Ikkje berre kos i barnehagen
Ny forsking syner at det er i barnehagen det starter. Mobbinga. Det er dei vaksne som sviktar.
Artikkelen er opprinnelig publisert i forskningsmagasinet Teft.
- Eg er usikker på om eg er optimist eller pessimist på vegne av framtida. Situasjonen i barnehagen viste seg å vere verre enn eg trudde, seier Ingrid Lund, førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Agder.
- Men eg er glad for at vi får denne forskinga på bordet, og at barnehagane vi har forska på har vilje og kompetanse til å endre seg, seier ho.
Forskinga Ingrid Lund syner til er summert opp i rapporten ”Hele barnet, hele løpet; Mobbing i barnehagen”, som nyleg vert levert til oppdragsgjevar, Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG).
I tre år har Lund, saman med Anne Helgeland frå Sørlandet sykehus og tre andre kollegaer, arbeidd for å dokumentere stoda i barnehagar i Noreg knytta til mobbing. Prosjektet har kosta tre millionar kroner og har vore eit samarbeid mellom fleire aktørar: UiA, Sørlandet sykehus, Kristiansand kommune. FUB og FUG har finansiert prosjektet, i tillegg har sjukehuset, ved Avdeling for barn og unges psykiske helse, sett av ei 40 prosents forskarstilling til prosjektet.
Mobbing er eit problem
Rapporten syner at mobbing er eit problem i barnehagen og at dei barnehagetilsette ikkje gjer nok for å hjelpe dei utsette barna.
Funna skuffar både Ingrid Lund og Anne Helgeland frå Sørlandet sykehus, som har hatt ansvar for observasjon av barnehagar og intervju med barn.
- Dette er alvorlig, ikkje minst fordi vi veit at mange elevar og ungdom som vert mobba i skulen, sjølv fortel at det var i barnehagen det begynte, seier Lund.
Eg er glad for at vi får denne forskinga på bordet, og at barnehagane vi har forska på har vilje og kompetanse til å endre seg.
- Elevane har heilt klare oppfatningar av at mobbinga starta i barnehagen. Dei hugsar kven det var som mobba, knytt til både tilsette og barn, og dei hugsar heilt konkret kva tid og kor mobbinga skjedde. Det syner forskingsprosjektet Det er ingen som bryr seg alikevel, som vi og Sørlandet sykehus utførte i 2011-2013. Funna frå dette prosjektet dannar bakgrunnen for at vi nå har sett nærare på kva som skjer i barnehagar, seier Lund.
Og det dei ser er ikkje alltid godt. Lund fortel at avdi dei visste kva eldre born og ungdom fortel om mobbing i barnehagen, såg dei med ein gong at dette faktisk var eit problem.
– Barnehagetilsette har kompetanse på barn og dei har visst om dei utsette barna, men har ikkje klart å setje i gong gode nok tiltak for å hjelpe, seier Helgeland.
Likevel vel altså forskarane å sjå positivt på barnehagar som viser vilje til endring.
– Funna våre er oppsiktsvekkande. Når barn i alle dei fire barnehagane vert oversett, er det grunn til å tru at det kan vere slik i fleire barnehagar. Men som nemnt: Vi er glade for at vi får denne forskinga på bordet og at barnehagane vi har forska på har vilje og kompetanse til å endre seg, seier dei.
- Det var ungdom som vert mobba på ungdomsskulen og på vidaregåande skule som fortalte at mobbinga starta i barnehagen, og som fekk oss til å sjå nærare på temaet. Og da vi først så, så vi at det var hald i det, seier Ingrid Lund.
Dei vaksne har svikta
Mobbing i barnehagen tyder óg at dei vaksne har svikta, seier Lund.
Ho avviser kategorisk at barn er slemme, aggressive eller vonde. Ho nyttar aldri kategoriserande merkelappar som aggressiv eller innettervendt om ungar. Då snakkar ho heller om at barn kan opptre aggressivt eller innettervendt.
– Alle barn er i utgangspunktet samarbeidsvillige og kompetente. Ingen barn er vonde. Men når livet vert vanskeleg, kan kjenslene ta litt ville vegar og oppførselen vert deretter. Dei vaksne har ansvar for å hjelpe barnet til å finne ut av kjenslene og støtte og rettleie det inn i samspel med andre barn. Dei vaksne skal leggje til rette for at alle barn kan vere ein viktig person i barnehagen, og syte for at alle vert med i leiken, seier Lund.
Ho syner til at nokon av oss er genetisk disponert for høgt temperament og andre eigenskapar.
– Men vi veit no at ytre påverknad kan regulere våre genetiske disposisjonar. Genane våre er plastiske og påverkelege, og nokon av oss treng ekstra hjelp til å regulere temperamentet og til dømes lære å leike, seier ho.
Mobba barn manglar leikekompetanse og språkferdigheter
Den nye forskinga syner óg at barn som vert utestengt frå leik manglar leike-kompetanse og språk- og kommunikasjonsferdigheiter. Dei vert i tillegg ofte oversett og negativt definert av dei tilsette i barnehagen. 7,5 prosent av dei tilsette meinte at barnet sjølv hadde noko av skulda for at det vart mobba. Eit anna funn syner at kvar fjerde vaksne bagatelliserer mobbing i barnehagen.
67 prosent av dei tilsette i barnehagen og 49 prosent av foreldra seier det finst mobbing i barnehagen. 34 prosent av foreldra har opplevd at eigne barn har vore involvert i episodar med mobbing.
Vaksne overser barna
Ingrid Lund er mest overraska over at det var eitt til to barn som vart oversett av dei vaksne i kvar einaste av dei fire barnehagane forskarane observerte.
– Vi såg med ein gong at det var barn som vart oversett av dei vaksne, og desse barna vart også negativt vurdert av dei vaksne. Dei vart gjerne sett på som vanskelege eller spesielle barn. Men slike barn har jo særleg bruk for vaksne som ser dei og hjelper dei inn i leiken med dei andre. Desse barna opptrer gjerne med å vere stille og innettervendte, eller dei reagerer med aggresjon. Og når dei reagerer med aggresjon, har ikkje dei barnehagetilsette fått med seg at barna lenge har vore halden utanfor leiken, seier Lund.
Ho understrekar gong på gong at det aldri må vere nokon tvil om at det er dei vaksne som sviktar når barn vert mobba i barnehagen.
– Ansvaret for at alle barn føler dei er viktige, vert sett og får vere med i leik og samhandling, ligg hos dei vaksne, seier Lund, og syner til ein ny definisjon av mobbing som forskargruppa har kome med:
Mobbing av barn i barnehagen er handlingar frå vaksne og/eller andre barn som krenker barnets oppleving av å høyre til og vere ein viktig person for fellesskapet.
5-åringar veit godt kva mobbing er
Forskingsprosjektet har vore tredelt. Forskarane har intervjua foreldre og barnehagetilsette, gjennomført observasjonar i barnehagen og intervjua 35 barn.
Femåringane viser god innsikt i kva mobbing er. Dei uttrykker at leik og vennskap er nøkkelen til eit godt liv. Ungar heilt ned i fire-femårsalderen veit godt forskjellen på å vere ein del av gjengen og stå utanfor. Dei veit at mobbing er å erte på ein slem måte, og det verste for barna er å bli halden utanfor leiken og ikkje få venner.
Rapporten nemner fleire episodar der barn vert lukka ute frå leik. Den utsette får skarpe blikk og bryske nei frå dei andre barna når vedkomande prøver å bli med i leiken. Barnet prøver gjerne fleire gonger, men blir avvist gong etter gong. Og den som vert stengt ute, reagerer anten ved å bli innettervendt og gå omkring for seg sjølv, eller med aggressive motreaksjonar som å kaste sand på andre. Dei tilsette i barnehagen stemplar sistnemnde type barn med negative karakteristikkar som at dei er frampå og ofte lagar bråk.
– Er ikkje barnehagetilsette godt nok utdanna?
Barnehagen må ha rutinar for evaluere arbeidsmåtane sine. Dei må ta temperaturen på eige arbeid og eigen arbeidsplass, og ikkje minst jamt spørje seg om alle barn i barnehagen har det godt, deltek i leik og samvær med andre og er ein viktig person.
– Eg vil ikkje stemple ei heil yrkesgruppe, men det er klart at både utdanninga og dei barnehagetilsette kan bli betre. Vi som utdannar barnehagelærarar, må ikkje minst bli flinkare til å rettleie studentar over til andre fag og utdanningsløp dersom vi oppdagar at dei ikkje eignar seg for å arbeide i barnehage, seier Lund.
Ho skil mellom profesjonelle og uprofesjonelle barnehagar på dette viset: Dei proffe lyttar på kritikk, vurderer eigne rutinar på nytt og er medvitne om at dei vaksne i barnehagen må gå inn og styre leik og samvær i barnehagen. Dei uprofesjonelle tek ikkje imot kritikk, dei svarer gjerne at dei aldri har fått slike klagar før.
– Når du ikkje lyttar på foreldre som seier at barna vert mobba, eller du ikkje vedgår at det kan vere feil med eigne rutinar, er du ikkje sjølvkritisk nok. Haldninga ”dei er jo berre barn” må vike. I staden må ein sjå barnet som eit kompetent menneske som allereie i to-tre-årsalderen byrjar å lære strategiar for å etablere vennskap. Og den lærdommen må dei vaksne hjelpe barna å utvikle, seier Lund.
I følgje Lund er det grunnleggjande at du liker barn, kan samarbeide med alle typar menneske og har eit sjølvkritisk syn på eige arbeid dersom du skal arbeide i barnehage.
– Mobbing er eit komplekst fenomen og det trengst massiv innsats innan utdanning av barnehagepersonell, dialogmøte mellom foreldre og barnehage og ikkje minst politisk engasjement og midlar til å heve både standarden og vørdnaden til barnehagepersonellet, seier ho.
Får verknader heilt opp i vidaregåande skule
Idéen til forskingsprosjektet fekk Lund då ho studerte ungdommar som droppa ut av vidaregåande skolar, såkalla "drop outs". Dei fortalde at problema starta i barnehagen. Dei vart mobba både av vaksne og andre barn i barnehagen, og dei mobba sjølv.
– Det viser seg at nokon barn vert lettare avvist eller oversett av vaksne, og desse barna er gjerne såkalla stille barn som gjer lite av seg. Dei gret ikkje og krev gjerne ikkje merksemd, seier Lund.
Dei som får merksemd, er dei høgrøysta og utettervendte. Dei stille barna manglar ofte kompetanse på leik, rett og slett fordi dei ikkje har fått øvd seg i leik og samspel.
– Det viktigaste dei vaksne kan gjere for barna, anten dei er foreldre eller barnehagetilsette, er å lære dei å leike. Mangel på venner og utestenging frå leik er mobbing. Derfor er det viktig å få alle med i leiken og hjelpe dei som har tungt for å leike til å delta på linje med dei andre, seier Lund.
Det har vore forska lite på mobbing i barnehagen tidlegare, men forskinga skaut fart utover 2000-åra, særleg avdi fleire psykologar peikte på at barns psykiske helse påverkar den psykiske helsa dei får som vaksne.
– Tidleg innsats er avgjerande, og som samfunn har vi nok hatt ein tendens til å oversjå dei minste barna. Den viktigaste nye kunnskapen er at det er avgjerande at dei vaksne i barnehagen er nærverande og merksame på barna, og det gjeld både for den administrative leiinga i barnehagen og dei barnehagetilsette som leier barna, seier Lund.
Ho meiner det er avgjerande at dei tilsette har ei tydeleg rolle og at barnehagen har ein klar struktur.
– Det viktigaste er at dei vaksne i barnehagen er medvitne om at dei faktisk må gå inn og styre leiken og samhandlinga mellom barna. Det er ikkje nok å stå i eit hjørne og hyle til barna at dei skal oppføre seg. Du må gå fysisk fram til dei og hjelpe dei som fell utanfor til å bli ein del av fellesskapet, seier Lund.
Barn mobbar fordi dei ikkje veit betre
– Men kvifor mobbar barn?
– Barn og unge skal finne si rolle og sin posisjon i tilværet. Dei skal finne sin plass i verda, og i den utviklingsprosessen oppstår mobbinga. Små barn må ha hjelp til å bli seg sjølv. Dei må lære å vente på tur, ikkje vere hardhendte, ikkje snakke stygt til andre. Og dei vaksne er rollemodellar. Krangel og usemje høyrer livet til, men utestenging er mobbing. Då må dei vaksne gripe inn, seier Lund.
Ho minner om at foreldre, så vel som dei vaksne i barnehagen, er rollemodellar for barna, og oppfordrar foreldre og barnehagetilsette til å vere tydelege vaksne som arbeider for at alle barn skal vere viktige.
- Barnehagen må ha rutinar for å evaluere arbeidsmåtane sine. Dei må ta temperaturen på eige arbeid og eigen arbeidsplass, og ikkje minst jamt spørje seg om alle barn i barnehagen har det godt, deltek i leik og samvær med andre og er ein viktig person, seier Lund.
Ho peiker vidare på at det er viktig å opprette eit godt samarbeid mellom barnehagen og foreldra, mellom anna ved å halde eitt til to dialogmøter i året. Lund understrekar at dialogmøte er noko anna og meir enn eit vanleg informasjonsmøte.
– I eit dialogmøte kjem også foreldra til orde og dei vaksne kan gå aktivt inn i samtalen om på kva måte ein skal gjere alle barn viktige, seier Lund.
Viktig kunnskap
Marianne Godtfredsen er fagrådgjevar for barnehagesektoren i Kristiansand kommune og har vore prosjektleiar for mobbeforskinga. Ho meiner forskarane har gitt ny og viktig kunnskap om mobbing i barnehagen.
– Det er viktig at foreldre og tilsette i barnehagane vert merksame på utfordringane omkring mobbing. Vi må ta barna meir på alvor og følgje med på leik og vennskap, sjå etter at alle vert involvert og at ingen vert utelaten når ein inviterer ungar til bursdagsbesøk og andre ting, seier ho.
Livet står ikkje på vent når ungane er i barnehagen. Livet er i full gong for dei. Det viktigaste grunnlaget for framtida vert lagt allereie i barnehagetida. Då startar barnet på utviklinga mot å bli eit sjølvstendig og godt menneske.
– For å bli kvitt mobbinga i barnehagen må vi ansvarlegjere foreldre og barnehagetilsette. Dei må vere i god dialog, for barn er ikkje fødd med sosiale ferdigheter, det er noko dei må lære, seier Godtfredsen.
Tekst: Atle Christiansen