Anne-Kari Remøy
Anne-Kari Remøy arbeider som høgskulelektor ved lærarutdanninga på Høgskulen i Volda med emna pedagogikk og spesialpedagogikk. Ho har tidlegare arbeidd som pedagogisk leiar i barnehage, miljøterapeut, kontaktlærar i grunnskulen og rådgjevar i pedagogisk psykologisk teneste.
Remøy er utdanna førskulelærar med vidareutdanning i spesialpedagogikk og migrasjonspedagogikk, og har hovudfag i Flerkulturell og utviklingssretta utdanning frå Høgskolen i Oslo. Ho arbeider parallelt med ein ph.d. med temaet Spesialundervisning og fleirspråklege elevar.