Vaksne bagatelliserer mobbing i barnehagen
Minst eit barn per barnehage opplever utestenging frå leik. Likevel tek kvar fjerde vaksen dette ikkje på alvor. Det syner ein rapport om mobbing i barnehagane i Noreg, utarbeidd av ei gruppe leia av forskar Ingrid Lund ved UiA.
Rapporten ”Hele barnet – hele løpet, mobbing i barnehagen” vart lagt frem i desember 2015. Den er eit resultat av tre år med forsking og samarbeid mellom Universitetet i Agder, Sørlandet sykehus, Kristiansand kommune, Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG). Arbetet er finansiert av Sørlandet sykehus og FUG.
I rapporten stadfestar både barna, foreldra og dei tilsette at mobbing skjer i barnehagen. Over halvparten av dei spurde barna kjende til omgrepet mobbing.
- Dette er svært urofullt, seier FUB-leiar Marie Skinstad-Jansen.
- Viss ikkje dei vaksne trur på det, vil dei heller ikkje kunne gripe inn.
Vil førebyggje mobbing i barnehagar
- Den overordna målsettinga ved forskingsprosjektet har vore å bidra med kunnskap for å førebyggje mobbing i barnehagen der barnas oppleving, dei tilsette sitt ansvar og foreldres involvering er kjernepunktar, fortel førsteamanuensis Ingrid Lund ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Agder.
Ho fortel og at det vert utarbeidd seks hovudproblemstillingar knyta til prosjektet på bakgrunn av dette.
- Vi ville sjå på korleis sjåast barnehaganes kompetanse i forhold til førebygging, handtering og oppfølging av mobbing i barnehagen av foreldre og tilsette i barnehagen sjåas t på. Vidare ville vi vite meir om korleis foreldre og tilsette i barnehagen vurderer samarbeidet mellom heim og barnehage i forhold til mobbing, seier ho.
- I tillegg var vi interesserte i kva for holdningar barnehagetilsette og foreldre har til mobbing, mobbeofferet og den som mobbar, korleis foreldre, tilsette og barn i barnehagen forstår omgrepet ‘mobbing’, og korleis femåringen opplever relasjonar, trivsel og samspel i leik i barnehagen. Til slutt ville vi og sjå på korleis samspel mellom barna i småbarnsavdelingane oppstår og oppretthaldast.
Tre delprosjekt
Alt i alt vert det oppretta tre delprosjekt med ulike metodiske innfallsvinklar: Det første av disse bestod av en spørjeundersøking til foreldre og tilsette. Det andre la vekt på både observasjonar, individuelle- og fokusgruppeintervjuar av barn. Og i det tredje vert aksjonsforsking kombinert med andre etnografiske tilnærmingar.
- Funna frå delprosjekta er så drøfta under følgjande overskrifter: Vennskapens og lekens tyding i arbeidet mot mobbing i barnehagen, dei vaksne sine haldningar til mobbing i barnehagen, og dei vaksne sine handlingar i møte med mobbing i barnehagen, fortel Lund.
Har laga ein ny definisjon på mobbing
Forskarane i prosjektet lanserer og ei ny definisjon på mobbing i barnehagen. Den lyder:
”Mobbing av barn i barnehagen er handlingar frå vaksne og/eller andre barn som krenkjer barnet si oppleving av å høyre til og være ein verdifull person for fellesskapet”.
- Det å ha ein ven, oppleve samvær i leiken og å kunne gle seg til å kome i barnehagen, er avgjerande for barna si utvikling, seier Ingrid Lund. Ho deler FUB-leiaren si uro.
- Vår definisjon er ikkje meint å utkonkurrere den gamle, men vi har fjernet tidsfaktoren og droppet omgrepet ”over tid”, seier Lund. Vidare er små barns oppleving av å høyre til i eit fellesskap framheva som verdifullt.
Vil utvikle ein modell for dialog
No håpar Lund at ein kan fortsette forskinga på mobbing i barnehagen med nye midlar.
- Då er det særskilt vidareutvikling av kartlegging av mobbing i barnehagen og utviklinga av ein modell for dialog mellom foreldre og tilsette som står sentralt, seier ho.