Utdanningsnivået til personalet i barnehagen har mykje å seie for korleis barnehagekvardagen blir. Nok pedagogar er svært viktig for å få gjennomført og planlagt alt det usynlege arbeide i barnehagen, seier Liv Ingrid Aske Håberg.

Flat struktur eller hierarki i barnehagen?

Håberg kjem i si doktoravhandling fram til at hierarkiet i barnehagen ikkje er så flatt som det kan sjå ut når foreldra kjem for å hente ungane ein tysdag ettermiddag. Barnehagen blir ofte framstilt som ein organisasjon med flat struktur der barnehagelærarar og assistentar i stor grad utfører same type arbeidsoppgåver.

Håberg disputerte ved Institutt for pedagogikk på Universitetet i Oslo i juni 2015 og avhandlinga er no omarbeidt og utgitt som boka «Kvardagslivets didaktikk i barnehagen». Ho fortel at som utanforståande kan ein kome inn i barnehagen, sjå personale i arbeid med praktiske oppgåver og med barna, og ikkje vite om det er ein barnehagelærar eller ein assistent som blir observert.

No viser doktorgradsarbeidet til Liv Ingrid Aske Håberg at det kan vere større grad av ulikskap mellom barnehagelærarar og assistentar enn ein tidlegare har gått ut frå.

– Observasjon av det ytre, synlege arbeidet som personalet utfører kan gi inntrykk av at barnehagen som organisasjon er antihierarkisk og egalitær i tydinga at den er prega av likskap og jamstelling.

Samlingsstund og femårsklubb

Håberg har undersøkt korleis barnehagelærarar og assistentar planlegg, gjennomfører og vurderer to typar vaksenleia aktivitetar; samlingsstund og femårsklubb.

Liv Ingrid Aske Håberg

Håberg har intervjua og observert fem assistentar og tre barnehagelærarar som arbeider i to ulike barnehagar.

Barnehagen er på linje med skulen ein pedagogisk institusjon med ansvar for barns utvikling og læring. Pedagogisk arbeid er prega av å vere ein tredelt prosess i form av planlegging, gjennomføring og vurdering.

Planlegging er usynleg arbeid

– Planlegging er ei form for usynleg arbeid som må gjerast før ein aktivitet tek til, seier Håberg og viser at her finn ein stor grad av ulikskap mellom yrkesgruppene.

Også når det gjeld å planlegge innhaldet i barnehagen finn Håberg stor grad av ulikskap mellom assistentar og barnehagelærarar. 

Årsplan og periodeplanar med temaarbeid blir av barnehagelærarane delt opp til konkret innhald som barna skal møte dag for dag. Til dømes legg ein av barnehagelærarane kvar veke fram bøker som skal lesast for barna, og songkort med songar som det skal øvast på i denne perioden.

Ein av assistentane i studien fortel at ho liker dette systemet fordi:

«Barnehagelæraren lagar vekeplanen og legg opp opplegget og finn bøkene og sånn… Så det er jo veldig greitt og enkelt, ein får liksom det ferdige opplegget».

Barnehagelærarane har overblikket

Håberg finn at assistentane har ansvar for å førebu seg til eit dagsaktuelt innhald som er planlagt av barnehagelærarar, medan barnehagelærarar har ansvar for både organisatorisk planlegging og langvarig og dagsaktuell planlegging. Det betyr at barnehagelærarane har oppgåver som assistentane aldri har.

– Barnehagelærarane har det store overblikket og skaper rammer for verksemda, medan assistentar i større grad gjer det dei blir sette til, seier Håberg.

Håberg peikar på at planleggingsarbeid  generelt er lite undersøkt i barnehageforsking sjølv om barnehagen som organisasjon er heilt avhengig av dette usynlege arbeidet.

Sjølve gjennomføringa

I det pedagogiske arbeidet er gjennomføringsfasen det observerbare arbeidet i barnehagen der barn og personale er saman om leik, rutinesituasjonar og vaksenleia aktivitetar gjennom heile barnehagedagen. Her finn Håberg på linje med andre undersøkingar stor grad av likskap mellom assistentar og barnehagelærarar.

– Innhaldet er likeeins uavhengig av om det var assistent eller barnehagelærar som gjennomførte samlingsstund og femårsklubb.

Vurdering i barnehagen

Vurdering er også ein del av det usynlege didaktiske arbeidet som må gjerast for at barnehagen skal fungere som pedagogisk organisasjon. Vurderingsarbeidet kan utførast på ulike måtar og studien til Håberg har undersøkt refleksjon som vurderingsform.

Håberg finn tydeleg ulikskap mellom assistentar og barnehagelærarar sine refleksjonsnivå.

– Assistentane fortel at dei i stor grad er opptatt av si eiga gjennomføring og om barna satt stille og høyrde etter under aktiviteten. Assistentane er også opptekne av om barna liker dei som personer og dei ønsker å bli hugsa som positive personar frå barnehagetida. Som døme seier to av assistentane at dei håper at barna ikkje hugsar dei som «ho kjeftesmella» eller som «…ho strenge, sure, ho med alle desse reglane».

Assistentar formidlar eit personleg perspektiv

Barnehagelærarane er derimot i liten grad opptekne av at dei sjølve skulle bli likte som personar, men heller kva barnehagen kunne gi barna av opplevingar, støtte og omsorg. Håberg finn såleis systemiske element hos barnehagelærarane medan assistentar i større grad formidlar eit personleg perspektiv.

– Ei mogleg forklaring på dette kan vere at rolla som pedagogiske leiar føreset oversikt over det totale barnehagetilbodet til barna slik at det blir lagt til rette for å utvikle institusjonelle, systemiske perspektiv. Refleksjonsnivå kan og ha med utdanninga dei pedagogiske leiarane har teke, seier Håberg.

Håberg sin studie viser at barnehagelærarane nyttar refleksjon i sitt vurderingsarbeid i barnehagen.

– Dette er ein type arbeid som er usynleg, men som har store konsekvensar for barns trivsel, læring og utvikling i barnehagen.

Taus kunnskap?

Håberg hevdar det er mogleg at det omfattande usynlege arbeidet som barnehagelærarane gjennomfører gjennom planlegging og vurdering kan utgjere ei form for taus kunnskap på barnehagefeltet.

– Ved at barnehageforsking i liten grad har vore konsentrert om assistentane sitt arbeid og samanlikning mellom yrkesgruppene, har det unike ved barnehagelærarane sitt didaktiske arbeid i liten grad kome fram.

Håberg saknar studiar med andre typar tematikk som kan følgje opp tendensar om ulikskap i arbeidsoppgåver mellom assistentar og barnehagelærarar.

– Eg finn fleire studiar som tek for seg tematikken når det gjeld barn med særskilte behov. For eksempel viser funn frå MAFAL-prosjektet at barnehagelærarar i større grad enn assistentar er involverte i spesialpedagogiske tiltak, i foreldresamtalar og i å ta opp vanskelege og kjenslevare tema med foreldre. Vi treng meir forsking som går direkte på ulikskap i arbeidsoppgåver mellom barnehagepersonell, avsluttar Håberg.

Tekst; kommunikasjonsrådgiver Aina Rødal ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Litteraturhenvisninger