleksjon hos elevane, ut frå ein tanke om at dette er svært viktig både for å lukkast i skulefaga og for å kunne vere aktive samfunnsborgarar og utvikle ein demokratisk og kritisk kompetanse.

- Vi veit at det er nokre komponentar som er viktige å ha med seg når vi vil utvikle kritisk tenking. Nokre av desse er enklare å utvikle enn andre. I denne nye fasen av prosjektet ønsker vi å gå i djupna på dei litt vanskelegare delane.

Korleis kan vi hjelpe elevane til å utvikle sine metakognitive evner? Det vil seie, korleis får vi dei til å tenke over korleis dei tenker? Dette er eit av spørsmåla professoren undrar seg over saman med prosjektgruppa.

- Det er ikkje naturleg for dei fleste av oss å tenke kritisk rundt våre eigne tankar. Det er vanskeleg, og det krev trening.

Med andre ord: skal vi få til kritisk tenking i skulen, må vi begynne tidleg.

- Nokre i forskargruppa ønsker difor også å jobbe med 2. og 3. klassingar, for å sjå på korleis lærarane kan jobbe med å få til god interaksjon i klasserommet allereie tidleg i utdanningsløpet. Då treng vi rutinar for å få elevane med på å forstå at det ligg ein systematikk i korleis vi snakkar saman. Det vi kallar god dialogisk praksis har ein eigenverdi, og ikkje berre ein pedagogisk verdi i form av at du får elevane med i aktiv deltaking, men også fordi det fremmar kritisk tenking og gir elevane høve til å utvikle kritisk refleksjon, seier Dessingué.

Det finst ikkje noko fasitsvar på kva som er kritisk tenking. Alle er einige om at det er viktig, men dei færraste kan gi eit klart og tydeleg svar på kva det er, og det finst ulike meiningar om kva som skal inngå i omgrepet.

- Difor er det viktig at vi jobbar slik vi gjer i dette prosjektet. Saman med lærarane som er ute i skulen på Jæren, i Frankrike og Spania dannar vi eit undersøkande fellesskap. Vi stiller spørsmål og prøver å finne svar og gode praksisar i fellesskap, gjennom å utvikle ei felles forståing og felles språk. Slik klarer vi å utvikle god forsking tett på både teori og praksis, avsluttar professor Alexandre Dessingué.

Foreslåtte artikler